Seks millionar til næringshagane i Nord-Rogaland 

Saman med næringshagane i Suldal, Avaldsnes og Judaberg, mottar Medvind Nærinsghage 6 millonar kroner. Pengane er øyremerka eit prosjekt som skal fremja samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø og fremja forretningsutvikling 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd seks millionar kroner til dei fire næringshagane i Nord-Rogaland. – Ein kjempemoglegheit for både små og store bedrifter i Vindafjord, jublar leiar i Medvind Næringshage, Rita Fridfelt. 

 Gladmeldinga frå departementet kom måndag, og saman med Næringshagane i Suldal, Avaldsnes og Judaberg er Medvind Næringshage i Vindafjord ein av mottakarane av seks millionar kroner spreidd over tre år. Pengane skal mellom anna stimulera til eit tettare samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø og fremja forretningsutvikling.

 I mai oppmoda Siva næringshagane om å søka om midlar til utviklingsprosjekt for verdiskaping og samarbeid i næringslivet. Til saman 31 søknadar kom inn, og fem av prosjekta blir nå realiserte. Eitt av desse er altså eit samarbeidsprosjekt mellom dei fire næringshagane i Nord-Rogaland.

 - Kjempespennande og eit stor moglegheit for mange næringslivsaktørar i Vindafjord, seier dagleg leiar i Medvind Næringshage, Rita Fridfelt. 

 - Me ønskjer alltid å utvikla både oss sjølve og verktøya våre til det beste for både små og store verksemder rundt oss. Ein del av denne potten vil gå til nettopp det: nye ressursar som kan bidra til vidare forretningsutvikling og nyskaping, seier Fridfeldt. 

 Pengane er øyremerka eit prosjekt der næringshagane skal utvikla enno meir effektive metodar for innovasjon. Gjennom eit tett samarbeid skal næringshagane kunna tilby auka ekspertise innan kommersialisering og forretningsutvikling på Haugalandet og i Ryfylke. Særleg nå som Rogaland er inne i omstillingstider er auka fokus på forretningsutvikling og innovasjon viktig.

- Det kan blant anna vera aktuelt å bruka midlane til å bidra til å knyta tettare band mellom næringsliv og forskingsmiljø. Det kan finnast behov ein ikkje viste at markanden hadde, eller tenester ein ikkje var klar over at ein kunne tilby. Ved å kopla seg tettare til forskingsmiljø vil ein kunna finna smarte løysingar og idear til nye forretningsområde. Dette er svært aktuelt i desse omstillingstidene, og vil vera nyttig både for dei store og etablerte, så vel som for dei nyetablerte og små bedriftene i kommunen, seier Fridfelt. 

 Til saman deler departementet ut 30 millionar kroner for å møta næringslivet sitt behov for omstilling og utvikling, og for å stimulera til nyskaping og gründerverksemd. Pengane går til regionale læringsarenaer over heile landet, og seks millionar er altså sett av til næringshagane i Nord-Rogaland.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden