Vindafjord-elevar toppar i Rogaland 

85,1 prosent av Vindafjord-elevane som starta vidaregåande opplæring har fullført på normert tid. Dermed toppar vindafjordingane fylkesstatistikken. 

- Me har hatt stort fokus på dette lokalt, og det er veldig gledelege tal, seier rektor  Ruth Sæle ved Ølen VGS.  

Landsgjennomsnittet hamna på 73 prosent. 

- 73 prosent av elevane som starta vidaregåande opplæring i 2011 i Noreg har fullført innan fem år. Dette er det høgaste talet nokon gong notert, skriv Rogaland fylkeskommune i ei pressemelding. 

Medan gjennomsnittet i Rogaland ligg på 74,8 prosent, kjem elevar frå Vindafjord ut med 85,1 prosent. Dette er ein auke på 4,9 prosent frå førre periode. 

Statistikken gjeld elevar per kommune. Omlag 220 Vindafjord-ungdommar går på Ølen VGS i inneverande periode. 

Det har vore satsa mykje på dette område dei siste åra, både nasjonalt så vel som lokalt, seier rektor ved Ølen vidareågåande skule, Ruth Sæle. 

 - Dette er veldig gledelege tal å sjå, og det viktigaste er at me ser at tala betrar seg. Dette har vore eit av dei viktigaste fokusområda våre. Me har arbeidd mykje med å vera tettare på elevane og tidleg plukka opp dei som treng ekstra tiltak eller oppfølging for å komma seg gjennom skuleløpet, seier Sæle. 

Undersøkinga tar utgangpunkt i gjennomføring av vidaregåande skule i løpet av fem år grunna ulike utdannningsløp. 

 - Somme linjer, som til dømes studiespesialiserande, har eit treårig løp. For dei som tar fagbrev vil gjennomføringa ta fire år. I tillegg er det lagt inn eit ekstra år for å ta høgde for dei som nyttar moglegheita til å ta omval, seier Sæle.


Prosentandel som fullfører vidaregåande skule på normert tid: 

2009-214 2010-2015 2011-2016 Endring
Landsbasis 70,8 % 72,6 % 73 %
Rogaland 73,3 % 74 % 74,8 %
Vindafjord 84 % 80,2 % 85,1 % 4,9 %
Etne 67,7 % 84,5 % 86,8 % 2,3 %

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden