- Ein sprek 50-åring

I 1969 starta Jarle og Marit Tveit opp Tveit Regnskap heime i stova i Skjold. 50 år seinare har Tveit Regnskap 215 tilsette fordelt på 19 avdelingskontor. 

Feiring av ein sprek 50-åring ved hovudkontoret i Skjold. Foto: Kristian Risanger.


I går feira Tveit Regnskap 50 år. Dei inviterte blant anna kundar og kjende til å komma på kaffi og kaka på avdelingskontoret i Skjold. Jarle Tveit var mannen som for 50 år sidan la fundamentet for rekneskap- og økonomihuset, Tveit Regnskap AS.

- Det er ein sprek 50-åring me har med å gjera, fortel grunnleggaren av Tveit Regnskap, Jarle Tveit.

Skulle bli bonde

I utgangspunktet hadde Jarle Tveit tenkt å bli bonde. Planen var at han skulle overta garden til faren i Skjold. For å vere meir forberedt på rekneskapen som dette ville tilføra valde han å utdanna seg innan rekneskap og økonomi. Då han var ferdig i 1968 fekk han seg jobb i Etne Regnskapslag. Like etter kom oppstarten kom Meirverdiavgiften til Noreg.

Meirverdiavgiften førte til at bøndene og mykje av næringslivet i Vindafjord hadde behov for rådgiving innanfor rekneskap. Landbrukssjefen i Vindafjord kommune tok då initiativ til å få danna eit rekneskapslag i Vindafjord og tok kontakt med Jarle Tveit som deretter starta si eiga verksemd.

- I 1969 fekk me overta ein gard i Skjold. Der var det to stover. Den eine blei brukt vanleg, medan den andre vart kontor, så det var ein veldig kort veg til jobb, fortel Jarle.

No er det 50 år sidan Jarle Tveit starta opp Tveit Regnskap. Foto: Kristian Risanger.

I årskifte 1970-1971 gifta Jarle Tveit seg med kona Marit. Ho var med i driften av Tveit Regnskap heilt i frå start av. 

- Ho var ein fantastisk støttespelar og ein god kompetansepartner for meg. Ho var mykje med i tilsetjingane og hadde mykje med personale og det administrative å gjere. Det var blant anna ho som anbefalte at me skulle tilsette Jarle Haugen, som i dag er dagleg leiar i Tveit Regnskap, seier Jarle.

Ei familiebedrift

I 2001 gav Jarle stafettpinnen vidare til sonen Jone. Då var Tveit Regnskap 35 tilsette.

- Det var veldig kjekt at han overtok etter oss og han har gjort ein fantastisk jobb. Han var veldig spenstig og eg har aldri sett så bredt på det som han gjorde. Det har vært ein fin vekst på bedrifta frå 2001 når det var 35 tilsette til i dag når me er 215 tilsette, fortel Jarle før han legg til med eit smil:

- Men det var jo eit fint grunnlag allereie også då.

Jone Tveit var også med på feiringa. Foto: Kristian Risanger

Jone Tveit var dagleg leiar frå 2001 fram til oktober 2019. Då gjekk han inn i ei litt anna rolla der han skal konsentrera seg om det å jobba med større prosjekt, i tillegg til å vere styreleiar. Jarle Haugen tok over etter han som dagleg leiar.

Jone sjølv hadde ikkje sett for seg den store veksten som er komme etter at han tok over etter faren.

- Eg var berre 27 år då eg tok over som dagleg leiar og sidan har det vore ei rivande utvikling, men det er jo ikkje berre meg åleine. Det er mange flinke folk som har jobba og som jobbar her, og som hjelper til med alt. Eg er takknemleg for det, fortel Jone Tveit.

- Korleis blir dei neste 50 åra?

- Me håpar det går like bra. Me skal gripa dei moglegheitane me får og berre gi gass vidare, avslutt Jone.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips