Skal lasta om 24.000 tonn ved Westcon

30.november kom toppdekket til verdas største SPAR-plattform inn Ølensfjorden.


Det 24.000 tonn tunge dekket til Aasta Hansteen-plattforma skal lastast om ved Westcon før det blir frakta vidare til Stord.

Aasta Hansteen-plattforma er den største i sitt slag og den første på norsk sokkel. SPAR er ein installasjon av eit flytande sylindrisk skrog som er ankra fast i havbotnen. Det 198 meter høge understellet er på plass på Stord der understell og toppdekk skal koblast saman. 

Før det kan skje, skal toppdekket lastast over frå det 217 meter lange og 63 meter breie spesialskipet «Dockwise White Marlin» til to katamaranar. Alle tre skipa tilhøyrer Dockwise, som har spesialisert seg på slike operasjonar. 

Ved Westcon blir operasjonen gjennomført ved at katamaranane legg seg under toppdekket medan «Dockwise White Marlin» senkar seg ned i sjøen. Når katamaranene har overtatt vekta av toppdekket, blir det løyst frå «Dockwise White Marlin» og sikra for transport til Stord på rammer laga for dette oppdraget. 

Første gong for Westcon

- Det er første gong Westcon er involvert i ein slik operasjon, men Dockwise har lang erfaring med denne type store og tunge operasjonar. Alt er nøye planlagt, vi har førebudd oss over lengre tid, og det kjem til å gå fort, seier riggsjef Malvin Eide ved Westcon Yards. 

Med fort i denne samanhengen, snakkar vi om to til tre veker. 

- Vêret spelar sjølvsagt ei rolle og skal ikkje undervurderast. Det er stort vindfang i dette, men Ølensfjorden er valt fordi det oftast er mindre vind her inne enn ute ved kysten. Går alt som det skal, reknar vi med at jobben er gjort i løpet av to veker, seier Eide. 

Søsterskipet til «Dockwise White Marlin», «Dockwise Vanguard», er verdast største tunglastfartøy, og frakta riggen Polar Pioner til Westcon i april i fjor

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden