Presenterte Vindafjord for næringslivseliten

Konsernsjef i Westcon, Arne Birkeland fekk opplyst Rogalandspolitikarar og næringslivstoppar om grundermentalitet og innovasjonsånd i Vindafjord på Sola-møtet 2015.

Av Kari Aakra

- Eg vil leva i Vindafjord, eg vil jobba i Vindafjord, og difor skaper eg noko i Vindafjord. Slik har gründerane av Hatteland, Omega, Westcon, Ølen Betong og Fatland tenkt, og dermed skapt enorme verdiar, opna Birkeland med.

Det årlege Sola-møtet gjekk av stabelen 12.januar i regi av NHO Rogaland, og Birkeland var i celebert selskap på føredragslista, blant mellom anna kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen, administrerande direktør i NHO Kristin Skogen Lund, og konserndirektør i Statoil ASA Arne Sigve Nylund.

BIrkeland nytta høve til å presentera næringslivet i Vindafjord og verksemda i Westcon.

Innovasjon, utvikling og gründerverksemd er ikkje berre finansielt drive. Det er Vindafjord eit gidt døme på, påpeika han.

- Superenkel forsking viser at verksemder blir skapt av enkeltmenneske, ofte i samband med at ein ønskjer å skapa noko der ein er. Eg veit ikkje om det ligg noko i drikkevatnet, i lufta, eller om det er innavl, men i Vindafjord har folk sett moglegheitene og vald å skapa ei framtid der dei bur, understreka Birkeland, før han gjekk vidare på tema for årets Sola-møte: «Ombygging Rogaland».

Med den lokale grunderhistoria friskt i minne, gav Birkeland eit lite stikk til storbyane på vegne av det lokale næringslivet på landsbygda. Vegen går ikkje berre til Stavanger, minna han om.

- Vegen går faktisk frå Stavanger og til Vindafjord også.Vegar og samband skaper enorme moglegheiter og kommunikasjon er ein nøkkel til utvikling, om ein bur i by eller på landet.

Her kan du sjå heile føredraget hans frå Sola-møtet. Spol fram til 35 minutt.


Flere saker fra Westcon

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden