Tradisjon bygd på dugnad og støtte frå næringslivet

- Så godt som alle bedrifter i Sandeid, og andre bedrifter i kommunen med sandeidsbuar på eigarsida, støttar opp om Kystkulturdagane. Denne helga blir festivalen arrangert for 19. gong.


Kjell Ove Leite, leiar i Fokus Sandeid, som har hatt ansvaret for Kystkulturdagane dei siste åra, er svært takksam for støtta frå næringslivet, og er klar på at utan denne velviljen ville det vore vanskeleg å gjennomføra arrangementet. 

- Næringslivet er til stor hjelp både med utstyr og reine sponsormidlar, og saman med billettpengar frå dei ulike arrangementa har me kvart år enda opp med eit lite overskot, fortel Leite. 

Overskotet deler Fokus Sandeid med lag og organisasjonar som stiller med vakter og dugnadsfolk på dei ulike arrangementa. 

- Det vankar rundt 125 kroner i timen per vakt, og den delen av overskotet Fokus Sandeid sjølv sit att med vert nytta til gode formål i bygda – pynting med blomar i sentrum, tilrettelegging på badeplassen og andre tiltak som gagnar bygd og bygdefolk. 

Frå båt til bubil 

Frå gamalt av var Kystkulturdagane i Sandeid tufta på – ja, nettopp kystkultur. Kystkulturdagane var ein festival som skulle visa folket korleis det var før i tida, både til sjøs og til lands. Framvising av båtar og korleis livet fungerte til sjøs og omkring i fjordane stod sentralt. 

- Det var i den tida då alle hadde båt i Sandeid, og båtforeininga hadde gode dagar. Det var eit godt miljø for båtliv, og eit stort engasjement for å sikra attraksjonar som gamle «Rogaland» og «Salten» som trekkplaster. No er det bubil som gjeld i Sandeid, ler Leite, men legg til at det ikkje er bubilmiljøet som skal prega årets festival. 

- Me satsar framleis på gamle tradisjonar og minst 80 prosent av programmet skal vera av det gode, gamle og kjente slaget, medan resten blir nyskapingar, informerer Leite. 

Av sistnemnde slaget er starten på laurdagen. Då vonar arrangøren at flest mogleg skal finna vegen opp til toppen av den 575 meter høge Øktaren. 

- Det er ein kjempefin tur for dei som berre vil rusle oppover mot toppen, men ei utfordring for dei som hastar etter å koma til topps. Me har lagt opp til eit skikkeleg motbakkeløp med start frå festivalområdet og målgang på Øktaren, om lag 5,5 kilometer opp fjellsida. Med vêret som er meldt, så kan eg lova ei flott utsikt over bygda for alle som tek seg til topps, anten dei tar det roleg eller utfordrar seg sjølve og andre med konkurranselyst. Blir det ein suksess, så legg me det kanskje inn som fast post i programmet i framtida, fortel Leite. 

«Alle» skal på Kystkulturdagane 

Frå å trekke båtentusiastar – særleg veteranbåtentusiastar – frå fjern og nær har Kystkulturdagane utvikla seg til ein festival for eit meir lokalt publikum. 

- «Alle» frå Sandeid må sjølvsagt på eit eller fleire av arrangementa våre, og utflytta sandeidsbuar kjem alltid heim til desse dagane. Denne helga er det lys i kvart eit vindauge i hus, hytter og fritidsbustadar. På Kystkulturdagane treffest gamle vener frå nærmiljøet og bygdene rundt oss til ein god drøs og mannjamning naboar imellom, fortel Leite. 

Mannjamninga han siktar til er den tradisjonelle «Kystens raskaste sjauar» og beste roarar i toar-robåt. 

- Me har eit par trebåtar som me vonar at flest mogleg vil stilla til dyst i, og lovar ut 2000 kroner vinnarbåten. Det skulle dekke inngangsbilletten og litt til dersom vinnarane vil vera med oss i teltet laurdagskvelden der Ingvald og Bengt underheld og FordRekord spelar opp til den tradisjonelle dansen, seier Leite. 

Neste år er det 20-årsjubileum, og då lovar festivalgeneralen eit heftig jubileumsprogram.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden