Tre generasjonar på skogdag i eigen skog

Hogst i bratt terreng er ikkje for kven som helst. Onsdag fekk rundt 30 frammøtte demonstrert kor effektivt det er når dei som kan det gjer jobben.


Vestskog og Vindafjord Skogeigarlag sto for arrangementet i Haukedalen, og T. Frivik Taubanedrift gjorde jobben i furuskogen til Torleif Stople, som driv gard og skog saman med kona Else Gurine. Torleif tok over garden etter mor Marta i april 2000, og både ho og yngstemann Martin (7) var med på skogdagen. 

For å kunna ta ut skogen måtte det byggjast veg. Her var det mange turar ut i området for å finna den beste traseen, og mange involverte i planlegginga, som skogbruksavdelinga i kommunen, Vestskog, vegplanleggjar hos fylkesmannen og Torbjørn Frivik i T. Frivik Taubanedrift. Sistnemnde for å sikra best mogeleg trasè i høve drifta, som også er nøye planlagd for å vera mest mogeleg effektiv. 

Entreprenør Bjarne Nordtveit har bygd vegen som ekteparet Stople eig saman med Jan Idar og Kari Synnøve Haugen.  Jobben Nordtveit har gjort fekk mykje skryt, mellom anna frå fylkesskogmeister Stein Bomo og skogeigaren. 

Verdiskaping til garden 

- Sidan 16. september er det kjørt ut rundt 1500 m3 tømmer. Det utgjer 50 vogntog. I heile perioden har det regna mykje, men vegen er like fin som om den var ny, seier Stople. 

Han går for treskifte, og skal planta gran på hogstfeltet. Den nye skogen vil årleg fanga CO2 tilsvarande utslepp frå 280-300 bilar og vil visa godt att i miljørekneskapen til garden. Skogen veks seg også til ein stor verdi som tømmer, men den blir det barnebarna til Stople som får ta ut om rundt 60 år. 

- Ein plantar ikkje for eigen del, men for å utnytta areal og få verdiskaping til garden. Skogen vi haustar no er det morfar min som har planta, og neste generasjon får ta ut skog som far har planta, seier Stople. 


Underskot utan tilskot 

I 2005 bygde Stople og Haugen 700 meter skogsbilveg ned til vatnet. Den nye vegen er ei forlenging av denne med 1270 meter av høg standard, og både vegen og uttaket av furutømmeret er ein stor kostnad. 

- Den nye vegen vil gje begge gardane betre musklar, men utan kommunale og fylkeskommunale tilskotsordningar og skatteordningar for skogbruk, hadde det vore eit stort underskotsprosjekt. Med å selja noko av tømmeret lokalt og nytta kvist og anna materiale som ikke kan gå som tømmer til flisfyring, ser det ut til at prosjektet kjem til å gå i null, fortalde Stople dei omlag 30 frammøtte. 

Fylkesskogmeisteren hadde med gåver, og Torbjørn Frivik var rask med å gje konfekten vidare til Ricardas Meizys og dei to andre i hogstlaget.

Ekteparet Stople driv mjølkeproduksjon med 18-20 kyr, har ein del ammekyr og driv med gris. Flisfyringsanlegget på garden gjev varme til både folk og dyr, forbruksvatn og verkstad. 

Eigentleg skulle skogdagen vore 8. desember. Då var stormen Aina på veg, og arrangementet blei avlyst. I tilfelle ikkje alle hadde fått avlysinga med seg, var Njål Søndenå, skogbruksleiar Nord-Rogaland i Vestskog, på plass. Han kunne fortelja at åtte-ti personar kom trass ruskevêret. Dei fekk ein spesialdemonstrasjon. 

Effektiv hogst i bratta 

Mjølkebonden Torbjørn Frivik frå Kyrkjebø dreiv med hogst i bratt terreng privat før han starta T. Frivik Taubanedrift i 2004. I dag er selskapet leiande i Noreg på uttak av tømmer i bratt terreng, og dei nyttar også utstyret til å montera eller demontera røyrgater i bratt terreng. 

- Den tyngste jobben er å få på plass løypestrengen. Her er den vel 400 meter lang. Når det er gjort, gjer maskinane dei tunge jobbane. Vi har fire  banar som er i full drift året rundt med seks lag som går i turnus. Det brattaste vi kan jobba med er ei stigning på 35 prosent på spennet. Då er terrenget mykje brattare, seier Frivik. 

To mann høgg og koblar trea til løpekatten. Den har ein 100 HK firesylindra motor, rullar opp og ned på to store hjul, kan løfta tre tonn, og alt er radiostyrt av ein mann frå bilen. Bilen er spesialbygd med forankringstårn på 14 meter og kvisteaggregat. Det går unna i imponerande fart i Haukedalen. Frå eit tre er felt til tømmeret ligg stabla, går det ikkje mange minuttane. 

I den mørkaste delen av året er arbeidsdagene korte. Det er ikkje lyst nok til å jobba før i nitida. Frivik spurte derfor produsenten i Østerike om å montera lys på løpekatten.

- Spøker du med meg, mister Frivik, var svaret eg fekk. 

Dette hadde dei aldri blitt spurt om før. Men 15 minuttar lengre tid morgon og kveld blir mange timar i løpet av eit år. 

- No er det lys på alle løpekattane, fortalde Frivik.

Produksjonen kan tidoblast 

Dei frammøtte fekk mykje informasjon om både økonomi og drift. 

Fylkesskogmeister Stein Bomo.

- Dette prosjektet har vore planlagt i mange år, og eg har jobba mykje med det. Denne type drift er det ikkje så ofte vi har på våre kantar, og det skal etter planen hoggast 3-3500 kubikkmeter fordelt på 250-300 dekar. Men det er ein del lauvskog innimellom, så det spørs om det blir så mykje. Truleg endar vi på 10-12 m3 på målet. Det blir tatt ut sju sortiment: tre skur, to til eksport og ein lokalt, ein skurslip, to massevirke og ein bjørk, fortalde skogbruksleiar Søndenå. 

Fylkesskogmeister Svein Bomo var mellom anna innom at det blir hogd for lite furu i Rogaland, og det har gjort at ein har vald å flytta taubanetilskot over på furu. 

- Dette er gode areal å dyrka skog på, og med treskifte til gran og god planlegging av plantearealet, vil snittproduksjonen kunna tidoblast. Det vil gje ei betydeleg avkastning, men då må skogen få stå i 60 år. Så det Torleif og Jan Idar gjer no, blir det to generasjonar fram som får hausta, sa Bomo. 

Ny plan for skogsbilvegar 

Første instans i planlegging av hogst, vegbygging eller planting, er kommunen. Skogbruksansvarleg Gitte Halvorsen gav ei nyttig oversikt over korleis ein skal gå fram, og ikkje minst kor og til kva det er mogeleg å få tilskot. Som 40 prosent tilskot til planting eller 50 prosent om ein plantar gran der der før var furu. 

Ho kom også med ei nyhende i høve til skogsbilvegar. 

- Interessa for å byggja skikkelige vegar har auka dei seinaste åra. Dette har høg prioritet, for vegar med høg standard er viktig for effektiv drift. Vi er i ferd med å laga ein hovudplan for skogsbilvegar i kommunen med ei oversikt over kva veganlegg det kan vera aktuelt å jobba med. Område som blir prioritert, vil ha større sjanse til å få dei høgaste tilskota. Målet er minst to anlegg i året, og planen skal opp til politiske handsaming i 2018, sa Halvorsen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden