Ynskjer fleire studentar i distrikta


– Kva meiner du er det viktigaste for å vidareutvikla næringslivet i Vindafjord og Etne?

Stortingsvalet 2021: Ingrid Fiskaa (SV)

  • I september er det nytt stortingsval! Me har spurt topp-kandidatar kva dei meiner er dei viktigaste sakene for regionen i denne valkampen.
  • I dag: Ingrid Fiskaa (SV)
  • Aktuell: 1. kandidat til Stortinget for SV i Rogaland
  • Alder: 44 år
  • Kjem frå: Bryne
  • Dei viktigaste sakene for partiet: Miljø, desentralisering av makt og ressursar, utjamning av forskjellar, demokratisk styring av samfunnet.


– Me treng eit variert og klimanøytralt næringsliv i heile landet, bygd på lokale naturressursar og med fast tilsette fagfolk. Næringsutviklinga framover må ha dette som mål. Her har SV ein plan for omstilling og statleg innsats. Vindafjord har allereie mange bedrifter som har vist evne til nyskaping, og det er godt grunnlag for vidare steg. Men det må leggast til rette og vera mogleg å ta ei omstilling. SV vil ha ein aktiv næringspolitikk med statlege investeringar, tilskot og strenge miljøkrav. Landbrukspolitikken må leggast om slik at me får fleire bønder, ikkje færre. Inntekta til bøndene må opp, og det må vera mogleg å driva også små og mellomstore gardar.

Støtteordning til gründerar

– Kva meiner du skal til for å gjera det meir attraktivt å bli gründer i Vindafjord og Etne?

– SV vil ha rask og ubyråkratisk næringsstøtte til gründerar, me vil ha nye støtteordningar for gründerar i distrikta, og me vil forenkla rapportering for private verksemder. Me vil desentralisera Innovasjon Norge for at dei skal vera tettare på lokalt næringsliv. Frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande må sikrast dagpengar og betre moglegheit til pensjonssparing. SV vil og ha betre samarbeid mellom bedrifter, kommune, næringshage og Innovasjon Norge. Kommunen må mellom anna legga til rette for næringsområde. 

– Vil de jobba for fullfinansiering av ny E134 gjennom Vindafjord og Etne?

– Ja. SV har prioritert E134 på strekninga Bakka–Solheim i Nasjonal transportplan. Ny E134 gjennom Vindafjord og Etne er viktig både for næringslivet og innbyggarane. Nedtrapping i oljesektoren

– Bør det setjast ein sluttdato for olje- og gassleiting?

– SV går ikkje inn for ein sluttdato for olje- og gassverksemda. Det vil vera aktivitet på dei felta som er opna og i drift i mange år framover. Derimot seier me nei til å gi nye løyve til leiting etter olje og gass. Nye felt ligg langt frå eksisterande infrastruktur, er ofte særleg sårbare område og vil vera dyre i drift. Rogaland er dessutan for oljeavhengig i dag, og treng fleire bein å stå på. SV vil derfor ha ei gradvis og planmessig nedtrapping av olje- og gassverksemda, samtidig som me bygger opp grøn industri. Denne omstillinga kan ikkje overlatast til marknadskreftene, men krev demokratisk, politisk styring.

Sikre gode arbeidsvilkår

– Korleis vil de sikra betre rekruttering av fagfolk til distrikta?

– Me treng betre rekruttering av ulike typar fagfolk i heile landet. I dag er Noreg for avhengig av utanlandsk arbeidskraft i ein del yrke. For at ungdom skal ønska å ta fagbrev må det ryddast opp i arbeidslivet og folk må sikrast gode lønns- og arbeidsvilkår. Faste tilsettingar må erstatta lausarbeid og bemanningsbyrå. SV vil også at fagfolka i velferdsstaten, som i skule og helse, skal ha ein arbeidsdag å leva med og ei skikkeleg lønn. I dag forsvinn kvalifiserte fagfolk ut av yrket mellom anna fordi ein er for få folk på jobb og arbeidsdagen er for slitsam. SV vil dessutan ha meir desentralisert høgare utdanning. Dei som tar utdanning i distrikta blir verande der etterpå.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden