Skal hjelpa besteforeldre på Facebook 

Facebook og Google, iPhone og Snapchat, Powerpoint og Excel. Ikkje alt på verdsveven og i teknologien er like sjølvsagt for den eldre garde. Men nå trør internettgenerasjonen til for besteforeldregenerasjonen. Ungdomsbedrifta Driftig skal læra eldre opp i databruk. 

Firkløveret Edel-Marie Haukland, Sunniva Nesheim Øglænd, Sara Bjørheim og Elida Hundhammer har Office-kunnskapen, sosiale media-kompetansen og internett-tekket som skal til. Saman har dei etablert ungdomsbedrifta Driftig UB som skal hjelpa eldre til å handtera på smarttelefonar, sosiale media  og internett.

 Datahjelp til bestemor, kort fortalt. 

Og kor kom eigentleg namnet frå? - Me er driftige damer, som på ein driftig måte vil hjelpa folk til å bruka data på driftig vis. Og så vil me drifta ei driftig bedrift, fortel Sunniva Nesheim Øglænd (f.v), Sara Bjørheim og Edel-Marie Haukland. Elida Hundhammer var ikkje til stades då bilde blei tatt. 

 Behovet er der, det er dei sikre på. Og fleire av dei har allereie fått ein smakebit på kva tenester som trengst. 

 - Far min måtte nyleg byta ut trykketelefonen sin med ein iPhone, og trengte hjelp til det meste av innstillingar og appar der. Det var jo slikt eg kunne utanåt, og ordna opp i ganske fort. Eg måtte ha nokre rundar for å læra pappa opp i dette, og det var slik me fekk ideen til bedrifta, fortel Øglænd, som nyleg tiltredde stillinga som personalsjef i ungdomsbedrifta Driftig UB. 

Fokus på kvalitet 

Til saman er det sju ungdomsbedrifter på trappene ved Lundeneset VGS i år. Sju timar i veka er sett av i timeplanen til dette som eit fordjupingsprosjekt for 2.klasseelevane. Ungdomsbedrifter skal gje vidaregåande elevar erfaring med å etablera, drifta og avvikla ei verksemd. 

Og dei «leikar ikkje butikk»: Bedrifta skal basera seg på ein realistisk idé, og gjennom produksjon, marknadsføring og sal skal bedrifta drivast likt som eit kva som helst anna AS eller enkeltmannsføretak. Gjennom skulen blir dette gjort i trygge rammer og med tett oppfølging og rådgjeving av lærarar og eksterne mentorar. 

Alle ungdomsbedrifter blir registrerte i Brønnøysundsregisteret som ei eiga juridisk eining. På måndag er det stiftingsmøte for samtlege elevbedrifter ved Lundeneset VGS. Firkløveret i Driftig arbeider nå med spørjeundersøkingar for å kartleggja markanden for forretningsidéen sin, og er annige på å starta opp for alvor. 

Me skal hjelpa til å læra dei som treng det alt frå PowerPoint, bruk av søkemotorar til Instagram. Så håpar me også at desse kurssamlingane samtidig kan bli sosiale møtestader for deltakarane 

- Det er eit generelt behov for datahjelp hjå mange eldre. Alt frå powerpointar til å finna fram ved hjelp av søkemotorar. Det viktigaste for oss er at me leverer ein teneste av høg kvalitet. Me ser for oss å ha moglege kurssamlingar for dei som ønskjer det, der me skal gi deltakarane den tida dei treng, og tilby dei materiell som dei kan støtta seg på når dei skal prøva seg sjølve på data etterpå, fortel Bjørheim, som er økonomisjef i Driftig. 

Grobotn til vidare karriere 

Klar til innsats for besteforeldregenerasjonen. På måndag er det stiftingsmøte, deretter er Sunniva Nesheim Øglænd og Edel-Marie Haukland førebudde på å innta lærarrolla for den eldre garde. 

Målet med ungdomsbedriftene er å fremja gründerånd og entrprenørskap blant unge. Kreativitet, skaparglede, erfaring, ansvargjering og teamararbeid er pedagogiske mål for ungdomsbedrifter som fag i den vidaregåande skulen, seier Brit Astrid Grønning i Ungt Entreprenørskap Rogaland, som var til stades på Lundeneset då startskottet for ungdomsbedrifter gjekk i slutten av august. 

 - Det er læring, ikkje næring, som er hovudpoenget. Sjølv om mange gjerne tenkjer pengar og inntjening i starten, endrar fokus seg raskt etter kvart som dei får utfordra seg på fleire område. Mellom anna har elevar meldt tilbake at sjølv om det var ein tøff måte å læra på, har dei aldri lært så mykje på så kort tid, seier Grønning. 

Og det store overskottet er så langt ikkje eit mål for Driftig UB. Dei har andre fokus. 

Den pedagogiske og sosiale trivselsbiten har sterkt fokus i bedrifta. Dagleg leiar Haukland meiner det er ein styrke at alle fire i tillegg til fagkompetansen også er drivne av ønsket om å jobba for å hjelpa folk. 

- Eg hadde jo mine tre medarbeidarar inne på intervju, og alle var svært målbevisste om at denne bedrifta først og fremst skulle gi hjelp til dei som trengte det. Me håpar å kombinera dataopplæring med triveleg kveldar for deltakarane, fortel Haukland. 

I løpet av hausten skal datahjelpa realiserast med kurssamlingar og støttemateriell. Bedrifta skal drivast i eitt år, før ho blir avvikla. Elevbedrifter skal vera grunnlaget for forretningsidéar som kan leva vidare. 

 - Å etablera elevbedrifta krev mykje fokus, eit grundig forarbeid og eit godt samarbeid. Me har vore veldig målbevisste, og skal jobba hardt for å få dette til å fungera. Målet er at dette blir ei bedrift som kan leva vidare også etter dette skuleåret, seier Bjørheim. 

 Målet med ungdomsbedriftene er først og fremst læring, ikkje næring, fortel Grønning. Likevel viser det seg at dei som har drive ungdomsbedrifter ofte får nytte av dette vidare i karrieren.

 - Det er ikkje mange ungdomsbedrifter som blir drivne vidare som selskap etter skuleåret. Likevel ser me at dei som har etablert bedrifter på skulen, oftare enn andre etablerer eigne selskap seinare i livet, eller får leiarstillingar, seier Grønning.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden