Sjekk ut årets turmål i Vindafjord!

Også i år byr alle bygdar byr på nokre av sine finaste turmål når kommunen inviterer til «Ut på tur i Vindafjord 2018». Ni nye turar er lanserte i årets turpakke.

 

caption... Øvre Vats oppned. Foto: Sunniva T. Gregersen

(InFformasjonen er henta frå  Ut på tur i Vindafjord 2018)

Ni nye løyper er klar for alle som vil oppleva turgleda i Vindafjord-bygdene. "Ut på tur i Vindafjord 2018" har lansert nye løyper som del av årets kampanje. Dersom går alle turane er du med i trekninga av eit gåvekort, samtidig som du er garantert ei flotte opplevingar i vakker Vindafjord-natur. 

I tillegg til dei ni toppturane er seks tilrettelagde ruter med i turpakken . Desse passar godt for syklistar, turgåarar med barnevogn, rullestolbrukarar og rørslehemma. 

Gå alle turar og bli med i trekninga av eit gåvekort:

  • Gjeld i perioden 24. mars til 1. november 2018
  • På kvart turmål finn du turkasse med eit kodeord og ei bok til å skrive namnet ditt i
  • Noter kodeord på skjema for kodeord i brosjyren. Kodeorda vil til slutt bli ei setning.
  • Last ned turskjema her! 
  • Når du har alle orda på plass, send inn skjema til: Vindafjord kommune, 
    Rådhusplassen 1, 5580 Ølen innan 13.11.2018 
  • ...og hugs: #VakreVindafjord

Fargekodar:

  • Svart: Krevjande 
  • Rød: Hard 
  • Blå: Middels 
  • Grøn: Lett (enkelte er også tilrettelagt for sykkel, barnevogn og rullestol)


Dette er turane du kan gle deg til:

Vikebygd: Våbrekkefjell, 553 m.o.h

Den vetle tjørna på toppen. Foto: Roald Årvik.


Tilkomst og parkering: Parkering ved Vikebygd kyrkje.

Om turen: Turen startar ved kyrkja. Gå opp til fylkesvegen, kryss denne og følg grusveg mot Vikestølen. Kort etter du har gått opp Feiensbrekka i austenden av Longavatnet, ta til høgre ved skilt som peikar mot Våbrekkefjell. Følg merka sti oppover til toppen. Tilbaketuren går via Morgonsvatn-vassdraget. Turen må ikkje forvekslast med tur til Våbrekka (ytre Smalanuten), denne turen går til Våbrekkefjell.



Skjold: Søljåsen 394 m.o.h

Utsikt frå toppen av Søljåsen. Foto: Siri Nonslid

Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 mot Skjold og til høgre i rundkøyringa (Solheimsvegen). Følg vegen ca. 550 m før du svingar til venstre ved skilt 1141-1147. Infoskilt og parkering finn du her

Om turen: Følg merka traktorveg oppover, bruk gjerdeklyvarane ved grindene. Ved skilt tar du av mot høgre og føljer merka sti mot toppen. Flott utsikt 360 grader. Det er rastebord ved turkassen på toppen


Vats: Stråtveit 167 m.o.h.

Stråtveit. Foto: Jon Olav Velde

Tilkomst og parkering: I Kårhuskrysset – sving inn på Raunesvegen og følg denne vegen 5 km nesten heilt ut til Raunes. Like før du kjem til AF Miljøbase Vats, ser du ei info.tavle og eit skilt til Stråtveit på høgre sida av vegen. Skilta parkeringsplass finn du på venstre side av vegen, ved busskur. Dersom du ikkje vil gå, men kjøra bil heilt fram, må du betala bompengar. Avgifta er 30,- kr. som du legg i konvolutt i kasse 300 meter lenger oppe på vegen.

Om turen: Stråtveit er ein stor gamal fråflytta gard som var veglaus før. Mange gamle bygningar på garden er renoverte og sette i god stand. Her er det lagt til rette med grillplass og informasjonstavle. Det er turstiar med opplysningsskilt og informasjon om treslag og bygningar. Ta gjerne turen ned til eit lite restaurert naust nede ved sjøen – då går du på ein sti gjennom trolsk og opplevelsesrik eventyrskog med fleire informasjonsskilt



Sandeid: Døldarheia 730 m.o.h

Døldarheia Foto: Harald Olav Stuhaug

Tilkomst og parkering: Følg fylkesvegen mellom Sandeid og Ølen. Sjå etter skilt for tursti og Stuhaug Turisme (Sandeidvegen 453). Følg skilt til parkeringsplass ved Stuhaug Turisme.

Om turen: Frå parkeringsplassen med informasjonstavle følg bratt traktorveg opp dalsida ca. 1,5 km. Etter utsiktspunkt går turen til venstre over på merka sti (stien er ny og lite brukt, men godt merka). Stien er bratt til du kjem over skoggrensa, der landskapet flatar ut og opnar seg. Frå Hedlandsnuten (utsiktspunkt med utsikt over dalen mot Sandeid og Ølen) og Stemvatnet går stien i lett høgfjellsterreng forbi Måsarvatnet og vidare til Døldarvarden. Frå toppen er det flott utsikt i alle retningar.


Vikedal: Skomakernibba 300 m.o.h.

Skomakernibba med utsikt mot Vikedal sentrum. Foto: Vindafjord kommune

Tilkomst og parkering: Frå Vikedal sentrum tek du av mot Vikedalsdalen (Movegen). Køyr 3 km og du er framme ved den nedlagde taubanen til Lysenuten. Informasjonstavla står her på høgre sida av vegen. Parker ca. 100 meter lenger frame på tunet til garden Ørnes. Ta omsyn til nødvendig ferdsel for dei fastbuande

Om turen: Frå info.tavla følgjer du merking inn på traktorveg. Eit stykke oppe i lia går turen over i godt merka sti som svingar seg i flott terreng oppover. Skomakarnibba er ei stupbratt berghylle («nase» som stikk ut). 

Sagnet fortel om ein skomakar som måtte sitja her og laga eit par sko som straff. Nesten ferdig så mista han nåla og såg ingen annan utveg enn å hoppa etter den! Ver forsiktig her ute og pass på barna. Eit godt alternativ til returen er på merka sti ned til garden Bala. Det vert då ein fin rundtur med ca. 5 min. gange tilbake til bilen. 



Imsland: Myrstøl 375 m.o.h.

Kongemonogrammet ved Myrstøl. Foto: Vindafjord kommune.

Tilkomst og parkering: Ta av frå Saudavegen inn på Ølmedalsvegen på austsida av Ølmedalsvatnet. Ta så til høgre inn på privat bomveg rett før Ølmedal camping. 20kr – kontant betaling i kasse. Følg denne til du kjem til stor parkeringsplass.

Om turen:  Passer bom inn på skogsveg og etter 15-20 min. frå parkeringa, ta av til høgre opp ein kort sideveg som tek deg til godt synleg sti inn i skogen. Gå forbi to raude stølshus og vidare mot Vasstølvatnet. Langs vatnet er det god sti. Ved enden av vatnet renn det ei elv. Etter vel 15 min er du framme ved Myrstøl. Om du finn kong Håkon den 7. sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, treng du ikkje vera i tvil om at du er framme ved Myrstøl. Nyt freden, stilla og nistepakken. Kjem du hit på hausten kan du kanskje høyra hjortebrøl i lia. 








Ølen: Steinslandsnuten 514 m.o.h

Utsikt nordover frå Steinslandsnuten. Foto: Torbjørn Ruud

Tilkomst og parkering: Følg vegen mellom Sandeid og Ølen. Sjå etter skilt for tursti og Stuhaug Turisme (Sandeidvegen 453). Følg skilt til parkeringsplass ved Stuhaug Turisme.

Om turen: Frå parkeringsplassen følgjer du traktorvegen ca. 2,5 km. Dette er same veg som stien til Aurdal. Vegen stig bratt første delen. Når du kjem opp på den første flata er det merka ”utsiktspunkt”. Her er det ein benk for å ta seg ein rast med god utsikt over dalen ned mot Sandeid. Etter utsiktspunktet er det framleis litt stigning før traktorvegen flatar ut. Stien tar av frå traktorvegen og går opp på vestsida av toppen. Turen går nesten rundt Steinslandsnuten før du kjem til toppen.


Ølensvåg: Ormåsen 518 m.o.h.

Utsikt frå Ormåsen. Foto: Terje Lunde

Tilkomst og parkering: 

Frå Ølensvåg (gamleskulen): Ta av E-134 og køyr omlag 500 m på R-543 mot Bjoa. Parker på «busslomme» og følg turskilt til Dueland på bilveg og vidare etter turmerke på skogsveg og til slutt på sti. 

Frå Berge: Ta av E-134 og køyr omlag 1,5 km på R-543 mot Bjoa. Ta til venstre i bratt sideveg 200 m før Ølen Betong og følg turskilt til vassverket sitt anlegg der du parkerer. Følg turmerke vidare, først på skogsveg og den siste strekninga på sti. 

Frå Vaka: Ta av E-134 og køyr omlag 7 km på R-543 mot Bjoa. Ta til venstre opp Vakadalsvegen og parker etter 200 m. Følg turmerke vidare, først på skogsveg og den siste strekninga på sti (den same stien som kjem frå Berge). Ein kan også gå turen frå Bjoa.

Om turen: Over halve turen går på skogsbil- og traktorveg uansett kvar du startar. Deretter er det merka og nokså tørr sti, men diverre nokre parti over fuktig terreng. Stien skiftar mellom lett terreng og nokre bratte stigningar. På toppen kan du nyta flott utsikt over Ølensvåg og nabobygder. Godt fottøy.


Bjoa: Hytta på Gråhorgja 645 m.o.h.

Hytta på Gråhorgja. Foto: Anne Sofie Sandvik

Tilkomst og parkering: Følg Bjoavegen frå Ølensvåg til Innbjoa, ca. 15 km utover langs fjorden. Ta av til venstre ved skilt til Dalen. Følg Eikåsvegen sørover dalen omlag 3,8 km, like før brua i Eikås tar du til venstre og følgjer skogsbilveg til tømmervelteplass/ parkeringsplass.

Om turen: Følg skogsbilveg i retning søraust, gjennom Ølsdalen, ta av frå denne på andre skogveg til venstre. Eit stykke opp i skogvegen tar merka løype av på sti på høgre side. Sjå etter skilt. Eit lite stykke over tregrensa deler stien seg; sti til venstre fører til hytta medan sti til høgre fører til toppen (740 m.o.h.). Hytta ligg i nordenden av Krokavatnet. Utsikt undervegs til Dalsbruket og Skrefjellet og sørover til Bukkanibba og Vats. Eit godt alternativ til å gå same veg tilbake, er å følgja merka løype til toppen av Gråhorgja, som er eit flott utsiktspunkt, og så følgja merka løype nedover og tilbake til møtet med stien du kom opp frå Kolbeinshauglia. Eit anna alternativ er å gå merka løype via Bordalsskar ned igjen til parkeringsplassen

Seks tilrettelagde turar

"Ut på tur i Vindafjord 2018" byr også på kjekke tur-ruter som tilrettelagde for dei med barnevogn, syklistar, rullestolbrukarar og rørslehemma.

Sandeid: Sentrum via Helgevoll

Langs Rødneelva. Foto: Gro Heggebø.

Tilkomst og parkering: Du kan starte turen enten ved Sandeid kyrkje/samfunnshus – oppslagstavle ved parkeringsplass, eller ved Teknisk bygg i sentrum av Sandeid. God parkering begge stader. 

Om turen: Dersom du startar ved kyrkja følg gangvegen langs fylkesvegen (Sandeidvegen) til krysset Sandeidvegen/Saudavegen og vidare langs Saudavegen til avkøyringa til Teknisk bygg (Østbøvegen). Turen går vidare på gardsveg til du kjem til Rødneelva og så på traktorveg langs elva fram til Rødnebrua. Her finn du turkassen. Der tar du til venstre og følgjer Helgelandsvegen tilbake til utgangspunktet.


Skjold: Likvik

Likvik. Foto: Sverre Emil Grunnaleite.

Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 til Skjold i plankryss, følg skilt til Skjold i rundkøyringa på Skjoldavikvegen. Kjør ca. 1 km til skilt med Vikanes på venstre side. Parkeringsplass ligg på høgre side oppe i bakken. 

Om turen: Start og mål på Vikanes. Gå forbi Skjold Arena og barnehagen, utover Vikaneset, til vegen deler seg. Ta til høgre og så til venstre etter ca. 150 m. Følg grusveg ned til Likvik. Litt bratt bakke ned. Her er strand, benker, gapahuk og toalett. Turkassen finn du på gapahuken


Ølen: Rundt Ølen sentrum

Ølen sentrum. Foto: Dag Smemo


Tilkomst og parkering: Bak Ølen kulturhus ved Ølen båtlag sin molo.

Om turen: Turen startar frå kulturhuset og går mot Osen/ Oselva. Gå opp Osabrekko, som er noko bratt. Når du kjem til vegen som går til Øvrehagen, ta til høgre ned til Steinbru. Studer brua som er den eldste steinkvelvingsbrua i Ølen - eit kunstverk. Vidare går turen opp til Fatland Slakteri, over E134 og opp mot gardane på Eide. Her er det god utsikt. Ved poststativet til Eide Gard står turkassen plassert. Følg grusveg til Sandeidvegen og kryss denne. Her kan du ta ein ekstra tur bort til Nerheimstunet, bygdetun frå 1859. Rundturen går vidare ned postvegen langs Eioelva. Her kan du sjå gamle vegskilt. Kryss E134 og følg Sjoagata gjennom det historiske sentrum av Ølen. Ein fin plass å ta kaffipause er i Joa-Kari-parken i sentrum. Terreng: Sentrumsnært område med litt bratte bakkar opp til flata, der det er god utsikt utover Ølsfjorden. Delar av turen går på grusveg.




Vats: Frå Aurdal til Fjellgardsbakken

Rasteplassen ved Fjellgardsbakken. Foto: Jon Olav Velde

Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 ved tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal (Aurdalsvegen). Følg denne vegen til endes 1,4 km og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass ved infotavle. 

Om turen: Følg traktorveg heilt opp til Fjellgards- bakken. Vegen går langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i slakt terreng til du kjem til Aurdalselva på ny, ved Fjellgardsbakken. Gjennom Aurdalsdalen var det ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid i gamle dagar. I dag går det traktorveg innover heilt over til Steinsland i Sandeid. Du finn ein del namneskilt langs vegen innover. Ved brua på Fjellgardsbakken er det sett opp benk og turkasse med bok i.


Vikebygd: Rundtur rundt "nullen"

Båthamna i Vikebygd. Foto: Vindafjord kommune

Tilkomst og parkering: Parkering ved Vikebygd bygdahus som ligg ved idrettsanlegget nord i bygda. 

Om turen: Turen startar på vestsida av fylkesvegen, følgjer sykkelstien 100 meter og tek av inn mot barnehagen og skulen. Gå inn porten til barnehagen og vidare forbi skulen. Ta gjerne ein pause og prøv dei unike styrketreningsapparata i treningsparken på nedsida av skulen. Fortset så ned bakken på sykkelstien, forbi trygdebustadane og ned til Plassabakeriet. Helgene sommarstid vil du kunne ta deg ein matbit her. Hald fram langs sjøen bort til småbåthamna. Her finn du turkassen. Dette er ein flott plass å ta pause eller ta eit bad i sjøen. Etterpå går du opp forbi kyrkja til fylkesvegen, følgjer denne nordover og inn på sykkelstien igjen oppe ved butikken. Følg sykkelstien tilbake til bygdahuset.


Imsland: Ørevikvegen

Ørevikvegen. Foto: Vindafjord kommune

Tilkomst og parkering: Ta av frå fylkesveg 46 (Saudavegen) i Ølmedal og sving til venstre i krysset ned til Imslandssjøen og parker nede ved kyrkja. Du kan og parkera oppe ved bygdahuset i Ølmedal. 

Om turen: Ørevikvegen er ein del av den gamle hovudvegen mellom Haugesund og Sauda. Vegen vart rusta opp som eit kulturminne på 1990-talet. Turen startar ved gardstunet på Imslandsgarden. Langs vegen er det infoskilt om vegen, planter og tre og det er rasteplassar m/benker. Turkassen finn du ved rasteplass i siste del av turvegen. Etter turen er det fint å gå ned til Imslandsjøen og bada.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden