Skal i hagefest med Kongen og Dronninga

«Det er en stor glede for oss å invitere til Kongelig Hagefest på Ledaal.» Denne ivitasjonen dumpa nyleg ned i postkassane til sju vindafjordingar.

- Me vart tidlegare i år bedne om å peike ut sju personar som ordføraren kunne ta med seg på hagefesten i Stavanger i høve Kongen og Dronninga si feiring av 25 år på den norske trona, fortel ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal. 

Dei sju kommunen valde, og som no har fått kvar sin invitasjon i posten frå H.M. Kongens Hoffsjef, er prisvinnarane frå ordføraren sin nyttårsfest; Hilde Sandbekken (Kjerringprisen), Karoline Vormestrand Kro (Kulturstipendet), Anna Heggebø og Erna Nordtveit (Omsorgsprisen), Bjørn Steinar og Elisabeth Kallevik Nesheim (Kulturprisen) og Rita Fridfeldt (Næringsprisen). 

- Me skal møte i Breidablikkhagen ved Ledaal i 10-tida mandag 27. juni, og heile arrangementet skal gå føre seg utandørs, så me får vona på godt vêr. Det er lagt opp til både servering, talar og underhaldning, og kanskje blir det høve til å slå av ein prat med dei kongelege òg. Kan hende kan me invitera Kongen og Dronninga til Vindafjord ved eit seinare høve. Dei har ikkje vore her tidlegare, så kvofor ikkje. Me må iallfall presentera kommunen vår om me får høve til det, seier Vierdal. 

Vierdal har vore i samlingar med dei kongelege tidlegare, og har vorte imponert over kor mykje dei veit om dei 428 kommunane i landet vårt. Etter hagefesten på Ledaal veit dei kanskje endå litt meir om ein spesiell kommune. Kven veit? 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden