Vegmisjonæren

Kanskje dette er våren då ny trase frå Seljestad til Vågslid, og gul stripe mellom Bakka og Solheim kjem inn i Nasjonal Transportplan? Pål Kårbø i Haukelivegen drøymer om nettopp det.


Den tidlegare KrF-politikaren starta i jobben som dagleg leiar for interesseselskapet E134 Haukelivegen 1. februar i fjor, kort tid før koronaen stengte ned landet og smittevernstiltak vart allmennkunnskap. Han fekk nokre turar langs vegen for å møte folk og bedrifter i sommar og i haust før han på nytt no er bunden til heimekontoret på Frekhaug nord for Bergen . Dagane er likevel fylt opp med lobbyverksemd og teams-møter med politikarar og næringslivsleiarar. Han er stadig ute på Facebook med små filmar frå møter ute i bedriftene, eller videomøter med landbruksminister Olaug Bollestad som meiner Haukelivegen er reine himmelvegen for å få eit betre samband mellom aust og vest. Pål ser at det er desse dryppa i sosiale medium, stadige samtalar og fakta på bordet som kan gi resultat når ny NTP skal på bordet i mars. Han blir aldri lei vegdebatten.

– Vegen er 423 kilometer lang, det er mange som bur og jobbar langs traseen som eg ynskjer å møte.

– Eg fekk mange aha-opplevingar då eg køyrde over fjellet første gongen etter eg vart tilsett og turistbrillene var av. Spesielt i tunellane, det er dårleg kvalitet og breidde der. Eg ser vegen på ein heilt anna måte no,  og det er viktig å vise fram at me ikkje kan ha det slik på ei hovudferdsleåre mellom aust og vest. Ein slik vegstandard er rett og slett ikkje ein europaveg verdig.


Farleg strekning
Image
Telefonen er aldri av, og Pål veit lobbyverksemda er viktig i opptrappinga til ny Nasjonal Transportplan. ( Foto: Luddikom /Mathilde Pettersen)

For mange lokalt i Etne og Vindafjord betyr Haukelivegen mykje, og kanskje aller mest behovet for gul stripe på strekninga mellom Bakka i Etne og Solheim i Vindafjord. Pål har sjølv møtt foreldre som fylgjer barna til skulebussen på den farlege strekninga, å sleppe dei ned til bussen åleine er rett og slett for farleg. Vegen er smal, utfordrande og trafikken er stor. Meir enn ein gong har store vogntog blitt liggande på sida av vegen.

– Minstekravet ein kan setje til ein europaveg er gul stripe, denne strekninga er ein av dei verste flaskehalsane me har, og direkte farleg når den er såpass mykje trafikkert, meiner Pål og rosar lokale politikarar og næringsliv for at vegen står høgt på agendalistene i dei to kommunane.

– Kanskje får me ikkje heile prosjektet med ein verdi på fire milliardar inn i NTP no, men eg håpar at me i alle fall får starta opp ei delstrekning, og då må arbeidet startast i aust, der vegen er smalast.


Engasjert næringsliv

Pål Kårbø snakkar seg varm om ny trase frå Seljestad til Vågslid, ei strekning han også ynskjer blir prioritert i neste NTP-periode. Målet er å korte ned strekninga med 11 kilometer og fjerne 1000 høgdemeter. I tillegg til å auke trafikktryggleiken vil også ny strekning føre til at vogntog sparar mellom 30 og 35 liter diesel.

– Det gir jo og ein miljøgevinst, eg trur mykje av denne type transport uansett vil gå på store bilar, også i framtida. Då er det viktig at vegstandarden vår gir miljøeffekt, gjennom å fjerna høgdemeter og betre kurvaturen på vegen. Han håpar E134 denne gongen har ein god sjans til å vise tydeleg igjen i ny NTP-periode. Jobben med å kartlegge utfordringar i næringslivet og samfunnet elles er godt i gang.

På facebooksidene til Haukelivegen møter ein til dømes Inge Fatland i slakteriet Fatland som transporterer store deler av produksjonen over Haukeli. 70 vogntog går ut frå slakteriet i Ølen kvar dag, dei aller fleste skal over fjellovergangen austover. Fatland har venta i 30 år på betre veg, og meiner pengane som blir lagt ned i å fiksa på eksisterande tunellar burde vore lagt i å få nye tunellar på plass. Øystein Matre i Westcon er og ein av dei som frontar Haukelivegen i opptrappinga mot NTP. Han meiner E134 er hovudferdsleåra for vareflyten inn mot anlegget i Ølensvåg og dei ulike prosjekta, då er det viktig at den trafikken ikkje stoppar opp. Også han meiner det er viktig at vegen over Haukeli blir oppgradert no, også for å få vegnettet så energieffektivt som mogleg.


Veg på agendaen

Då Pål avslutta politikar-karrieren i 2019 var han klar for nye oppgåver. Jobben i E134 Haukelivegen fortona seg som ein god sjans til å få kjempe vidare for næringsliv og samferdsle, to saker som alltid har stått Pål nærme.

– Det er jo to sider av same sak, god samferdsle er viktig for å gi gode rammevilkår for næringslivet. Så enkelt er det.

– Ein kan jo og kalle det ein distriktskamp, desto lenger aust ein kjem dess meir trafikk finn ein. Ved å bygge ein god veg mellom aust og vest kan ein også løfte opp bedriftene i distrikta. Me ynskjer arbeidsplassar og produksjon i distrikta.

No er han åleine som tilsett i 134 Haukelivegen, og ein stor del av jobben er å vise politikarane kor viktig vegstrekninga er for dei som bur langs den og køyrer på den. Han veit når han bør ringe politikarane, når det er lurt å setje vegen på agendaen og kva som er rett tidspunkt for ein møteinvitasjon. Pål veit og at i opptrappinga til ein ny NTP-prosess er det mange røyster som vil nå ut, og mange som kjempar for si sak.

– Politikarane har eit enormt informasjonstrykk, både regionalt og nasjonalt. Ein kan ikkje ta det for gitt at dei klarer å få med seg all informasjon som kjem. Trikset er nok å få fram gode historier som er lette å hugse. Me hadde ein konferanse på Notodden i oktober , eg ringte ein av politikarane som deltok fire veker etterpå for å høyre kva han syns om konferansen. Han meinte det var utruleg interessant å høyre at transportbedrifter kunne spare 35 liter diesel viss dei slapp å køyre nedom Røldal, det var noko han hugsa godt.

– Me må ha gode argument, det nyttar ikkje berre å seie at me ynskjer oss ny veg, me må og fortelje kvifor, slår den engasjerte veg-lobbyisten fast.

Image
Pål Kårbø håpar samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) set E134 Haukelivegen høgt på agendaen. (Foto: E134 Haukelivegen)

Slutt med silotenking

– Haukelivegen bør sikrast som ein trygg fjellovergang heile året. Pål veit at kvar ekstratur om Sørlandet som næringslivet i vest må ta kostar 5 - 6 000 kroner ekstra. Gjerne endar og transporten med at bilen kjem for seint fram, at varene ikkje så langt som dei skulle og tapet endå større.

Logistikk heng saman, og han ser vegen over Haukeli betyr mykje for langt fleire enn ein skulle tru.

– Dette er viktig for mange departement, og langt fleire enn samferdsleministeren. Knut Arild Hareide er oppteken av god samferdsle, men for næringsministeren er vekst i bedriftene viktig, landbruksministeren er oppteken av dyrevelferd og at maten kjem fersk fram og fiskeriministeren veit kor sårbart det er å frakte fersk fisk over fjellet. Klimaministeren ynskjer reduserte klimautslepp, også det er noko ny vegtrase over Haukeli vil vere med på å bidra til. Her må ein slutte med silotenking, og heller legge ned ein innsats for å sjå heile biletet, slår Pål fast.

– Ein må hugse på at vegen frå aust til vest er det einaste transportalternativet me har, me har ikkje tog som reelt alternativ, og då må vegen bli så miljøvennleg som mogleg. Pål ser på seg sjølv som ein god alliansebyggar. Han har kontakt med politikarane på fleire kanalar og brukar nettverket for det det er verdt. Telefonen er alltid på, og om den ringer seint på kvelden eller tidleg på morgonen betyr ikkje så mykje. Pål er vant med å ha fulle arbeidsdagar, noko også kona og dei tre barna veit.

– Eg likar å snakke med folk, så prøver eg å bygge opp sakleg argumentasjon for synspunkta mine. Eg vil gjerne fokusere på det gode med vegen, somme gongar kallar eg meg vegmisjonær.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden