Yrkesfag framleis størst i Ølen

7235 elevar har søkt vidaregåande utdanning i Rogaland. 356 av dei har Ølen vidaregåande skule som førsteval. I tillegg kjem ein klasse for minoritetspråklege med 10-15 elevar.


Rektor Ruth Sæle er godt nøgd med søkjartalet, og ho fekk rett i sitt anslag på 350 elevar. 

- Dette skuleåret har vi 280 elevar, og Etne vgs har kring 80. 70 av dei 80 elevplassane blir overført til oss frå hausten. Då var det naturleg å rekna med rundt 350 dersom like mange søkte som i fjor. Dei aller fleste primærsøkjarane blir elevar her til hausten. Det vil og komma fleire som ikkje har fått førstevalet sitt andre stader. 356 blir derfor ganske sikkert ikkje det endelege elevtalet for kommande skuleår, seier Sæle. 

Mange søker til helsefag 

I fjor auka søkinga til Vg1 helse- og oppvekstfag med heile 37 prosent i Rogaland. Trenden held fram i år med over 1000 søkjarar. Idrettsfag, naturbruk og musikk, dans og drama har også fleire søkjarar enn i fjor. 

- Vi ser same trend hos oss. Av yrkesfaga er det flest søkjarar til helse og oppvekst, og vi har 27 primærsøkjarar til Vg1. idrettsfag. I Etne har det vore litt opp og ned i søkjartal, og der er det 16 på Vg1 no. Desse har alle søkt seg til Vg2 i Ølen. Til Vg1 idrett frå hausten er det 20 primærsøkjarar. Den største endringa er likevel at heile 17 av desse er frå Vindafjord. Idrettsfag og studiespesisalisering er eit studieførebuande programområde, og totalt er søkjartalet her 55 elevar, seier Sæle. 

Etne-elevar til Ølen 

Hausten 2017 har Ølen vgs utdanningsprogramma elektro, bygg, teknikk og industriell produksjon (TIP), helse og oppvekst, idrett og studiespesialiering i tillegg til påbygg og tilrettelagte grupper. På Vg2 går elevane i helse og oppvekst vidare på enten barne- og ungdomsarbeidar eller helsearbeidar. Frå TIP kan ein velje mellom Vg2 industriteknologi, arbeidsmaskiner og køyretøy. Dei to siste faga er linjer Ølen vgs tek over for Etne vgs frå hausten. 

Det er flest søkjarar til yrkesfag på Ølen vgs. I Rogaland er det for første gong 50/50 mellom yrkesfag og studieførebuande fag. Foto: Kari Aakra

- Det er godt samarbeid mellom Hordaland og Rogaland for å gjera overtakinga best mogeleg på alle område. Vi har hatt kring 60 elevar frå Etne dei fem siste åra, så dei fleste praktiske utfordringane har vi erfaring med frå før, seier Sæle. 

Å samla dei vidaregåande elevane i Ølen, gjev og fleire fulle klassar i staden for halve klassar. Mellom anna for TIP og helsefag. 

Likt for første gong 

Yrkesfagdelen har over tid gått ned i Rogaland. I år er for første gong søknaden til studieførebuande utfanningsprogram og yrkesfag like stor. 3617 har søkt studieførebuande og 3618 har søkt yrkesfagleg. 

- Vi ser litt nedgang i Ølen også, men har framleis fleire søkjarar til yrkesfag enn studiespesialisering. På landsbasis er nedgangen i yrkesfag større en i Rogaland, seier Sæle. 

For Rogaland totalt går elektrofag mest ned samanlikna med i fjor, og er på nivå med tala frå 2011. Teknikk og industriell produksjon (TIP) har framleis flest søkjarar etter helse- og oppvekstfag, men har nesten 50 prosent færre søkjarar enn for fire år sidan. Medier og kommunikasjon er det einaste studieførbuande utdanningsprogrammet som er blitt mindre populært med rundt 25 prosent færre søkjarar enn i fjor.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden