Treng gode rollemodellar

Frida Hundhammer (20) frå Ølen tok realfag då ho gjekk på studiespesialiserande på Ølen VGS. Ho visste at ho meistra mattefaget og var interessert i både fysikk og kjemi. 

– Eg hadde ingen plan, men valde å byrja å studere til sivilingeniør på NTNU. Etter ei stund forstod eg at dette ikkje var heilt rett for meg, då skifta eg over til fysioterapi. Men no veit eg ikkje heilt om det heller er det rette, eg saknar realfaga litt, seier ho og smiler. Ho veit godt at ho har mange år på seg til å lande det valet. Sjølv etterlyser ho at grunnskulen er endå tettare på dei elevane som treng fleire utfordringar enn vanleg undervisning. 

Aslaug Nordtveit (22) drøymer om å ta master i marinebiologi. (Foto: Privat)

– Kjærasten min gjekk på skule i Oslo, og eg ser det er store skilnadar mellom korleis dei og me har hatt det. I 10 klasse hadde ein VGS-matte, og i tredje klasse på VGS fekk han møte universitetsmatte. Eg trur det er viktig at ein legg til rette for at elevane skal få dyrke det dei er gode i, samstundes som ein sjølvsagt må hjelpe dei ein kan. 

– Kva er drøymejobben din?

– Det veit eg faktisk ikkje, eg trur det fell på plass når eg finn den rette utdanninga. Eg vil gjerne jobbe både med realfag, teknologi og menneske. Det hadde vore supert. 



Frida er ikkje åleine om å vere glad i matte, Aslaug Nordtveit (22) frå Vats fekk ei gryande interesse for matte og naturfag på ungdomsskulen. Ho likte mattesvara ein kunne setje to strekar under og meistringskjensla ho fekk når ho løyste vanskelege oppgåver. Etter kvart byrja ho å hjelpe medelevar som sleit, og lærarane oppmuntra henne til å gå vidare med realfag. 


– Morfar var mattelærar på Skjold skule, og eg har nok fått matteinteressa med meg. Det betydde og at eg alltid hadde god hjelp, fortel Aslaug som valde matte og fysikk då ho starta på studiespesialiserande på Ølen VGS. 

– Mange av veninnene mine har gått på helseutdanningar og mange av dei seier dei ikkje likar matte. Det går mykje på interesser trur eg, det er viktig for kva du vel vidare. 

I dag studerer ho biologi i Kristiansand, i klassen på om lag 40 studentar er berre 10 gutar. 

– Det er mange jenter som vel biologiretninga. sjølv ynskjer eg å bli utvekslingsstudent i Australia og mogleg ta ein mastergrad i marinbiologi. Målet må vere at det blir mindre skilje mellom gutar og jenter på kva utdanning dei vel. Me treng og fleire gutar som vil bli sjukepleiarar, slår ho fast. 



Jorunn Bringeland Berge i NITO håpar fleire jenter vågar å ta tøffe realfag. (Foto: NITO)

Jorunn Bringeland  Berge er leiar for NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland, i tillegg jobbar ho som IT-ingeniør i Westcon Yards i Ølensvåg. Ho vil gjerne sjå fleire jenter ta realfag og satse innan IT og teknologi. 


– Det blir fleire jenter i denne bransjen og, men det går seint. Ofte når me er ute på konferansar tenkjer eg: å der er det ei kvinne, men det viser seg ofte at dei då jobbar med sal eller design, og som regel ikkje IT-drift. 

Sjølv gjekk ho naturfaglinja som det då heitte på vidaregåande, før ho tok bachelorgrad som elektroingeniør. Etterpå tok ho eit år med påbygg i økonomi og administrasjon. Jorunn trur fleire jenter ville valt realfag på vidaregåande om dei tok sjølvstendige val, og om dei hadde fleire gode rollemodellar å sjå opp til. 

– På ungdomsskulen er mange sterkt knytte til vennegjengen og vil gjerne gjere det same som dei andre. Det er ikkje alltid ungdommane er klare for å ta sjølvstendige val, i tillegg har foreldra sine val og korleis dei påverkar elevane mykje å seie. Det er større sjans for å ta akademisk utdanning dersom ein av foreldra har tatt det, fortel ho og legg til at begge hennar barn så langt har valt yrkesfag. 

– Men eg heiar på det og, men treng flinke fagfolk. Så kan dei eventuelt gå vidare seinare. Det viser seg at ingeniørar med fagbrev er særleg etterspurde i arbeidsmarknaden. 

Ho trur mange jenter må bygge sjølvtillit og vise seg sjølv at dei klarer å meistre realfaga. 

– Mange tenkjer at matten spesielt er for vanskeleg, men det er mange jenter som er flinke i realfag. Ein må få fram dei gode rollemodellane som viser igjen i bransjen, fagfeltet går ikkje akkurat bakover, det blir stadig meir teknologi i heile samfunnet. 

– Eg visste sjølv at eg ikkje ville bli lærar, og at eg ikkje passa inni helsevesenet. At det vart ingeniør var nok litt meir tilfeldig, eg fekk plass på ein linje der eg treivst, slik trur eg det er for mange.

 

Vestlandsforsking runda nyleg av eit fem år langt forskingsprosjekt med namnet Jenter og realfag. Dei kartla blant anna at det på Høgskulen på Vestlandet berre var ni prosent av søkjarane som hadde IT på førsteval var kvinner. På landsbasis var talet 29 prosent, noko som var ein sterk auke frå 17 prosent 10 år tidlegare. Rapporten frå Vestlandsforsking peikar på tre hovudgrunnar til at fleire gutar enn jenter ser ut til å vere interesserte i IT og teknologi. For det første slår dei fast at fleire gutar enn jenter møter programmering og speling i tidleg alder, i tillegg blir jenter i mindre grad enn gutar oppfordra til å søkje teknologifag, og for det tredje trengs det gode rollemodellar for å vise at ein kan få det til. 

På Ølen VGS har dei ei overvekt av jenter på realfag. Men dei ser likevel eit tydeleg mønster der gjerne gutane vel vanskelegare mattefag enn jentene, og jentene raskt vel vekk fysikken. 

– Mange av jentene på realfag tenkjer på medisinstudium eller liknande, dei vel ofte kjemi og biologi. Det er derimot få jenter som vel ingeniørfag og matematikk, fysikk og IT, særleg dei siste åra, fortel avdelingsleiar for studiespesialiserande, Gjertrud M Helland. 

Rektor ved Lundeneset VGS, Gustav Løge Fosse, er samd med kollegaen i Ølen. 

– Fordelinga mellom gutar og jenter på realfag varierer ein god del frå år til år utan at det er nokon tydeleg tendens. Det er i år få jenter på VG3 som tek realfag, medan jentene er i fleirtal på VG2. Dei fleste, både jenter og gutar tek som regel matematikk. Elles er det nok biologi og kjemi som flest jenter vel, gutane vel oftare fysikk, seier han. 


Synnøve Matre i AutoStore var lenge einaste dame som jobba med utvikling i bedrifta. No ser ho ei sterk utvikling. (Foto: Kristian Risanger)

Synnøve Matre i AutoStore var lenge åleine som kvinne i teknologibedrifta. No ser ho at fleire jenter kjem til og blir ein del av utviklinga i selskapet, men ho trur likevel det er stort potensiale i å få fleire jenter til å velje realfag. 

– Mange jenter har for stor respekt for realfaga og teknologien. Tradisjonelt er det gutane som gamer og får inn dataverda frå dei er små. Teknologi og programmering bør inn som pensum tidleg i barneskulen meiner eg. 

Og ein må hugse på at innan teknologi er det eit enormt spekter av ulike jobbar, her er det moglegheiter for dei som likar realfag, logikk eller matte, seier Synnøve som meiner ein kunne ha hanka inn fleire jenter viss ein klarte å vise dei kor ufarleg det er å gå realfagsvegen. 

– Me treng å sjå gode rollemodellar, at kvinner kan studere teknologi, ha spanande leiarjobbar og stillingar sjølv om dei har små barn heime. Det er sunt å ha eit mangfald på arbeidsplassen, det er ikkje  bra å berre ha kvinnelege sjukepleiarar eller mannlege programmerar. 


 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden