Sette rekord med 185.000 slakt i fjor

Nortura Sandeid sette fleire rekordar i fjor, og passerte for første gong 100.000 slakta småfe. Toppsesongen er på hausten, men slakteriet har travle dagar året rundt. Omsetnaden i konsernet var på heile 23 milliardar kroner.


Området til Nortura Sandeid strekkjer seg frå Boknafjorden til Haugalandet, Sunnhordland, Os, Voss, Hardanger, Vest-Telemark og Suldal. Totalt vart det frå dette området levert 185.000 dyr til slakt i fjor. Det er 16.400 fleire enn året før. Omsett i vekt utgjer det heile 11.948 tonn mot 9950 tonn i 2015. 

- Det er ein ganske stor auke, også for storfe. 600 fleire dyr høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men når ein tenkjer på at storleiken til kvart dyr i snitt er 300 kilo, blir det mange tonn, seier fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg (sjå faktaboks). 

Nortura-konsernet sette og rekord i omsetnad med rundt 23 milliardar kroner. Det gav rekordutbetaling på heile 100 millionar kroner fordelt på eigarane. 

- I tillegg får eigarane i år utbetalt utbytte dei har opparbeid på eigenkapital-kontoen sin. Dette utgjer mykje pengar for kvar enkelt eigar avhengig av kor stort volum som er levert, seier Stokkevåg. 

Dobbelt så mange tilsette om hausten 

Høgsesongen er om hausten når sauer og lam kjem frå beite. Men det er full fart på fabrikken gjennom heile året. 

- Vi har 60 fast tilsette. Om hausten blir det auka til det doble. Vi er så heldige at mange av dei som jobbar sesong kjem att år etter år, og vi som jobbar her fast gler oss alltid til at dei kjem. Sesongarbeidet gir også lokale ungdommar høve til å prøva seg. Det har auka med lokale ungdommar, og det er me glade for, seier Stokkevåg. 

Heile ti av dei tilsette er i gang med å ta svennebrev som slaktarar, og to er i gang med sertifikat som klassifisørar for kjøt og ull. 

- Vi er opptekne av å bidra til kompetanse i slaktarfaget og tek inn ein lærling kvart år slik at vi har to lærlingar heile tida. No er det berre ein lærling, og er det noko som har trong for lærlingplass må de gjerne ta kontakt. Vi kan og tilby læreplass for ndustrimekanikar, transportfaget og Industriell matproduksjon, seier Stokkevåg. 

Høgt tempo og høg tryggleik 

Den dagen Medvind24 er innom, pågår det slakting av storfe. De store skrottane heng på ein skinnegang i taket og går raskt frå stasjon til stasjon i slaktehallen. Det tek ikkje lange stunda frå dyra er flådde til klassifisøren har gjort sin jobb og skrottane går vidare til kjølehallen. 

- Vi har høgt tempo, og det er naudsynt med ein god HMS-kultur. Verneutstyr av ulike slag er sjølvsagt viktig, men også at heile organisasjonen er oppteken av korleis ein kan gjera jobben mest mogeleg trygt og effektivt. Høgt tempo kan vera slitande om ikkje arbeidsplassen er tilrettelagt. Her har vi investert mykje i utstyr som bidreg til rette arbeidsstillingar. Mellom anna har vi plattformar som den enkelte kan heva og senka til rett høgde for seg, seier Stokkevåg. 


Nortura har som felles mål at det skal vera null personskadar. Alle fabrikkane utarbeider risikoanalyser, og det blir fortløpande gjort tiltak for å unngå uhell og skader. 

- Nortura gjer no ei stor undersøking av HMS-kulturen i konsernet. Vi melde interesse med ein gong for å bli ein av dei seks fabrikkane som skal vera med. Ein kan bli blind i eige hus, og det er nyttig å få andre auger på det vi gjer. Så får vi sjå etterpå kva vi kan bli enno betre på seier Stokkevåg. 

Nytt reinseanlegg siste store investering 

Virginius Lukosevcius klassifiserer slaktet. Dette er ei omfattande vurdering som avgjer kva bonden får betalt.

Anlegget er det femte største målt på volum slakting i Nortura på landsbasis, og fabrikken vart bygd i 1974. Det skulle ein ikkje tru når ein går rundt i hallane. 

- Tilfanget av slakt er for lite til at det er aktuelt å investera i utvidingar. I staden har vi heile vegen vore flinke til å ta vare på det vi har med skikkeleg vedlikehald i tillegg til å investera i nytt og oppdatert utstyr i hallane. Mellom anna blir det gjennomført to fabrikkinspeksjonar i året der ein går gjennom alt. Og vi har ei veldig flink teknisk avdeling som sørger for at ting fungerer og er i topp stand, seier Stokkevåg. 

Ein av dei siste investeringane er nytt reinseanlegg som hindrar utslepp og forureining. 

- Det skulle byggast i to trinn, men trinn ein virka over all forventning, slik at vi ikkje treng trinn to førebels. Her er det ein kombinasjon av eit topp anlegget som blir drifta godt, og at vi har gjort tiltak for å minka volumet som må gjennom reinseanlegget. Mellom anna ved å bruka minst mogeleg vatn i hallane, seier Stokkevåg. 

Det mest på dyret blir nytta 

Det meste av slaktet som ikkje menneske et, vert også nytta til ulike produkt. 

- Berre litt av ein skrott er spesialavfall. Resten blir tatt vare på og brukt i ei aller anna form. Som til dømes protein i dyrefôr. Skinna sender vi til Norilia i Skjeberg for vidare handsaming og sal. Nokre skinn går også til Granberg garveri, som dei tek hand om på ein god måte. Eigarar som vil ha skinn i retur, hentar ut skinna sine hjå Granberg, seier Stokkevåg. 




Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden