Større jobbar gav Gaselle-status

Haakull & Ersland har dobla omsetnaden dei siste åra og satsar no på større og meir komplekse prosjekt. No er selskapet ei av fleire lokale bedrifter som har fått Gaselle-status for 2020.


Gaselle-bedrifter i Etne og Vindafjord 2020

  • Brødrene Mæland
  • Etne Bilservice
  • Funtek
  • Legria
  • Åkrafjorden Oppleving
  • AdmMit
  • Autostore
  • Kalstveit Bygg
  • Omega PS
  • Sandfrakt Eigedom
  • Sprengaren
  • Utbjoa Armering og Sveis
  • Vats Anlegg
  • Vest Stål & Fasade
  • Øvregård Maskin
Det er avisa Dagens Næringsliv som kvart år heidrar bedrifter i vekst med Gaselle-status.

– Det er kjekt å få dette kvalitets-stempelet frå Dagens Næringsliv. Eit av kriteria er at ein må doble omsetnaden over dei siste fire åra, det er jo litt stas for oss som har vore i drift i 30 år, seier dagleg leiar Espen Vestbø.

Han leiar i dag byggefirmaet i Skjold som har 21 tilsette, og som i 2019 omsette for 66,7 millionar kroner. Noko som er ein sterk vekst i forhold til 2018 der omsetnaden var på 45,5 millionar kroner.

– Me har gjennomført fleire totalentreprisar som viser igjen i omsetnaden. Dette i kombinasjon med fokus på å drive lønsamt og ha orden på økonomien har gitt oss gode og stabile resultat, seier Vestbø.

– Talet på tilsette er også stabilt. Med god planlegging blir det aller meste av tømrararbeidet utført med egne tilsette, men me kan sjå eit behov for å enten leige inn i travle periodar eller tilsette i året som kjem.

Vestbø viser til rehabilitering av Skjold skule, etter den store brannen der i 2018, som ein av jobbane der Haakull & Ersland har vore totalentreprenør for oppbygginga. Jobben der Vindafjord kommune er kunde har ein verdi på om lag 12 millionar kroner. Bedrifta har også hatt to større oppdrag for Hatteland Bygg og Autostore, med ombygging av kontorlokaler og test-lab.


Ny prosjektleiar

Som resultat av satsinga dei siste åra har dei også no tilsett ein ny prosjektleiar. Simen Thorvaldsen kjem frå TG Bygg og har no starta i Haakull & Ersland for å avlaste arbeidsmengda som byggjeleiar.

– Me måtte få inn fleire krefter på prosjektoppfølging dersom denne satsinga skal vere berekraftig over tid, no ynskjer me også å ta på oss jobbar der det krevst tettare oppfølging og der me no kan bistå i større grad enn før.

– Totalentreprisar har vore spennande og utfordrande. Me ynskjer å stabilisere oss her, fortel Vestbø som viser til at bedrifta har hatt minimale konsekvensar på grunn av korona-perioden. Dei baserer seg på lokal arbeidskraft og har dermed ikkje hatt utfordringar med karantenetid grunna utanlandsk arbeidskraft.

– Me har og sjølvsagt tiltak i kvardagen vår, som spriting, avstand og at ikkje alle kan ta pause på ein gong. Men stort sett har dette gått heilt fint, og me har ikkje hatt dei store stoppane i jobbane, ordrebøkene for neste år ser også bra ut, slår han fast.

Fleire Gaselle-bedrifter

Haaakull & Ersland er ikkje åleine om å få Gaselle-status i regionen for 2020. I Etne fekk også Brødrene Mæland, Etne Bilservice, Funtek, Legria og Åkrafjorden Oppleving statusen. I Vindafjord var det AdmMit, Autostore, Kalstveit Bygg, Omega PS, Sandfrakt Eigedom, Sprengaren, Utbjoa Armering og Sveis, Vats Anlegg, Vest Stål & Fasade og Øvregard Maskin som kunne hauste kvalitetsstempelet. Kriteria for å få statusen er å minst doble omsetnaden over fire år, levere godkjente rekneskap, omsetnad på over ein million kroner første året, positive rekneskapstal og at ein er eit aksjeselskap.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden