Tomat-brør med høg omsetnad

18 mål med drivhus produserer 70 paller med tomat og agurk som kvar veke vert send til Bergen og Oslo. I år reknar brørne Kåre og Geir Reed på Smedsvik gård i Skjold med ein omsetnad på rundt 18 millionar kroner.


Smedsvik gård har lenge vore den største produsenten av tomat og agurk i Nord-Rogaland. No er dei også blitt den einaste etter at alle andre har gitt opp. Det kostar å halda seg oppdatert på drift og utstyr, og brørne har nyleg utvida for 10 millionar kroner. Det har mellom anna gjeve 4,5 mål med nye drivhus, nytt fyringsanlegg under bakken og avansert datastyring av det aller meste. 

Han og broren Geir overtok garden for fire år sidan etter å ha eigd ein tredjedel kvar saman med faren Martin. Han kjøpte garden i 1984, og då var det også minst fem andre tomat- og agurkprodusentar på Haugalandet. Martin er eigentleg pensjonist, men jobbar framleis fulle dagar. Mor Ruth hjelper til innimellom. Anita, kona til Kåre, og søstera Siri Nonslid, jobbar fast to og tre dagar i veka. Ei skikkeleg familiebedrift med andre ord. 

Blant dei første i Noreg 

- Farfar Gabriel i Stavanger var ein av dei aller første i Noreg som starta med å dyrka tomatar. Så vi er tredje generasjon med tomat- og agurkdyrkarar, og fjerde generasjon er godt i gang som ekstrahjelp og sommarvikarar, seier Kåre. 

I dag produserer Smedsvik gård 500 tonn agurkar og 400 tonn tomatar i året. I år vil omsetnaden bli rundt 18 millionar kroner, og det er truleg den største omsetnaden for eit gardsbruk i Vindafjord. 

Produksjonen startar i februar og går fram til november. Med så store mengder som skal plukkast, sorterast og pakkast, er det trong for meir arbeidskraft enn det familien har. 

Har hatt polske tilsette i mange år 

- Vi har ein stabil og flink arbeidsstokk som kjem frå samme stad i Polen. Mange av dei er i familie, og ein del av dei har vore hos oss i mange år. Dei rullerer og er her tre månader og heime tre månader. Vi byrjar sesongen med seks polakkar, aukar på til ti store deler av sesongen og trappar ned til åtte på slutten av sesongen. Vi har også to om vinteren som er med på alt som må gjerast av rydding, nedvasking av alle drivhusa og klargjering til neste sesong, fortel brørne. 


Dei startar dagen rundt sju om morgonen for å sjå til at alt er som det skal. Plukking, sortering, pakking, eventuelt bytting av planter, fjerning av lauv, heving og tvinning av planter og stabling på paller går fram til midt på dagen. Då er det ein times pause før arbeidet held fram til 16.30. For brørne blir det gjerne ein runde i drivhusa på kveldstid også. 

Lar humlene gjera jobben 

- Lys, vatning, varme, fukt, næring og lufting er datastyrt, men vi må følgja med at det fungerer. Det går mellom anna med 70.000 liter vatn i løpet av eit normalt døgn. Blir det stopp på eit eller anna, kan alt styrast manuelt, men det er veldig arbeidskrevjande, seier brørne. 

Kåre (t.v.), Martin og Geir Reed framfor drivhusa som Martin starta med då han kjøpte garden. I dag blir dei brukt til å dyrka fram planter.

Ei maskin brettar kassane, ei maskin sorterer tomatar og ei maskin pakkar agurkane i plast. Resten er manuelt arbeid. Dei har også nokre heilt spesielle hjelparar med vengjer. 

- I starten på sesongen går vi rundt med lange stokkar og hjelper til med bestøving. Deretter gjer humlene mesteparten av den jobben. Dei kjem i eigne humlekassar og blir bytt ut ein gong i månaden, fortel Geir. 

Lagar planter sjølv 

Brørne dyrka alle tomat- og agurkplantene i to av dei eldste drivhusa på garden. 

- Den første runden med agurkfrø blir sådd 20. desember og planta ut 15. januar. Det går fem veker frå såing til første avling. Plantene blir skifta ut fire til fem gonger fram til november. Dei veks fort og doblar høgda på to veker, seier Kåre. 

Tomatplantene veks seinare og produserer frå samme planta gjennom heile sesongen. Etter kvart som stenglane veks, blir dei nederste blada fjerna og stenglane tvinna. Når sesongen er over, har stenglane blitt åtte-ti meter lange. Det går åtte veker frå tomatplantene blomstrar til tomatane er raude, og dei første tomatane blir raude i midten av april. 

- Vi dyrkar klasetomatar, men plukkar også enkelttomatar på delar av arealet. Klasane må plukkast i akkurat rett tid før dei blir for modne. Modninga held fram også etter at dei er plukka, så vi må ta omsyn til tida det tar med transport og lagring før tomatane ligg i butikken, seier Kåre. 

Leverer til Bergen og Oslo 

Mesteparten av både agurk og tomat blir send til Bergen. Måndagane går det ei stor last til Rema-butikkane i Oslo. 

- 90 prosent av alle tomatar blir dyrka i Sør-Rogaland. Då seier det seg sjølv at vi må selja andre stader. Bama i Bergen tar imot alt frå oss, og også det som blir transportert til Oslo går via Bama-systemet, seier brørne. 

Transport er ein av dei store kostnadane for ein tomat- og agurkprodusent. Dei må nemleg betala transporten sjølv. I dag kostar det 450 kroner per palle, og frå Smedsvik går det rundt 70 pallar i veka store deler av sesongen. 

Den nye europavegtraseen tok 40 mål av garden, som i dag er på 260 mål totalt, med 40 mål dyrka mark og 80 mål skog. Dei hadde over 100 vinterfôra sauer, men har redusert talet til 60-65 fordi det er tidkrevjande å stella og sjå til så mange sauer. Tid som dei har bruk for i arbeidet med drivhusa. 

Kjem frå Sauda for å handla 

Men det er ikkje berre Bama-kundar i Hordaland og Oslo som får handla tomatar og agurkar frå Smedsvik gård. Heilt sidan starten har dei hatt sjølvbetjent utsal som mange lokale og andre vindafjordingar nyttar seg av. Martin fortel også at dei har ein del faste kundar som kjem langvegs for å handla, mellom anna frå Sauda og Haugesund. 

Ein skulle tru at omlegging av europavegen ville føra til at det blei mindre direktesal, men det stikk motsette har skjedd. 

- Vi har aldri hatt så mange innom som etter at nyevegen kom. Flere utlendingar er det også blitt. Vi treng ikkje snakka med kundane for å sjå kven som er norske eller ikkje. Nordmenn går ut med ein halv pose med tomat og agurk, utlendingane fyller to posar, seier Kåre.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden