Tek unna 23.000 lam og sau i veka

Sjølv om du ikkje er til fjells, er sjansen stor for at du har treft på dyretransportar fulle av lam og sau alle vegar dei seinaste vekene. Hos Nortura Sandeid blir det slakta 11.000 lam og sau i veka, hos Fatland Ølen 10-12.000.


Vindafjord er ein av Noregs største husdyrkommunar, men når det er høgsesong for slakt av lam og sau, aukar talet med mangfaldige tusen dyr frå heile Nord-Rogaland, Ryfylke, Hardanger, Voss, og Vest-Telemark for Notura sin del. Fatland sitt område er frå Boknafjorden til Sognefjorden og så langt aust som Notodden, Bø og Hemsedal. 

Sesongen varer i 12 veker, og det vil truleg bli henta lam og sauer ut oktober. Den store toppen er i veke 36-39. Då er det 12-timarsdagar, og hos Nortura Sandeid tar dei unna rundt 11.000 dyr i veka. 

Fire ferdig slakta lam i minuttet 

- Dei første lamma kom i veke 34. Dette er dyr som har gått heime. Dei første fjellamma kom i veke 36, og no går det i eitt nokre veker framover. Vi er 60 tilsette til vanleg, men i lammesesongen blir talet dobla med sesongarbeidarar. Samstundes er slaktelinja effektivisert og leverer no fire ferdig slakta lam i minuttet frå 06.15 om morgonen til 18.00 om kvelden, seier dagleg leiar Britt Randi Stokkevåg hos Nortura Sandeid. 

Parallelt hos Nortura pågår det slakt av storfe. Der er det ikkje fullt så travelt, og slaktarane på storfelinja hoppar inn når dei som slaktar lam har pausar. Dermed kan slaktinga gå i eitt heile dagen med rundt 50 personar fordelt på alle stasjonane på slaktelinja. 

Sette dagsrekord med 2870 lam og sau 

Hos Fatland løyser dei det litt annleis. Frå morgonen av blir det slakta gris og storfe i nokre timar. Deretter blir slaktelinja klargjort for sau resten av dagen. Her blir også sauene klipt før dei blir slakta, medan klippinga er ein del av slaktelinja hos Nortura. 

- I toppvekene ligg vi på mellom 10.000 og 12.000 dyr i veka. Dagsrekorden så langt er 2870 lam og sau på ein dag, og eg ser ikkje vekk frå at vi kjem opp i 3000 dyr i løpet av sesongen. På det jamne ligg vi på 13 sekund per dyr på stasjonane på slaktelinja, seier dagleg leiar Svein Fatland hos Fatland Ølen. 

I lammesesongen er det 50-60 fleire tilsette hos Fatland, som har kring 300 fast tilsette. 


Levere stadig meir tilbake til bøndene 

- Hausten er spesiell, men i dag er det eigentleg sesong for noko heile året – jul, påske og grill til dømes – så vi har trong for mange tilsette til ei kvar tid. Det har vore ein veldig dårlig grillsommar vêrmessig, men vi har likevel seld meir grillmat enn i fjor. Og no er vi i full gang med å produsera pinnekjøt til jul, seier Fatland. 

Fatland Ølen produserer 100 pallar i timen med kjøtvarer, og Svein Fatland er glad for at ein del av dei 20 bilane med varer som køyrer ut frå slakteriet kvar dag også leverer til lokale bedrifter. 

- Det går meir og meir tilbake til bøndene. Vi trudde det skulle bli slutt på dette. I staden har det tatt seg opp, og vi leverer kjøt til stadig fleire som har starta med lokalmatproduksjon. Det tyder på at det er marknad for dette, og at både dei som produserer og kundane ser at lokal, kortreist mat har stor verdi, seier Fatland. 

Lettare lam og betre kvalitet 

I fjor var det eit stort overskot på lam, og lagera vart ikkje tømde før for kort tid sidan. For å motverka at det same skjer i år, er eit av tiltaka å setja ned kravet til stjernelam frå 16 til 15 kilo. 

- Vi var litt spente på korleis denne sommaren ville slå ut på vekta til lamma. I veke 36 er snittvekta på lam 0,4 kilo lågare enn i fjor. Det er høyrest ikkje så mykje ut, men gjev store utslag totalt. I kombinasjon med lågare vekt på stjernelam, vil det bidra til å regulera produksjonen. Samstundes er det ein svak auke i klasse, slik at det per no ser ut til at lettare lam også har gjeve betre kvalitet, seier Stokkevåg. 

Fårikålsesongen er på topp framover, men Fatland produserer også pinnekjøt for fullt.

Hos Fatland er trenden den samme med rundt 0,4 kilo lettare lam i snitt. 

- Kvaliteten er jamt god på lamma, og til no er skilnaden på klassinga minimal samanlikna med i fjor. Så langt er dyra totalt litt magrare i snitt, men det kan ha samanheng med at vi har fått fleire sau til slakt i år enn i fjor, seier slakterileiar Auduns Stople. 

Klassing viktig for både pris og tilskot 

For sauebøndene har klassinga mykje å seia for kva dei får betalt for dyra. Over heile Europa blir slakt klassa etter EUROP-systemet. Kva bokstav står for ein klasse. E er best og P dårlegast. 

I kvar klasse er det også pluss og minus slik at ein totalt har 15 klassar. I tillegg er det feittklasse frå 1-5 med pluss og minus. Kjøtfylden på slaktet blir også vurdert, og skrotten blir delt i tre: lår, rygg og frampart. 

Høgaste klasse blir betalt best, men det er også viktig å få O+ eller høgare. Det utløyser eit tilskot på 532 kroner per dyr.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden