Vindafjordkonferansen kort oppsummert

270 deltok på konferansen i Skakkesenteret med Safia Abdi som eit av høgdepunkta. Over 300 var med på kveldsarrangmentet i Skjold Arena med utdeling av arbeidsmiljøpris og forestillinga Lykkebobler.


Når ein veit at alle kommunale tenester gjekk som normalt, er det ganske imponerande at så mange fekk høve til å delta enten på eit eller begge arrangementa under Vindafjordkonferansen. Alle einingar i kommunen var representert, og dagen vart akkurat det komiteen håpte den skulle bli: haldningsskapande påfyll og ei feiring av den gode jobben dei kommunetilsette gjer kvar dag. 

Sjå eiga sak om Arbeidsmiljøprisen her. 

Konferansen fekk ein pangstart med samfunnsdebattant Safia Adbi Haase sitt føredrag. Ho trollbatt publikum i to timar og sette både i sving tankar og latter. 

- Kvifor blir eg kalla innvandrar? Eg er jo ferdigvandra. Eg er ein medvandrar som har komen for å bli, sa Haase, og fortalte med både humoristiske skråblikk og tankevekkande fakta om sin sterke historie og korleis ho opplever Noreg. 

Og korleis ho opplever at nordmenn opplever henne. 

Frå ei skam til ei sterk røyst

- Eg var ei skam frå eg blei født fordi jeg var jente. Eg fekk ikke ta utdanning, blei kjønnslemlesta, tvangsgifta, og slått og valdteken av ektemannen min i 16 år. Og  eg blei ei endå større skam sidan eg berre fekk jenter. I Noreg tok eg først grunnskule, så vidaregåande på to år før eg utdanna meg til sjukepleiar med mastergrad. Eg er så stolt over at eg har tatt tilbake alt eg ikkje hadde i Somalia, sa Abdi Haase. 

Ho understreka kor viktig det er å sjå på nye landsmenn med respekt, tålmod og som ein ressurs, og kor naudsynt det er å forstå kva bakgrunn dei har har for å løysa utfordringar rundt integrering. 

- Kvifor henta pengar på Nav når eg kan jobba og betala skatt? Men det er det ikkje lett å få forståing for om ikkje ein også gjev kunnskap til jenter og kvinner på grasrotplan. Og kommunane må tilretteleggja for at ungdom ikkje må reisa vekk for å ta skule. Det er tre ting som tel for å få flest mogeleg til å bli ein aktiv del av samfunnet: utdanning, utdanning og utdanning! 


Nyttig «smørbrødliste»

Haase var også innom at i Noreg snakkar vi med og ikkje til barna, noko standup-komikar og relasjonsekspert Dora Thorallsdottir tok vidare i sitt foredrag. Ho starta med å peika på at både ho og truleg dei fleste i salen var oppdratt i ei tid då ein vart snakka til. Slik er det ikkje lenger, og korleis i all verda skal vi takla det som vaksne? 

- I dag skal de få oppskrifta på korleis de kan be folk dra til helvete på ein måte som gjer at dei gler seg til det, lova Thorallsdottir, og gjekk gjennom ei «smørbrødliste» som Leif Arne Løvereide kalla den beste ordlista han har sett (sjå heile ordlista i bildeserien). 

Ho fortalte også om ei som hadde jobba med døyande i over 30 år, og hadde spurt alle det same spørsmålet: kva angrar du mest på? Det aller flest svara var at dei ikkje hadde vore tru mot seg sjølv. I staden hadde dei prøvd å leva opp til andre sine forventningar. 

- Å vera ærleg og og tydeleg om deg sjølv er der nøkkelen ligg. Om du er for opptatt av å bli likt av andre mister du energi, du mister gnisten, blir utbrent, utsleten og og utmatta. Kjensler er liksom litt i vegen. Bestefar min meinte oppriktig at kjensler var noko kvinner har funne på for å irritera menn. Men lyttar du til kjenslene dine, roar det seg inni deg fordi du ser deg sjølv, og det blir lettare for omgjevnadane å forstå deg, sa Thorallsdottir.  

Er blitt for redde for å gjer feil

Redaktør Magne Lerø i Ukenavisen Ledelser var naturleg nok innom leiing og haldningar; Sjefar må ha større toleranse for å la folk gjera feil. Det er lærdom i feil, og feil er noko av det som driv ei verksemd eller eining framover når ein lærer av det. Men ikkje om dei same feila blir gjort gong etter gong. 

Eller at ein er så redd for å gjera feil at ein ikkje gjer noko. Lerø la fram eit skrekkeksempel på dette frå Storbritannia. Simon Burgess vassa ut i ein dam for å få fatt i ein plastpose og ramla. I staden for å gripa inn med ein gong, vegra den eine etter den andre seg for å hjelpa til, då dei ikkje var trente i vatnet. Medan dei 25 første som kom følgde reglane og venta på rette etaten, drukna Burgess i ein meter høgt vatn. 

Haldningar og den definerande augneblinken

- Dette i motsetning til den definerande augneblinken der ein er i tvil, men lar summen av gode haldningar som er djupt forankra føra til at ein våga å gjera noko ein kan stå for, sa Lerø, som oppsumerte haldingar slik: 

  • Haldingar er å gjera langt meir enn det ein får beskjed om, eller som det er reglar og retningslinjer for. 
  • Haldningar er ord og handlingar som kjem innanfrå, og som ikkje er sjølvsagte. 
  • Haldingar er verdiar som har slått rot og som styrer adferda di. 
  • Haldningar teiknar eit bilde av kven du er. 
  • Haldingar er det hjartet er fullt av – på utsida.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden