SØK etterlyser aksjonærar

Skånevik Ølen Kraftlag AS (SØK) har fått meldingar om feil i tildelinga av aksjar og ber nå aksjonærar melde seg.


@Render("M24_Byline",Caption:"Pressemelding")

- Me har sett nøye på alle meldingane me har fått, og det er oppdaga at eit lite antal medlemmer fall utanfor tildelinga i 2017. Som følgje av dette har styret i SØK gjort vedtak om full gjennomgang av tildelinga i 2017 for å retta opp i feil som SØK kan ha gjort, seier SØK i ei pressemelding og presiserer at arbeidet med dette er nå i gang.

Dei ber tidlegare medlemmar og kundar av SØK SA som meinar dei skulle fått aksjar, melde i frå slik at dei kan sjå vidare på saka. Innmelding kan skje via https://www.sok.no/aksjeinfo så snart som mogleg, og helst innan 31. desember, opplyser dei.

Feilkjelder

SØK melder om to grunnar til at det kan ha kome feil i tildelinga av aksjane. Den første grunnen er at medlemmar kan ha hatt bustadadresse eller forretningsadresse i SØK-området, men postadresse eller fakturaadresse utanfor SØK-området. Dette gjeld både personar og bedrifter. I tillegg har det vore kundar med samhandel, men utan registrert medlemskap, fordi det var registrert på eit anna namn. Dette kan til dømes vera ektefellar med ein eller fleire eigedomar, der medlemsskapet står på den eine ektefellen, medan fakturaen står på den andre som ikkje har registrert medlemsskap.

- SØK har prøvd å fanga opp slike tilfelle ved nøye gjennomgang av kunde- og medlemslistene, men når ektefellane har ulike etternamn, kan det ha skjedd gleppar, understrekar SØK.

Fordelinga av aksjar

Då SØK vart omdanna frå samvirkeselskap (SA) til aksjeselskap (AS) i 2017, vart omdanninga gjennomført etter reglane i Samvirkelova. Det betyr at alle som var medlemmer i SØK SA den 31. desember 2016, hadde rett på aksjar i SØK AS basert på samhandelen med SØK SA.

- SØK SA sine medlemmar, det vil seie dei som var medlemmar per 31. desember 2016, har rett på aksjar i aksjeselskapet. Fordelinga av aksjar til medlemmane baserte seg på samhandelen med SØK dei siste fem åra, i perioden 1. januar 2012 til 31. desember 2016, fortel SØK vidare. All samhandel utanom offentlege avgifter i denne perioden talde med, altså at samhandel i form av nettleige, straumkjøp frå SØK og kjøp av breibandstenester gav utteljing i form av aksjar. I omdanningsplanen blei det bestemt at den personen som stod oppført på fakturaen, fekk godskrive samhandel og tildelt aksjar.

Grunnlaget for tildeling av aksjar var at følgjande måtte vera på plass 31.12.2016:

1. Vera medlem og ha betalt 400 kroner for medlemsandel i SØK SA.

2. Vera kunde i SØK og eiga fast eigedom i konsesjonsområdet til SØK.

3. Ha bustadadresse registrert i Folkeregisteret innan konsesjonsområdet til SØK.

4. Vera verksemd registrert i Føretaksregisteret med hovudkontor innan konsesjonsområdet.

5. Vera kommune innan konsesjonsområdet.   

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden