Ull frå Ølen til Det kvite hus

Ull frå Vindafjord finn vegen til heile verda og heilt inn til den amerikanske presidenten. Men først skal lam og sauer klippast, og det gjer dei to slakteria i Ølen og Sandeid på heilt ulike måtar.

Musikk er det første ein høyrer når ein kjem inn på fjøset til Fatland i desse dagar. Dei mange hundre lamma og sauene er det lite lyd frå der dei står i innhegningane og ventar på tur hos frisøren. Eller er nyklipte, scanna og klare for slakteriet. 

Det går unna i eit forrykande tempo når dei seks saueklipparane er i sving. Fire er norske, to er frå New Zealand og hyra inn for sesongen. Halvparten av dei seks er anten noregsmeister eller verdsmeister i saueklipping. 

Med imponerande teknikk både i handsaming av dyra og klippemaskina, klipper dei tre raskaste 50 dyr i timen. Dei tre andre mellom 40 og 45 dyr. Det er ein tung og krevjande jobb. Sveitten renn, og det går med ein del vatn i løpet av dagen for å halda væskebalansen ved like. Inntak av vatn blir gjerne kombinert med sliping av sakseblada. 

Viktige for å ta vare på kultur og miljø 

Kvar klippar har ein ullhandlar som scannar øyremerka til dyra, ryddar ulla vekk etter kvart, grovsorterer og sender ulla vidare til ullhallen. Ullvekta blir registrert på både sau og klippar. Bøndene får betalt for ulla dei har levert, og vekta er ein del av utrekninga for betaling til klipparane. 

Fatland er eit av få slakteri i Noreg som framleis klipper sauene før dei blir avliva. 


- For Fatland er det viktig å ta vare på kulturen og det gode miljøet rundt sauehald som vi har her i landet. Klipparane ein viktig del av dette. Sauene blir klipte to gonger i året, som oftast på slakteriet om hausten og heime om våren. Men det er ikkje nok arbeid for klipparane å reisa rundt til bøndene for å klippa. Når vi som slakteri held fast ved klipping av sauene før avliving, bidreg vi til at klipparane held kunnskap og kompetanse ved like. Det gjer også at dei av klipparane våre som konkurrer held eit høgt nivå både nasjonalt og internasjonalt, seier dagleg leiar Svein Fatland. 

Gjekk over til linjeklipp 

Nortura Sandeid klipper sauene etter at dei er avliva. Slakteriet var det andre i Nortura-systemet som gjekk over til linjeklipp i 2009. 

- Det er fleire grunnar til at vi gjer det på denne måten, men først og fremst fordi det er bra for dyrevelferda. No er dyra rolege i flokken og stressar lite før dei blir avliva. Og mindre stressa dyr er bra for kvaliteten på kjøtet. Eit anna viktig moment er arbeidstilhøva for dei som klipper. Dei har mellom anna hev- og senkplattformar som gjer det enkelt for alle å få rett arbeidshøgde, noko som gjev mindre slitasje, seier dagleg leiar Britt Randi Stokkevåg. 

Men Nortura er også opptekne av at klippekunnskapane skal halda haldast ved like. 

Arrangerer klippekurs

- Vi arrangerer klippekurs på levande dyr, slik at vi lærer opp nye klipparar og sauebønder som ønskjer å klippa sine eigne dyr. Neste kurs blir i dyrefjosen vår i Sandeid 9.-11. oktober, fortel Stokkevåg. 

Dei seks klipparane på linja klipper forskjellige delar av dyra og rullerer på linja for å få variasjon. Farten er høg, og det går fire lam eller sauer i minuttet vidare til neste stasjon på slaktelinja. Dyra er ferdig scanna når dei kjem til klipparane, og ulla blir automatisk registrert på rett bonde før den går vidare til ullavdelinga.

Her har Nortura investert i oppgradering og HMS-tiltak både for å effektivisera og gjera arbeidsmiljøet enno betre.

Ullklassifisørane  må halda styr på 16 forskjellige klassar.

650 tonn ull 

Og den som trur at ull er ull, må tru om igjen. Ullklassifisørane må halda styr på 16 forskjellige klassar, pluss fleire ekstra fin ull-klassar. Både Nortura og Fatland tek også imot og sorterer ull frå sauer som er klipte på gardane.

Ein neve ull veg ikkje mykje, men samanpressa i ballar på mellom 350 og 400 kilo blir det mange tonn i løpet av eit år. 

- Vi sender rundt 250 tonn i året til Curtis Wool i England. Dette selskapet er heileigd av Nortura, seier Stokkevåg. 

Fatland-konsernet tar hand om 25 prosent av all ull i Noreg. Av rundt 900 tonn totalt, kjem 400 tonn frå Ølen. Mesteparten blir send til vasking i England, og derifrå finn ulla vegen til heile verda. 

- Du finn mellom anna ull frå Ølen i teppene i Det kvite hus, fortel Oddbjørn Fikstveit, medan han sorterer og legg ull i rett kasse. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden