Tilbyr gratis gründerkontor


Etne kommune har gått inn på ein årleg avtale som sikrar gründerar gratis kontorplass i tre månadar. I Medvind24 Næringshage-lokala i Etne får dei tilgang til kontorplass og eit nyttig nettverk av andre lokale bedrifter, kontora er klare for utleige allereie no på starten av det nye året.

Utfordrande oppstart

Ordførar i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) , meiner dette er eit godt springbrett for dei som er i startgropa med eiga bedrift.

– Dette gjer me for å vise at me ynskjer fleire etableringar, me ynskjer å støtte opp om dei som vil starte noko. Er du i startfasen med eiga bedrift er det også viktig at du har nokon å støtte deg på, og eit fellesskap du kan dra nytte av, meiner ordføraren som allereie i 1987 starta opp si eiga bedrift, og ser at det kunne vore nyttig med eit støtteapparat i starten.

– Eg veit ein del om at det tar tid å byggje opp noko, det blir mykje gratisarbeid og lange dagar i starten og det kan ta tid før ein kan ta ut lønn, så økonomisk sett er det gunstig å kunne ha ein gratis kontorplass ein periode. Her kan ein få tips om nyttige kontaktar, og lære av andre sine feil. Det er også viktig å kunne smørje nistepakka og ha eit kontor å gå til, det kan vere utfordrande å sitje på heimekontor og, meiner ordføraren.

Viktig nettverk

Dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Nils Einar Steinstø, er godt nøgd med at Etne kommune no satsar på ein gratis kontorplass for dei som startar bedrift. Det skulle han gjerne og sett kom på plass som ordning i Vindafjord.

– I ein oppstartsfase er det spesielt viktig å ha tilgang på gode folk rundt deg, og tre månadar er eit godt perspektiv for å kome i gang med bedrifta, seier han og viser til at dei som nyttar seg av tilbodet kjem tett på han i Fikse Næringsforening og andre bedrifter som sit i Medvind24 Næringshage.

– Nettverket her er kjempeviktig. Etne har plass til mange fleire oppstartsbedrifter og gründerar med gode og levedyktige prosjekt. Erfaring viser at dei fleste nyetablarar treng hjelp til å bygge nettverk, auke kunnskap og ikkje minst har dei behov for ein stad å vere. Her får du vist fram kven du er og kva bedrifta di held på med. Mange av bedriftene har også mange av dei same utfordringane i oppstarten, uavhengig av kva du driv med, då er det gunstig å kunne snakke med andre i lunsjen, meiner han.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden