Vågsbuen viser at dei kan

- Klart me kan, er mottoet til det etter kvart så tradisjonsrike arrangementet Vågendagen i Ølensvåg. Og med god støtte frå lokalt næringsliv er det klart dei kan – for 13. gong, meiner arrangementskomiteen å hugse.


- Vågendagen er eit gratisarrangement for publikum, og me har ikkje som mål å tena pengar på dette. Men alt kostar nå til dags; til dømes aktivitetar, underhaldning, telt og lydanlegg. Då er det godt at me har mange gode bedrifter i bygda som støttar oss. Det set me enormt stor pris på. Me er heilt avhengige av sponsormidlane frå bedriftene for å kunna arrangera Vågendagen, seier eit alltid like opplagt komitémedlem, Jorunn Halsnes, som gler seg ekstra til å ta i bruk det nye området Omega har opparbeidd rundt vågen. 

- Ein stor takk til dei for å ha laga det fint rundt seg både for eigne tilsette og for alle som deltek på Vågendagen, seier Halsnes og sender same helsinga til alle sponsorane som er med og skapar liv og aktivitetar i bygda. 

Framtidige kremmarar 

Om det er framtidige støttespelarar dei freistar å rekruttere når dei inviterer unge kremmarar til å stille ut og selje avlagte leiker, sportsutstyr eller anna dei trur andre kan ha nytte av, skal vera usagt. Alle unge med ein kremmar i magen er iallfall inviterte. 

- Me vonar at mange framtidige bedriftseigerar vil prøva seg på marknaden vår. Her vil dei få handelsplass i ei samling av mange, spanande salsboder og -standar, og med eit mangfald av produkt – mellom anna kort- og langreiste matvarer av mange slag, fortel Halsnes. 

Ho understrekar at det er plass til alle på Vågendagen, anten det er for å visa fram hobbyen sin eller marknadsføre bedrifta si. 

Uvurderleg dugnadsinnsats 

Om sponsorane er viktige for at arrangementet skal gå i hop økonomisk, så er dugnadsinnsatsen frå bygdefolket uvurderleg for sjølve gjennomføringa. 

- Me er sju personar i styret som jobbar med Vågendagen gjennom året, men når me kjem til dei siste førebuingane, gjennomføringa og oppryddinga etter arrangementet, så er me avhengige av hjelp får frivillige, seier Halsnes. 

Ho lovprisar årelang innsats frå fleire, men understrekar at det godt kunne vore fleire å dela innsatsen på. 

- Det er kjempekjekt å vera med både som arrangør og deltakar på Vågendagen. Viss ikkje hadde me slutta for lenge sidan, seier ho, og oppmodar fleire til å engasjere seg for fellesskapet i bygda. 

Tradisjonen tru blir det "Ta sjansen" i år òg. Kreativiteten er stor mellom båtbyggarane. Foto: Terje Lunde

Ein ny folkefest 

Halsnes lovar at det skal bli folkefest i Ølensvåg dette året òg. På programmet lørdag 4. juni kan ho skilte med både tradisjonelle aktivitetar og nye opplevingar for det ho vonar vil verta eit folkerikt publikum. 

- Som vanleg tilbyr me gratis frukost. Eit anna trekkplaster er «Ta sjansen», der det alltid er like spanande å sjå kor kreative deltakarane har vore med båtane sine. Me må òg ha med hoppeslottet, gokart-banen, rodeooksen, sukkerspinn og kjekke leikar for dei minste, oppsummerer ho. 

Det blir am car- og veteranbilutstilling, legoutstilling, nokre av dei beste BMX-syklistane i landet skal visa kunstane sine, NAF stiller med «Velte-Petter» og det blir besøk av både sjuke- og brannbil. Elevar ved kulturskulen i Vindafjord skal ha framvising med song og dans, og det blir høve til å køyre ATV. 

- Eit anna spennande møte blir Oliver Vogt, som kjem med motorsaga si og skjer ut tre flotte figurar. To av figurane kan kjøpast direkte av publikum, medan den siste blir gevinst i lynlotteriet vårt, fortel Halsnes, som og kan lova nysatsinga ølsmaking for dei vaksne og den tradisjonelle dansen som avsluttar arrangementet.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden