Skapte eigen arbeidsplass

Då Linda Randa ikkje fann praksisplassen ho trengte for å fullføra utdanninga si, etablerte ho likegodt sin eigen arbeidsplass i eige føretak. Frå helsesektoren gjekk ho over til male- og hagearbeid. Og snart - juletresal.


Linda Multiservice tar hagearbeid og malejobbar, både utan- og innandørs for kundar i distriktet - Eg har fått ein veldig god start. Og særleg på fine dagar har det blitt mykje jobb, seier Linda Randa. 

Randa var nærast i mål med utdanninga si som helsesekretær, men hadde vanskar med å finna praksisplass for å få dei siste praksistimane ho trengde for å fullføra. Dermed måtte ho sjå seg om etter annan jobb i mellomtida. 

- Så kvifor ikkje starta opp med noko eg visste eg kunne, hadde lyst til å jobba med og som det var behov for der ute, tenkte Randa. 

Ho klikka seg inn på Brønnøysundregisteret, registrerte einmannsføretaket Linda Multiservice, delte nokre postar på Facebook, og eit par dagar seinare var ho i gang med arbeid for dei første kundane: Rydding og luking av bed, beising og maling, innandørs som utandørs. 

- Fekk ein god start

Rosa er profilfargen til Linda Multiservice, og den rosa hengaren har vore å sjå i mange tun og på vegane i Vindafjord og Sauda sidan bedrifta blei etablert i april. 

Dei siste månadane har 30-åringen tatt oppdrag for kundar både i Vindafjord og Sauda. Og så langt har det blitt nok å gjera på. 

- Eg hadde forventa at det ville ta lengre tid før eg fekk nokre oppdrag, så eg har fått ein veldig god start. Mykje av dette er sjølvsagt vêravhengig; På regntunge dagar pleier det vera roleg med utandørs jobbing, men når finvêret melder seg, kjem også telefonane, seier Randa. 

Linda Multiservice malar det som malast kan, inne som ute, og tar seg av det som trengst av hagearbeid. Ho kan kvittera med fleire «fornya» bedd, og nymalte vegger, terrassar og murar sidan etableringa av bedrifta i april. Med rosa tilhengar, hagereiskap, og to ivrige arbeidsnevar står ho klar til å rykka ut når nye jobbar melder seg. 

Overtar juletresal

Å gå frå den planlagde yrkesvegen som helsesekretær til å bli sjølvstendig næringsdrivande i ein ganske anna bransje, var ikkje noko stort steg for henne. 

- Eg har alltid likt å jobba med hendene, har vore med på gardsarbeid sidan eg var lita, og har trivst med det. Difor var slike jobbar som dette også heilt naturleg for meg å starta opp med, seier Randa, som i tillegg til male- og hagearbeid har planen klar for vinteren. 

Då skal ho selja juletre. 

-  Eg har overtatt bestefar min sin salsplass på torget i Stavanger og skal overta juletresalet hans der. Han har produsert og seld juletre frå garden på Kvalvåg i mange år, noko som eg «alltid» har vore med på, og har ønska å driva vidare etter han. Det kjem difor også til å bli ein del av Linda Multiservice, og vil nok ta opp mesteparten av tida på slutten av året, seier Randa. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden