Tilbake til røtene for jubilant Ebne

Det var frukttre, bærbuskar, kål- og andre nytteplanter bestefar Bernhard Ebne satsa på då han kjøpte gard og starta det som i dag er Ebnes Hagesenter for 80 år sidan. I jubileumsåret er det nettopp matplanter som toppar salsstatistikken.

 

- Urter og andre vekstar som kan nyttast til matlaging har gått unna i år, konstaterer Bent Ove Ebne, tredjegenerasjons gartnar i Ebne-familien på Nerheim i Ølen. 

Bokstaveleg tala tilbake til røtene, med andre ord. Og som i variantar av blomar er utvalet av urteplanter uteljande. 

- Det er så mykje nytt i urter at sjølv kokkar har vanskar med å kjenne til alle slaga. Ein kokk som var innom oss for ei tid sidan vart nesten litt skjemd over å kalla seg kokk då han oppdaga kor mange urteslag han ikkje kjende namnet på, ler Ebne. 

Så mykje meir enn matplanter 

Det er ein stolt gartnar som i desse dagar feirar 80-årsjubileum for familiebedrifta bestefaren starta i 1936. Han har god von om vidare drift i verksemda i minst ein generasjon til. Foto: Torleif Heggebø

Medan matplanter var det kundar flest hadde trong for då bestefar Ebne dreiv gartneriet, og prydbuskar som til dømes rododendron berre var noko legar, skipsreiarar og andre rikfolk hadde råd til, er dagens hagesenter så mykje meir enn matplanter. Ebne har ikkje oversikt på kor mange slag blomar, planter og tre dei har å tilby i den 4000 kvadratmeter store butikken. Salet av planter, hagemøblar og pyntegjenstandar så langt i år tyder på rekordomsetning. 

- I fjor nådde me toppen så langt med om lag 13,2 millionar kroner i omsetning. Dette var ein auke på eit par hundre tusen frå året før, men er me like heldige med vêret resten av dette året som til no, så kjem me til å passera 14 millionar i 2016, seier ein nøgd Ebne. 

Resultatet i fjor er han ikkje like nøgd med, men forklarar det med overgangen til ny kjede. BoGrønt gjekk inn i Hageland, og i samband med merkeskiftet var det naudsynt med ein del investeringar. Mellom anna måtte det investerast i nye datasystem og kassaapparat til den nette sum av 100 000 kroner per apparat. Totalt, og uavhengig av merkeskiftet, har Ebne investert om lag 20 millionar kroner i dagens anlegg. 

- Det neste på ønskelista er eit nytt lager. Låven der bestefar starta det heile er full av hagemøblar, og det kunne vore kjekt med eit litt meir eigna, moderne lager med meir plass etter kvart, seier Ebne, som stadig tenker utvikling av bedrifta og nye tilbod til kundane sine. 

Auksjonerer bort hagemøblar 

Om auksjon blir den nye hit’en skal vera usagt, men som ein avslutning på jubileumsveka har Ebne tenkt å auksjonera bort fleire hagegrupper, og kanskje ein del planter òg. Korleis han skal organisere auksjonen veit han ikkje, tre dagar før første auksjonsdag. Det har vore for travelt til å tenke på detaljane. 

- Eg har vore for opptatt med alle kundane – lokale som langvegsfarande – men eg reknar med at det skal bli gang på auksjonen komande laurdag og søndag. Med ein utropspris på null kroner er det jo visse sjansar for at einskilde kan gjera eit kupp, meiner Ebne, som òg kan tilby kundane sine orkidear med 80 prosent rabatt på utsalsprisen i jubileumsveka. 

Kanskje kjem det like mykje folk som på dei aller beste salsdagane. Parkeringsplassen med plass til 70 bilar har vore heilt full på fine vårdagar. 

- 1. mai har tradisjonelt vore ein god dag for oss; særleg når vêret er som no i vår og dagen i tillegg fell på ein dag midt i veka. Plantelysten ser ut til å vera på topp slike dagar, seier Ebne.  

Landets finaste hagesenter
kunne vore flyplass 

Innafor dei opne dørane i kjellaren på låven bak Bent Ove Ebne var det at bestefar Bernhard, og seinare far Eirik hadde butikken sin. No er bygningen nytta som lager, men går det som Bent Ove vil, så blir nytt lager neste steg i utviklinga av verksemda. Foto: Torleif Heggebø

Det få kanskje veit er at både parkeringsplassen, heile garden og kyrkjegarden like ved kunne ha vore flyplass. Det hadde nok ikkje bestefar Ebne i tankane då han kjøpte garden i 1936, men under andre verdskrigen planla faktisk tyskarane flyplass på Nerheim. Heldigvis for besterfar Ebne, og heldigvis for alle kundane som i desse dagar strøymer til hagesenteret – kanskje landets finaste – så vart det ikkje noko av desse planane. 

- Skal ein tru ei dame frå administrasjonen på Oslo-kontoret i Hageland-kjeda, så har me det finaste hagesenter i landet. Det gav ho iallfall uttrykk for då ho var her for ikkje så lenge sidan, fortel ein stolt Ebne. 

Ei kjend dame frå Etne – Aslaug Olden Mala – er samd, og skriv på Facebook-sidene til hagesenteret: 

«Gratulerer med Norges flottaste hagesenter. Har reist til Ølen og handla planter og blomar frå eg var lita jente. Reiste med bussen med handlelapp frå mor og far. Hugsar ein gong eg gjekk utanom lista og kjøpte eit mandeltre med lyseraude blomar. Hadde aldri sett noko så fint. Det var far til Eirik som stod for drifta då. Og seinare har familien følgd opp og ført gartneriet vidare til det blømande hagesenteret me ser i da. Gratulerer med jubileet til heile gjengen!»

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden