Tveit Rekneskap skiftar dagleg leiar

Etter 19 år som dagleg leiar trekker Jone Tveit seg tilbake frå rolla. Nestkommanderande i Tveit Rekneskap, Jarle Haugen, tek over etter han.


Den nye daglege leiaren i Tveit Regnskap, Jarle Haugen. Foto: Tveit Regnskap


Jone Tveit går inn i ei ny rolla. Foto: Tveit Regnskap


- Det er ein prosess som har gått over tid. Jarle er eit solid og trygt val. Han har vore i bedrifta i 24 år, og har jobba i mange forskjellige roller, så ein meir passande mann finn me ikkje. Han forstår drifta veldig godt, fortel Jone Tveit.

Sjølv går Jone Tveit inn i ei rolla der han skal jobba med større prosjekt.

- Når ein driv så stort som me gjer går mykje av tida til drift av det daglege, no får eg meir tid til å holda på med andre ting. Me riggar for ei ny tid og det gler me oss til.

Jarle Haugen starta  i sin nye rolle 1. oktober og har sist jobba som leder av IT/utvikling i Tveit Regnskap.

- Eg glede meg til å ta fatt på detta. Eg har jobba her lenge og kjenner kulturen godt. Eg har jobba mykje med kundar, som alltid er veldig gøy og eg brenn for næringslivet lokalt, fortel den nye daglege leiaren.

Hovudkontoret til Tveit Regnskap ligg i Skjold og dei har avdelingskontor på lokasjonane Fitjar, Stord, Haugesund, Karmøy, Frakkagjerd, Ølen, Etne, Rosendal, Husnes, Bømlo, Sauda, Sand, Odda, Bergen, Stavanger og på Fusa. Dei er i dag 186 ansatte.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips