Ukjent landskap

Asbjørn Moe (43) fyk paraglidar med høgdeskrekk. Møt den rocka næringstoppen som vågar å gjere ting han er redd for.


- Eg har jo ikkje lyst til å slutte, ein tenkjer jo alltid det er meir ein skulle gjort. Men kanskje ein må innsjå at ein aldri blir heilt ferdig? 

Asbjørn Moe har sett seg på ein terrasse i Medvind-bygget i Ølensvåg. Han er kledd i kvit genser, kvite sneakers og laidback dressbukse, og minner lite om næringslivstoppane ein ser på glansa papir. Med tatovering, eit arva smykke som ofte er i bruk og det velkjente skjegget kunne han like gjerne vore ein musikar på veg til ny spelejobb. 

- Her i Ølensvåg kan eg gjerne dra på meg dressjakke og slips, for her har dei godt av å sjå det. Mens toppane i Haugesund har godt av å sjå folk møte opp i shorts, seier han med eit lurt smil.

Image
Det å marknadsføre, reise rundt på messer og knyte nettverk er viktig for å bistå med rekruttering til lokale bedrifter, meinar Moe.

Nett no myser han bort på Circle K i Ølensvåg medan han prøver å overbevise både seg sjølv og andre om at det var lurt å skifte jobb no.

- Misforstå meg rett, eg gler meg til å starte opp i Tysvær, men eg er ikkje lei av alt dette. Eg kjem til å sakne bedriftene, og spesielt alle dei flinke og rare personane som driv dei. Det er ikkje kven som helst som startar opp eigne bedrifter, det må bu noko spesielt i dei.

I byrjinga av juli er 10 år som leiar i Fikse Næringsforening over, då går han vidare til jobben som næringssjef i Tysvær kommune.  

Satsar på rekruttering

Som dagleg leiar i Fikse Næringsforening har han påverka politikarar, snakka bedriftene si sak og lobbyert innan samferdsle, næringsutvikling og rekruttering. 200 medlemsbedrifter i Fikse har stolt på at han sto på barrikaden og løfta fram eit næringsliv i regionen som ber preg av sterk utviklingsevne og gründerånd. Dette er bedrifter som har gjennomføringsevne og som set spor etter seg der dei fer.

-Det me absolutt bør jobbe endå meir med er rekruttering, å finne gode folk til desse bedriftene. Det handlar om marknadsføring, reise rundt på messer og knyte nettverk. Me har gjort mykje av dette gjennom åra, men eg meiner ein kan bli endå betre på det. 

- Eg er glad for at me har satsa på å skape gode møteplassar, slik at folk kan spele kvarandre gode. Det er ingen som er gode på alt, bedriftsleiarar kan samanliknast med Drillo-landslaget på 90-talet. Dei var ekstremt gode på visse felt, og dårlege når det kom til andre eigenskapar. Men når ein brukar dei ekstreme eigenskapane rett så blei det eit godt lag. 

Han gler seg over at etnebuen Nils Einar Steinstø takka ja til å ta over stafettpinnen frå han sjølv. Dei siste månadane har han vore nesten like engasjert og involvert i prosessen med å finne arvtakar som i eigen søkjarprosess. Då telefonen frå Tysvær kom var han eigentleg innstilt på takke nei, men etter kvart festa tanken seg om at dette hadde vore kjekt å prøvd. No skal han inn i offentleg sektor for første gong, og gler seg til å utvikle næringslivet i ein kommune han kjenner best frå utsida. 

Redde verda

Asbjørn var 19 år då han og kjærasten bestemte seg for at dei ville vere med på å redde verda. Dei reiste ut for å hjelpe til på eit rehabiliteringssenter for spedalske i Tanzania, 300 kilometer unna allfarveg. Der møtte dei ein organisasjon som på papiret var statleg, men der dei tilsette gjerne var minst like opptekne av å tene nok til livets opphald som å utvikle senteret dei jobba på. Asbjørn og kjærasten ville gjerne hjelpe til, gjere noko nyttig, men direktøren på senteret ynskte at dei budde heime hjå han, som gjester som mest gjekk på stas.

Image
Asbjørn Moe var ung idealist då han og kjærasten reiste til Tanzania for å bidra på rehabiliteringssenter for spedalske i Tanzania. Dette er eit av få bilete frå den tida. 

- Det vart litt feil, me hadde eit mål om å vere der eitt år, men me kom ikkje heilt inn i systemet, og følte nok mest me gjekk i vegen. 

Etter ei stund bestemte kjærasten seg for å reise heim igjen og starte opp sitt vanlege liv. Asbjørn valde motsett, han ville ikkje gi seg, han vart verande og denne gongen kom han meir på innsida av lokalsamfunnet. 

- Eg veit ikkje kva som gjorde det, om det var enklare når ein var åleine. Eg byrja så smått med mindre prosjekt. Det blei også viktig å lære seg språket, og litt om litt så vart eg tatt meir inn i varmen, fortel Asbjørn. 

I denne tida fiksa han gamle traktorar, starta opp plante-prosjekt og hjelpte til så godt han kunne. Om han fekk lettare kontakt med dei som levde rundt og på senteret så kjende han og etter kvart meir av påkjenninga på kroppen. 

- Det var lite mat, eg gjekk kraftig ned i vekt og ein kjenner jo at ein blir litt sprø. Sjølv om du går fritt omkring så kjennes det litt ut som å vere i eit sjølvvalt fengsel. 

Blømande studentliv

Asbjørn fullførte året, og reiste heim til studiar i Bergen. Der blei det krasjlanding i ein kvardag han ikkje lenger klarte å takle. Kontrastane vart for store, og Asbjørn valde å bryte opp for å starte noko nytt i Tromsø. Der venta studiar i latin og ein heilt ny by der han ikkje kjende eit menneske. Sjølv var han overbevist om at det var medisinen mot det tomrommet han hadde vaka rundt i etter at han kom heim. 

- Språk er interessant, men det var nok meir Tromsø enn latinen eg reiste til. Eg flykta for å finne ein ny start. 

I Tromsø fann han studentsamskipnaden, studentavis og eit sosialt miljø der mange andre og hadde stoppa litt opp i livet. Resultatet vart at han ikkje fullførte latin-eksamen, men vart nestleiar i studentstyret. Han kom inn i studentpolitikken, fekk internasjonalt ansvar og sat i sentralstyret. Etter kvart satsa han på studiar i sosialøkonomi, jus og organisasjonsteori i Tromsø.

- Jussen likte eg godt, sjølv om eg gambla litt med den eksamen. Eg jobba som teknikar med eit band som skulle på turne til USA, så eg gjekk rett frå seks veker på bandturne til eksamen i juss. Dei fleste trudde jo at eg hadde droppa ut, men det gjekk bra det og, fortel han med eit smil. 

Det er sjeldan Asbjørn vel den lettaste vegen mot mål. 

Image
- Eg fyk paraglidar med høgdeskrekk, det handlar om å vere modig, ikkje uredd, seier Asbjørn Moe. Foto: Judith Sørhus Litlehamar

- Eg fyk paraglidar med høgdeskrekk, det handlar om å vere modig, ikkje uredd. Når kjenslene tar kontroll og eg tenkjer at eg må hoppe ut frå denne stolen frå lufta, så er ein nøydd til å høyre meir på fornufta som seier det er særs lite lurt. 

Hotell-karrieren 

Modig er truleg også ordet om den julehelga då Asbjørn plutseleg og uventa vart medeigar i hotellet Fugl Fønix i heimbygda.

- Eg var stort sett heime i Etne ein gong i året, og det var med jul. Etter ein fest på 2.juledag vakna eg opp og hadde kjøpt hotell, fortel han medan han leande ristar på hovudet. Nokre gonger tek livet uvante vendingar. 

Asbjørn reiste opp igjen til Tromsø for å høyre om kjærasten Marte, som kom frå Lillestrøm og studerte russisk, kunne tenkje seg å flytte saman med han til ei bygd på Vestlandet ho ikkje hadde høyrt om før. Det vart starten på eit nytt kapittel, i dag er familien blitt fire, med barna på 11 og 13 år. 

- Det vart ein overgang, arbeidsdagane på Fønix vart alt-oppslukande, det var tøffe tider med store økonomiske utfordringar. Alle la ned ein stor innsats slik at ein klarte å snu trenden. 

Asbjørn og resten av vennegjengen klarte å redde hotellet som er i god drift også i dag. Opp mot 300 arbeidstimar i månaden tærte likevel på kreftene, og til slutt vart det så mykje at Asbjørn valde å seie opp, då fekk andre ta over leiarjobben. No er Asbjørn ute av drift, men framleis inne på eigarsida. 

- Eg er god på struktur og å få ting i gang, men eg er ein dårleg seljar. Men me er tette i denne vennegjengen endå, i helga var fleire av oss på skitur. 

Etter Fønix var ikkje Asbjørn redd for å ta kontakt med folk han gjerne ville jobbe for. I 2007 vart han fungerande dagleg leiar i Destinasjon Haugesund & Haugalandet, før han tok jobben som prosjektleiar i Dreis AS. Selskapet vart oppretta for å drive næringsutvikling i reiselivet, og blåse liv i regionen som destinasjon. 

Rettferdig vekst

Asbjørn meiner endring er bra så lenge det fører til ei forbetring. Med mellomoppgåve i den sosialøkonomiske teorien Pareto-optimalitet veit han at det som kjennes urettferdig også kan gi vekst til fleire.

- Eg testa det på borna då dei var yngre, eg sa dei kunne velje mellom å få 2 godteri kvar eller at søstera fekk 6 godteri medan broren fekk 4. Etter ei lang tenkeøkt tok dei poenget og valde den siste versjonen, dei såg at det gav dei betre resultat sjølv om det ikkje er rettferdig.

- Eg trur mange i næringspolitikken og kan lære noko frå det, kanskje spesielt i denne koronatida der nokre er meir opptekne av å fordele erstatningskroner rettferdig enn å tenkje nytt for å skape meir.  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden