På sommarjobbjakt


Morten Halleland (19) frå Ølensvåg held på med ein bachelor i Statsvitskap i Stavanger. Han søker etter sommarjobb i distriktet, men har enno ikkje lukkast i jakta.

– Det er mange fordelar med ein sommarjobb i tillegg til å tene nokre kroner. Ein kan skaffe seg gode mengder arbeidserfaring, både med sjølvstendig arbeid og i team. Ein skaffar seg eit nettverk og kan kanskje finne ut kva som er rett yrkesveg på sikt, fortel Halleland. 

Fokus på sommarjobbar

Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening fortel at det kan sjå ut som behovet for sommarvikarar følger same utvikling som næringslivet generelt denne våren, då koronasituasjonen har prega samfunnet. 

Image
Morten Halleland håpar enno på at det skal dukke opp ein sommarjobb. Foto: Studio Hjelm.

Det er nokre bedrifter som tek i mot sommarvikarar som normalt, medan andre framleis har tilsette som er permitert eller slit med store inntektstap. 

– Tar me reiseliv til dømes, ser det ut til at dei har 75 -100 prosent bortfall i inntekt grunna korona. Det er tilfelle i distriktet der sesongarbeidarar også har blitt permittert, fortel Moe. 

Medvind24 Næringshage og Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) har saman med Fikse Næringsforening  byrja å jobbe med eit sommarjobbprosjekt for våren 2021, der dei vil setja søkelyset på nettopp dette. Dei ønskjer at det skal vera lettare for både ungdom å skaffe seg litt lommepenger, og for studentar å kunne bruke sommaren til å skaffe seg arbeidserfaring. Bedriftene sin motivasjon for å tilsette sommarvikarar er dels å få utført oppgåver som trengs gjerast, men mest å «prøva ut» potensielt framtidige arbeidstakarar. Dei vonar at bedrifter som har moglegheit, gir ungdommen sjans til å skaffe seg litt arbeidserfaring denne sommaren og. 

Kommune og reiseliv

 Vindafjord kommune melder om at alt går som normalt hjå dei.

– Her var prosessen med å få tak i sommarvikarar i gong før korona og sidan bedrifta går sin gang har me behov for dei vanlege sommarvikarane og denne sommaren, fortel personalrådgjevar Marit Særsten. 

I Åkrafjorden hadde Åkrafjorden Oppleving 15 000 førehandsbestilte cruisegjester i vente, som skulle både få lokal mat og fjordcruise. Dei har skalert ned budsjettet sitt frå 6 millionar til 1 million for denne sesongen. 

På Åkrafjordtunet klarar dei seg omlag med den vanlege bemanninga. To sommarvikarar er tilsett i butikken. Elles har dei ein del ungdom som allereie jobbar deltid. I butikken har dei merka rundt 40 prosent nedgang i besøkande enkelte dagar og veker, men omsetjinga er omlag den same.

– Me merkar at mange har avlyst utandlandsreisa denne våren. Desse er nå på vegen igjen og støttar lokalsamfunnet, fortel Hustveit. 

Med andre ord er det variasjon hjå bedriftene når det kjem til kapasitet og moglegheit til å ta inn sommarvikarar i år. Jobbsøkar Halleland har tidlegare hatt sommarjobb hjå Granberg Garveri, men denne sommaren ønskja han å skaffe seg ny erfaring.

–Eg håpar framleis på å få tak i ein sommarjobb, men plan B blir å jobbe i hagen hjå farmor og ta meg av diverse andre familiejobbar. Det må gjerast det og, fortel 19-åringen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden