Webinar: Omstillingsmidlar og tilskotsordningar i Rogaland


Webinar: Omstillingsmidlar og tilskotsordningar i Rogaland

Rogaland fylkeskommune har fått 26,8 millioner kroner som ny «korona-krisepakke» fra Regjeringa. Pengane skal gå til bedrifter i Rogaland med omstillingsbehov. Samstundes har fylkeskommunen også ei rekkje andre støtte- og tilskotsordningar retta mot næringslivet.

Medvind og Fikse inviterer næringslivet til webinar onsdag 21. april, kl. 09.00 - 10.00. Fagkoordinator Heidi Skifjell i Rogaland Fylkeskommune orienterer om både dei nye verkemidla og andre støtteordningar i Rogaland.

Her får de meir informasjon om kven dei ulike ordningane er retta mot, kven som kan søkja og korleis ein skal gå fram med søknadsprosessen. Det blir høve til å stilla spørsmål undervegs. Webinaret er retta mot både store og små næringsaktørar. 

Meld deg på via denne linken!

Link til møtet



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden