Står klar til å hjelpe

Bak Etne Vikar- og Hjelpetjenester er ei lang gründerhistorie med rot i reinhald, eldreomsorg og pleie.

Etne Vikar- og Hjelpetjenester

  • Leverer praktisk bistand og heimehjelp til både privatpersonar og offentlege institusjonar
  • Selskapet held til i Etne, men leverer tenester til både Etne og Vindafjord
  • Tenestane kan vere å bidra med husarbeid, klesvask, sosialt samvær, personleg stell eller som vikar på vakter og i periodar innan offentleg pleie og omsorg 

I starten av 2020, vart selskapet Etne Vikar- og Hjelpetjenester tatt opp igjen for andre gong av Trude Enge. Det er om lag 15 år sidan selskapet, då med same namn, vart starta for første gong, og gjekk etter kvart sin sigersgang som reinhaldsbedrift.

- Reinhald var eigentleg berre eit av tilboda me hadde, men det var det stor interesse for, seier Enge. Raskt blei bedrifta pensa meir og meir inn på reinhaldssporet. Bedrifta vaks med rekordfart og auka omsetnad frå rundt 900 000 det første året til 18 millionar det tredje året i drift. 

Selskapet vart etter mange travle år seld av Enge, og er nå ein del av Alliance+ som leverer reinhaldstenester, kantinedrift og vaktmeistertenester til store deler av Noreg.

Ny runde

I år ville gründeren utvikle bedrifta Etne Vikar- og Hjelpetjenester til at fokuset skulle vere på pleie, omsorg og vaktmeistertenester, i utgangspunktet til alle, men kanskje spesielt retta mot dei eldre. Det er noko som alltid har vore eit fokus hjå Enge. Sidan ho var 16 år har ho drøymt om å drive eigen sjukeheim eller levere hjelpetenester til eldre. Den draumen følgde ho tett med utdanning som hjelpepleiar og jobba fleire år både på sjukeheimar og innan heimesjukepleie. Då ho etter kvart starta Etne Vikar- og Hjelpetjenester første gong var grunntanken omsorg og pleie, noko som er satsingsområdet når firmaet vart tatt opp igjen nå. 

- Det er jo omsorg i det meste som handlar om å hjelpe folk i kvardagen. Om det så er å handle, lage mat, eller luke bed, seier ho og legg til at om ein treng hjelp er det berre å ringe, så finn ein ut av problemstillinga saman. Reinhald som var den bærande delen av selskapet første gong blir i utgangspunktet ikkje ein teneste denne gongen. Nå er det fokus på tenester innan heimehjelp og praktisk bistand. 

Tøff start

Etter god erfaring med utvikling av firma tidlegare, satsa ho på at ho dette året skulle bygge seg opp ein god kundebase og sjå etter å tilsetje ein eller fleire personar. Men slik blei det ikkje. 

- Då koronapandemien slo inn, var det full stopp. Då var jo sjølvsagt alle redde for å ha fleire på besøk enn stengt tatt nødvendig. Spesielt dei eldre, seier ho. 

Det vart ein haltande utvikling for selskapet, og Trude måtte ta dei jobbane ho fekk moglegheit til. Blant anna leigde ho seg ut som kantinemedarbeidar på vidaregåande i Ølen, og i vikarjobb på integreringa i Vindafjord, noko som ho har jobba med fleire år tidlegare gjennom selskapet sitt. Ho er også brukt som konsulent på undervisning i reinhald, og har vore ein del av boligprogrammet i Vindafjord kommune som lærer flyktningar å bu i eigne heimar. 

- Alt eg har vore innom synst eg er spennande og alt dreier seg i grunn om omsorg og pleie for andre, seier Trude. 

Når pandemien roar seg håpar ho å kunne tilby tenestene sine til private kundar, sjukeheimar og kommunar, men har ei klar oppmoding:

- Eg står klar allereie nå. Om det trengs vikarhjelp i bedrifter, heimehjelp og praktisk bistand er det berre å ringe, seier Trude.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden