Teams-møter og færre reiser

Rune G. Johnsen i Tveit Regnskap meiner korona-året 2020 også har ført med seg nokre positive konsekvensar inn i det nye budsjettåret.


2020 var året det Teams-møter vart den vanlege møteforma, der handspriten vart ein naturleg del av alle kontorfellesskap, og der heimekontoret ikkje berre var på unntaksdagar lenger. No er vaksineringa i gang og ein kan håpe på ein meir normal arbeidskvardag. Men har korona-året også gitt oss noko verdifullt som me kan ta med oss vidare inn i eit nytt budsjettår?

Næringsbarometer

Tveit Regnskap kjem med kvartalsvise næringsbarometer for lokalt næringsliv. Det er framleis for tidleg å slå fast korleis siste kvartal i 2020 vart, men nokre trekk kan ein likevel dra fram.

  • For heile utvalet av bedrifter i Nord-Rogaland og Sunnhordaland som omset for 2-50 millionar, er utviklinga i omsetnad dei fire siste månadane av 2020 stabil i forhold til året før.
  • Varehandel har klart seg kjempebra i denne perioden, spesielt bedrifter i denne kategorien som rettar seg mot privatmarknaden. 2 av 3 varehandelsbedrifter har høgare omsetnad enn same periode i fjor.
  • For bygg og anlegg og industri er det meir usikre tal, men per nå ser det bra ut, spesielt for industri.
  • For overnatting og servering er det som forventa kritisk tilbakegang i omsetnad. 


– Eg trur faktisk det, mange har skrudd ned tempoet og lever litt rolegare liv enn før, spesielt på fritida. Det treng ikkje vere usunt om me bremsar det jaget mange har kjent sterkt på og senkar skuldrene litt. Kanskje det er noko me kjem til å ta med oss vidare, spår han.

– Eg er glad for at dette ikkje kom for fleire år sidan, no er digitaliseringa komen langt hjå mange bedrifter, sjølv om korona-pandemien fekk fortgang på digitalisering og tekniske løysingar. Mange har tenkt nytt gjennom dette året, og det er jo positivt, meiner Johnsen.

Endra reisemønster

Johnsen er avdelingsleiar i Skjold for Tveit Regnskap, og ser at mange av bedriftskundane til rekneskapsfirmaet har endra seg gjennom den siste tida. Ikkje minst har reisemønsteret vårt blitt annleis.

– Eg trur jo teams-møta er komne for å bli, dei er effektive sidan ein ikkje brukar tida på mykje anna og ein sparer både tid og miljø-konsekvensar med mindre reising, seier han.

– Men det er og viktig å sjå kvarandre, og ta del i den samtalen som ikkje er formell, men som ofte skjer i pausane eller innimellom alt anna. Det kjem ofte viktige avklaringar på plass i uformelle situasjonar. Eg trur nok det blir ei blanding i framtida, at ein reiser når det er viktig å treffast fysisk, slår han fast og peikar på at han sjølv jobbar i ei bedrift med mange avdelingar lokalisert rundt på Vestlandet.

– Dette året har me jo gjerne fått fleire kollegar det tar lang tid før du møter fysisk, men me har og sett at teams-møta ofte fungerer godt, og at ein får gjennomført gode møte digitalt. Men det kan aldri erstatte å møte folk ansikt til ansikt.

Tøft år

Endring i reisemønsteret på fritida har og gitt positive konsekvensar for handelsnæringa.

– Når folk ikkje kan reise lenger brukar dei meir pengar på hagearbeid, byggeartiklar og friluftsutstyr. Det er mange butikkar som har hatt betre sal i 2020 enn året før og dermed auka omsetnaden. Likvel er det mange i handel og turisme som har lagt bak seg eit knalltøft år.

– Sjølvsagt har mange bransjar hatt det tøft, spesielt innan kultur, servering og reiseliv har mange hatt stengte dører i lange periodar, så kontrastane er store. Kanskje ein kan håpe på at folk vil feriere meir i heimlandet også framover?

Han ser at mange bedriftsleiarar har kjent på sterkt press gjennom dette siste året, situasjonen har vore uoversiktleg og konsekvensane store for dei som har stengt dørene eller mista jobben.

– Det er vanskeleg når omsetnaden forsvinn, då er det vanskeleg å finne roen. Kostnadane aukar på og ein må gjerne ty til permitteringar. Det er bra me har hatt gode kompensasjonsordningar på plass sjølv om dei ordningane ikkje alltid treff like rettferdig, fortel Johnsen som sjølv har fungert som rådgjevar for mange av desse bedriftene som har hatt stort behov for råd om tøffe vegval. Fleksibelt heimekontor Johnsen ser at heimekontoret kan vere nyttig for mange, og i fleire bedrifter har dette året truleg opna døra for at fleire kan ha heimekontor oftare enn før. Framtidas næringsliv er kanskje meir fleksibelt enn i dag, samstundes skal ein vere obs på kva ein mister av det sosiale på kontoret, minner avdelingsleiaren om.

– På heimekontoret er det ingen som stikk innom i døra, og det kan fort bli einsamt. Du må ete lunsj med deg sjølv, og ein mistar samtalen ved kaffeautomaten, det er ofte stor verdi i.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden