Startar nytt lakkerings-firma

Øyvind Blikra og Svein Egil Frøyland satsar friskt på den nye lakkeringsbedrifta Vats Lakkering. Dei har allereie sikra seg godt med ordrar inn i 2021. 

Image
Svein Egil Frøyland (t.v) og Øyvind Blikra er klare til å satse på Vats Lakkering.

@Render("M24_Byline",Caption:"Pressemelding")

Svein Egil Frøyland har jobba i det som var Knapphus Lakkering i ti år og har brei erfaring frå lakkeringa av møblar og kjøkken. Øyvind Blikra på si side er billakkerar og kom til Knapphus Lakkering i byrjinga av 2020. Dette året skulle vise seg å bli spesielt, både med tanke på korona og smittevern, og ein nedgang i jobbar. Noko som resulterte i at Knapphus Lakkering gjekk konkurs hausten 2020, no satsar Blikra og Frøyland for å byggje bedrifta opp igjen. Kompetansen og arbeidsfeltet er det same, sjølv om namnet er skifta. 

- Me ynskte eit namn som var tydeleg på kva me gjorde og kor me er lokalisert, men som også sa noko om ein ny frisk start. Då landa me på Vats Lakkering, fortel Svein Egil som har tiårs-jubileum i bedrifta dette året, i ein pressemelding. 

Spanande oppstart 

Blikra og Frøyland er opptekne av å sikre arbeidsplassane i bygda og ville gjerne satse vidare for å redde lakkeringsbedrifta i Vats. Dei har allereie sikra seg fleire store kundar, blant anna bestiller Knapphus Kjøkken lakkering av alle sine nybygde kjøkken hjå Vats Lakkering.

- Me har venta litt på organisasjonsnummer og på å få kome i gang. Men no er me klare til å starte opp jobbinga, me ser jo at mange allereie har bestilt lakkering, spesielt er det kome inn fleire kjøkkenjobbar. Me håpar verkeleg at me skal få dette til, det er ein fordel at det ikkje er så mange andre som driv med nettopp dette i regionen, seier Øyvind Blikra. 

Dei kan lakkere det aller meste innan tre og dei tar på seg lakkering av alle typar bilar. Investeringa i ny bedrift kravde litt mot. 

- Me gjekk mange rundar med oss sjølve, men me er blitt godt kjende via jobben me hadde og me veit at me jobbar godt saman. Så me valde å hoppe i det, så får tida vise om me kjem til å angre, seier Frøyland og smiler. 

Dei vedgår at det er enklare for dei som bur åleine og kunne investere mykje tid og pengar i ein oppstart. Det blir lange dagar og mykje arbeid i perioden framover, det veit dei veldig godt. 

Drøymer om grøne tal 

 Dei satsar på å klare jobbane framover utan å måtte tilsetje fleire på lønningslista. Lokala dei jobbar i og maskinene som er sett i gong er dei same som det var i tida til Knapphus Lakkering, noko som gjer det kjent både for dei som jobbar der og ikkje minst kundane.

- Me leverte første kjøkkenet vårt i dag, det var ei heilt spesiell oppleving. Det går om lag ei veke frå kjøkkenet kjem inn til det er ferdig og kan leverast tilbake til kunde. Det er mykje arbeid som blir lagt ned for at resultatet skal bli bra, kjøkkenet skal slipast og ikkje minst tørke eit døgn mellom kvart stryk med lakk. Maskiner og alt, meiner Svein Egil Frøyland. 

 - Målet for 2021 er å få til grøne tal og ein sunn økonomi, me veit at dette ikkje er noko gullgruve i starten, men me er optimistiske, seier dei.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden