Søkjer ny leigetakar


Jorunn Askeland og Evy Nøkland håpar å få fleire naboar inn i Velværehuset i Ølen.  Foto: Maria Djuve Vågen. 

 – Det er mange som kan passe inn i det ledige lokalet, men eg har alltid hatt ein tanke om at dette huset skal vere ein samlingsplass for dei som driv innan helse og velvære, meiner Tjelmeland, som eig huset. 

Bygget ligg sentralt plassert i Ølen sentrum, har gode kontorlokale, to inngangar, felles opphaldsrom, kjøkken og toalett. Her er det rom for dei som treng god plass for å kunne tilby behandling eller for dei som treng eit større rom for å samle mange personar på ein gong. 

– Det hadde sikkert vore supert for ein køyreskule til dømes, viss det no ikkje skulle passe for nokon som driv næring som liknar på dei som er der frå før, seier Tjelmeland. 

– Min tanke var at mange av dei som driv små bedrifter innan helse, kosthald og velvære ofte ynskjer seg ein fellesskap og eit miljø dei kan arbeide i, ofte kan det bli einsamt å drive små bedrifter, slår ho fast. 

Ho viser til at dei som huseigar har gjort ein del tilpassingar dei siste åra for å kunne tilby attraktive kontor - og behandlingsrom for aktørar innan helse og velvære. Huset blei også bygd opp igjen etter ein brann i 2009, så det er ganske nytt og har dermed dei moderne fasilitetane ein treng for å drive verksemd. Dersom rette bedrifta melder seg og ynskjer å leige, kan dei meir eller mindre flytte rett inn. 

Sentral samlokalisering 

Den som har drive lengst i Velværehuset er fotterapeut Evy Nøkland. Ho er autorisert fotterapeut og har drive bedrifta Ølen Fotpleie sidan 1997. Med 22 år i Velværehuset har ho god erfaring med å tilby både fotterapi og hårfjerning med varmvoks frå samlokaliseringa i sentrum. 

– Eg likar meg godt her i huset, og har tru på at me kan gjere kvarandre gode. Det er kjekt med gode kollegar, og eg håpar fleire hiv seg med, meiner Nøkland og viser til det ledige lokalet blant anna kan passe for utsal av helsekost, aromaterapi, ortopedi eller som kontor. 

Nøkland satsar vidare og har no planar om å vidareutdanna seg innan systematisk vurdering, førebygging og behandling av diabetesfoten. Med seg i Velværehuset har ho også Jorunn Askeland som driv Askeland naprapati og helse, i tillegg til Silje Tjelmeland Øren som driv Roede-kurs. 

Naprapat Jorunn Askeland meiner det betyr mykje å ha eit fagleg miljø rundt seg, slik som ho har funne i Velværehuset i Ølen. Foto: Maria Djuve Vågen. 

Fagleg miljø 

Skjoldabuen Askeland dreiv sin eigen klinikk i Ålesund då ho i 2017 valde å flytte heimover. 

– Eg er overbevist om at me rekrutterer kundar til kvarandre, sidan dei som kjem innom for å sjå breidda i utvalet me kan tilby her, meiner Askeland som har drive i Velværehuset sidan 2017. 

Ho er utdanna naprapat og ynskjer å gi pasientane ei heilskapleg behandling, som tar utgangspunkt i å finne årsaka til smertene. Målet er at behandlinga skal gi ein smertefri kvardag, og ikkje minst gi pasientane meir kunnskap om korleis kroppen fungerer. Ho har også nyleg starta på ei ny utdanning innan emosjonell intelligens, om korleis den psykiske tilstanden kan påverke kroppen fysisk. 

– Eg er veldig interessert i korleis kroppen heng saman, og korleis me kan forstå korleis psykisk og fysisk helse kan påverke kvarandre, seier ho og viser til at stadig fleire no ser på desse behandlingsformene som gode supplement til meir tradisjonell legebehandling. Ho meiner sjølv ho var heldig som fann ein fagleg fellesskap å ha klinikken sin på i Ølen. 

– Det var litt tilfeldig at eg kom inn her i Velværehuset, men eg vart tipsa om at det her var ledige lokale då eg skulle heimover. Det er godt å ha eit fagleg miljø rundt seg, og kjekt å treffe kollegane dagleg, seier ho. 

Både ho og Evy Nøkland har ope kvar dag, medan Silje Tjelmeland Øren har fast kurskveld på måndagar. 

Jaktar ny Roede-kursleiar 

Silje Tjelmeland Øren brenn for at stadig fleire skal få kunnskap til å endre livsstilen sin, gå ned i vekt og få ein kropp som sikrar god helse. I dei tre siste åra har ho tilbydd Roede-kurs på Velværehuset, i august sluttar ho av sidan ho 1. mars byrja i ny stilling som avdelingsleiar ved Enge skule, i tillegg til at ho skal byrje på rektorskulen. 

– Eg har likt denne jobben veldig godt, og er i samtalar med aktuelle personar som kan ta over Roede-kursa, det er viktig at me finn nokon som kan halde fram med kursa her på Velværehuset, sidan det er så godt innarbeidd no, meiner Tjelmeland Øren. 

Ho fortel at stadig fleire går lenger på Roede-kurs no enn dei gjorde før. Tidlegare gjekk dei gjerne på eit kurs for å lære å slanke seg, no går dei på fleire kurs for å kome heilt i mål, og ikkje minst for å etablere gode vanar. Også Silje Tjelmeland Øren ser at det gir fleire gode synergieffektar å drive med helse, kosthald og velvære i same huset. 

– Eg ser jo til dømes at mange som går på kursa mine set seg delmål og gjerne vil gi seg sjølv ei belønning med behandling hjå nokre av dei andre på huset. Det er ingen tvil om at fellesskapen på huset gir oss fleire kundar. Og dette er flotte lokalar som ligg sentralt og har god parkeringsplass, meiner ho.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden