Vindafjord-elevar toppar statistikken igjen



-75,3 prosent av elevane som starta vidaregåande opplæring i 2013 har fullført vidaregåande innan fem år. Det er det høgaste talet som nokon gang er notert viser ny statistikk frå Statistisk sentralbyrå, skriv Rogaland Fylkeskommune i ei pressemelding. 

Vindafjord er den kommunen i Rogaland som har høgast gjennomføring med sine 87,6%. Deretter kjem Randaberg med 80,8 %, Sola med 80,6 % og Tysvær 80,3 %. Nasjonalt ligg Rogaland på tredje plass.

- Dette er veldig kjekt, men me kan sjølvsagt ikkje ta heile æra, fortel Ruth Sæle, rektor ved Ølen vidaregåande skule og viser til at det kjem inn mange motiverte elevar.

- Statistikken harmonerer med tala me fører for skuleåra. Det er høg grad av gjennomføring og lågt fråvær, noko som oftast fører til at elevane består, fortel Sæle vidare.

I tillegg til at mange av elevane på studiespesialiserande retning gjennomfører, er det høg grad av gjennomførte opplæringsløp på dei yrkesfaglege linjene.

-Gjennomføring av yrkesfaglege retningar er me ein av dei beste på i Rogaland. Det trur eg blant anna kan skuldast godt samarbeid med næringslivet, der me får lov å ha elevane våre utplasserte to veker i året. Det er med å gjere det meir interessant å gå desse retningane, og det er større sjans for at dei fortset opplæringa.

Sæle kan opplyse om at det til hausten vil bli tre heile klassar innan det yrkesfaglege studietilbodet Teknikk og industriell produksjon (TIP). Andre året på TIP kan ein velje fleire retningar, og nå blir tilbodet på arbeidsmaskin utvida. Samstundes er det nokre tilbod som fell bort, som for eksempel køyretøy-tilbodet og design- og handverk VG1.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden