Lokaler med kundefokus

Sparebank 1 SR-Bank på Ølen Senter er snart klare med nyoppussa lokaler. Nå legg dei enno betre til rette for å møte kundane.


Før kom kundar til banken hovudsakleg for å ta ut eller sette inn kontantar og banken hadde på det meste tre kassar, nå er oppgåvene kring kontantar satt til ei maskin rett innføre døra. Banken opplev at behovet til kunden er endra dei siste åra og tilpassar nå flyten for dagens kundar. 

–Nå til dags kjem kundar til banken hovudsakleg for tyngre saker. Det kan vera kjøp av hus, skilsmisser, arveoppgjer og familieutviding, fortel banksjef Magne Christiansen.

Banksjef i Sparebank 1 SR-bank, Magne Chrisitansen.

–Dei fleste kundane bookar eit møte med oss i forkant og då er dei sikker på å få den hjelpa dei treng når dei kjem til oss., fortsett Christiansen. 

Banken har laga eit arbeidsområde i opent landskap kun for dei tilsette i banken. Det kunden ser er eit romsleg område med fleire sonar og eigne kontor til kundemøter.

Når kunden kjem skal dei taste inn på ein skjerm kven dei skal møte og dermed vil kunderettleiar få ein sms og komma for å møta kunden. Dei har likevel alltid ein kundekontakt tilgjengelig for dei som kjem utan avtale.

Det er satt opp ein sjølvbetjeningsbenk der kundar kan komma å låna pc og få hjelp og opplæring til nettbank, opprette brukar, sende søknadar eller kva det måtte vera.

Dei har fortida ein pass-scanner, då regjeringa har pålagt bankar å ha gyldig legitimasjon av alle sine kundar på plass i løpet av hausten.

–Eg trur me er langt framme når det kjem til akkurat dette. Dette er eit ledd i å få ned svindel og kvitvasking av pengar i norske bankar, før kunne kven som helst opprette bankkonto i Noreg, fortel Christiansen.

Lære av kvarandre 

Magnhild Gravelsæter Våge er autorisert finansrådgivar innan landbruk.

Magnhild Gravelsæter Våge jobbar med landbrukskundar og er aleine med dette ansvarsområdet i distriktet. Ho er godt nøgd med det nye arbeidslandskapet.

–Det er jo lett å vera litt skeptisk til forandringar, men dette synes eg har fungert veldig godt. Det å sitte i opent kontorlandskap er jo meir sosialt, men i tillegg er det mykje enklare å spørja kvarandre om råd over benken, eller plukke opp tips om korleis dei andre løyser ei sak. Me jobbar med ulike fagfelt, men mykje gjer me likevel ganske likt, fortel Våge.

Bank i vekst

Hjå SR-Bank er dei i snitt 8 – 10 personar på kontoret på senteret i Ølen men det varierer frå dag til dag. Dei kan skilta med å vera eit komplett finanshus og kan hjelpa med det aller meste. Sentralt har banken den siste tida oppretta samarbeid med LO og sidan det er mange bedrifter i distriktet som er knyta til LO genererer dette mykje jobb med blant anna lån. Vindafjord har eit rikt næringsliv som generer mange kundar til banken. 

Dei har nyleg avvikla kontoret dei hadde på Sand i Suldal kommune. Banken vil nå satse på eit større arbeidsmiljø og samla kompetansen i Vindafjord.

–Kundar forholder seg til banken på ein anna måte nå. Dei er meir fleksible og mykje kan gjerast over telefon eller på nett. Ein kan søke om lån via nettsida og det gir automatisk banken informasjonen dei treng om kunden. Lånet kan signerast elektronisk, og blir det gjort innan 13.00 vert lånet tilgjengelig same dag, seier Christiansen. 

Dei ser at kundane er villige til å køyre eit stykke om dei treng rettleiing til større saker frå banken.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden