Vekst gav Gaselle-status

Terjes Digernes i Terjes Vindu AS i Ølensvåg har opplevd ei markert auke i omsetnad dei siste åra. Det gav selskapet ei plassering på Dagens Næringsliv si gjeve liste over Gaselle-bedrifter.


 I 2011 satsa Terje Digernes på eit heilt nytt selskap, som skulle levere vedlikehaldsfrie vindauge og terrassedører. I dag har selskapet kontor i Ølensvåg, avdeling i Bergen og fire tilsette. Foto: Kari Aakra

Terjes Vindu AS har spesialisert seg på å montere vedlikehaldsfrie vindauge og terrassedører, hovudsakleg produsert i PVC og aluminium. Selskapet har kontor i Ølensvåg, men også avdeling i Bergen. Bedrifta produserer ikkje vindauge eller dører sjølv, men leverer direkte frå produsent, og monterer. Dei fokuserer på å selje til større burettslag og sameige, noko som er særs aktuelt i Bergen. 

Bedrifta vart stifta i 2011, då hadde Digernes vore sjukmeldt ein lengre periode, grunna leddgikt. 

- I den tida jobba eg i industrien, men måtte over i nytt yrke på grunn av sjukdommen. Eg gjekk her heime og lurte på kva eg skulle ta meg til med, akkurat då kjøpte me også eit gamalt hus, og det kom eit behov for å få tak i vedlikehaldsfrie vindauge. Aha, dette kan eg arbeide med, tenkte eg, og dermed var eg i gang. 

- Eg fekk kontaktar i Tyskland som kunne mykje om dette, og starta etter kvart det som byrja som eit enkeltmannsføretak, og som i 2011 vart aksjeselskapet Terjes Vindu AS med fire tilsette, seier Digernes.

Rekordår i 2016

I Ølensvåg har Digernes kontor og eit lite lager, medan den største aktiviteten for tida er i Bergen. Her har han to montørar i arbeid, dei er opphavleg frå Polen, men kan språket godt, samstundes som dei kjenner godt til den norske kulturen. 

- Det er kjempeviktig, meiner Terje. 

- Me trør jo inn i heimane til folk, og skal kunne oppføre oss skikkeleg. Mange av dei som bur i sameiger og burettslag er også eldre folk, der kan ein ikkje kome og snakke engelsk, slår gründeren fast. 

Bedrifta hadde rekordomsetnad i 2016 med tett opp mot 7,4 millionar i inntekt, og eit resultat før skatt på godt over 770 000 kroner. Rekneskapen for 2017 er endå ikkje klar, men Digernes ser at det truleg ikkje blir eit like godt år. Ordrereservane for 2018 byrjar derimot å byggje seg opp, og ser positive ut. 

Terje Digernes meiner det er viktig med kundeoppfølging og fleksibilitet for å skape vekst i mindre bedrifter.  Foto: Kari Aakra

- Me hadde ein stor jobb i 2016 i eit burettslag der me skifta heile 575 vindauge. Det var ein kunde me var hjå i 2011, som no ville  skifte vindauge på resten av bygningen. Det er nok mykje av grunnen til det gode resultatet. 

- Eg håpar det tar seg godt opp igjen i 2018, etter at fjoråret vart litt tøffare. Blant anna ventar det ein stor jobb i Bergen sentrum i løpet av året, den har vore på vent no som ein har arbeidd med å grave søppelsjakter i byen. 

Viktig med service 

Dagens Næringsliv har sidan 2003 kåra og presentert Gaselle-bedrifter i alle fylker. For å oppnå statusen Gaselle-bedrift må du minst ha dobla omsetnaden over fire år, i tillegg til at bedrifta må ha minst ein million i omsetnad første året, ha eit samla positivt driftsresultat, unngått negativ vekst, levert godkjende rekneskap og vere eit aksjeselskap. 

Digernes trur noko av nøkkelen bak deira suksess er kundekontakt og oppfølging. 

- Det er kjempeviktig å vere fleksibel, både i forhold til at ein prøver å avslutte prosjekt før folk tar sommar-,  jul-,  eller påskeferie. Og ikkje minst at ein tar omsyn til folk sitt privatliv, at montørane ryddar fint etter seg og at me held det me lovar, meiner han. 

- Eg har brukt mykje midlar på reklame opp gjennom desse åra, men det har fungert dårleg. For min del er det jungeltelegrafen som er nøkkelen til at fleire vil bestille jobbar frå oss, dei høyrer om oss frå nøgde kundar, seier Digernes. 

Han viser til at konkurransen om jobbane er knallhard, spesielt i Bergen. Sjølv kom dei inn på marknaden i Bergen litt tilfeldig. Digernes såg ein aktuell jobb som dei vann anbodsrunden på, dermed var dei inne på bymarknaden. Her er det særs viktig å vise igjen. Sjølv er han fast i Bergen to dagar i veka, medan resten av tida går med på kontoret i Ølensvåg. 

- Me må skilje oss ut, og då meiner eg det er rett å satse på service og fleksible løysingar. Dersom noko går gale så kjem me ganske raskt på plassen for å sjå på det, det er ikkje alle bedrifter som vil det. 

- Kva tenkjer du om framtida, kor stor skal bedrifta bli? 

- Ja, det vil jo tida vise. Men det gjer ingenting om me blir dobbelt så store, det vil gi oss meir stabilitet.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden