Studiestart nærare normalen


– Forhåpentlegvis vil flest mogleg av studentane vera vaksinerte til studiestart, og me kan difor planlegga for å ha mest mogleg fysisk oppmøte. Der det ikkje er mogleg å gjennomføre fysisk undervisning, er det planlagt digital undervisning eller hybridundervisning, seier rektor på Universitet i Bergen, Margareth Hagen. 

Ho er optimistisk for studiestarten.

– Me stiller oss heile vegen til dei konkrete smittevernreglane som til eikvar tid gjeld på lokalt og/eller nasjonalt plan. Det vil seie at sjølv om me planlegg mest mogleg fysisk oppmøte, må me vera førebudd på nye restriksjonar som kan føra til digital undervisning, legg Hagen til.

Fysisk undervisning

Kunnskapsdepartementet ser føre seg ein haust, med fysisk undervisning og unntak frå avstandskrav der det er nødvendig. Blir det slik kunnskapsdepartementet har spådd, kan studietida bli noko heilt anna samanlikna med året før.

Bedrifthelsetjenesten ved UiB skriv på uib.no at sjuke personar skal halda seg heime (sjølv om dei er vaksinerte), god hand- og hostehygiene, forsterka reinhald og kontaktreduserande tiltak. Smittevern vil framleis stå i fokus sjølv om kvardagen blir nærare normalen.

20 år gamle Anne Kringlebotten frå Etne studerer til å bli barnevernspedagog ved Universitetet i Stavanger og ser for seg ein nokså normal studiestart.

– Det eg ser mest fram til av alt, må vera å koma tilbake til studiebyen og få litt meir rutinar i skulekvardagen igjen. Nå som vaksineringa er godt i gang ser eg for meg at det blir meir normalt. Eg er lei av alt det uføreseielege rundt å ikkje vita om det blir oppmøte eller heimeundervisning. I fjor hadde eg ikkje førelesning på campus heile året og merka det sleit mykje på motivasjonen, seier Kringlebotten.

Vaksinering til studiestart

Helga Klungland (19) frå Etne er student i Bergen, og fekk midt i juli første dose av korona-vaksinen. Og den fekk ho i studiebyen sin.

– At studiebyane tilbyr vaksine for dei som ikkje er folkeregistrert, men studerer der, er eit bra tiltak. I mitt tilfelle gjorde dette at eg fekk vaksinen før eg hadde fått den i heimkommunen min. Det er og eit godt tilbod for dei som oppheld seg i Bergen i sommar og ikkje har moglegheita til å reise heim, seier 19-åringen.

Bergen kommune kjem også til å tilby alle som treng andre dose når den tid kjem. I Stavanger kommune oppfordrar dei alle til å ta fyrste dose av koronavaksinen i kommunen der dei er folkeregistrert, men at studentar vil få tilbod om dose to i studiebyen etter semesterstart.

Stavanger kommune planlegg også eit meir fysisk studieår, men går ut i frå situasjonen og tilråsingane som kjem.

– Universitetet i Stavanger (UiS) legg opp til mest mogleg fysisk undervisning i haustsemesteret. Inntil vidare er regelen at undervisning kan gjennomførast med opptil 200 deltakar forutsett at ein kan holde ein meter avstand i lokalet, skriv UiS på sine nettsider.

Planlegg fadderveke

Som den store pangstarten på studietida, er det framleis usikkert korleis fadderveka vil bli gjennomført. Fadderorganisasjonane i Bergen planlegg opplegg for grupper på maks 20, og tar atterhald for endringar og nye restriksjonar.

– Det blir planlagt fadderveke i mindre grupper, og om alt går etter planen, skal dei nye studentane få møta kvarandre fysisk gjennom heile studiestarten. Det blir planlagt for ein situasjon som er lik den me hadde i fjor kor det var avgrensingar på kor mange som kunne møta på kvart arrangement, fortel rektor Haugen.

Dei ynskjer også at andreårsstudentane skal få ein betre start på dette semesteret enn dei hadde i fjor, og dei ser på løysingar som treff studentar der dei er.  




Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden