Samtalegrupper for menn



Kurset har fått namnet : «Innsikt gir utsikt» og er planlagt over fem kurskveldar. Oppstarten er rett over påske, dersom korona og smittvernreglane opnar opp for det, det blir kurs i både Skjold og Kopervik. Både Jorun Askeland og Tone Fiksdal er utdanna EQ-terapeutar, ein terapiform der ein blir kjent med eigne kjensler, ser på tankemønster og blir meir bevisst seg sjølv og dermed betre kan kartlegge korleis ein kan skape endring, om ein ynskjer det.

– Me har stor interesse av å jobbe med folk, relasjonar og psykisk helse. Difor kom og ideen om denne kurs-rekkja på plass. Me vil gjerne lage til ein arena der menn kan våge å snakke om utfordringar, problem eller det som rører seg i liva deira. Me veit at mange menn syns det er vanskeleg å snakke om psykisk helse, her vil dei og få konkrete verktøy som dei kan jobbe med vidare, fortel Jorun Askeland.

Viktig tanke-prosess

Ho legg vekt på at sjølve kurs-innhaldet ikkje nødvendigvis er spesielt retta mot menn, men at ein her vil skape eit kurs-rom der menn kan treffast og ta opp viktige tema. I kurset vil det bli lagt vekt på både samtale, men også eigen refleksjon, og det er bevisst sett opp nok tid mellom kurskveldane til at deltakarane kan få tenkje på «heimeleksa» til neste gong. Tema ein vil kome innom er bevisstgjering, verdiar, kjærleiksspråk og kommunikasjon.

– Dette er ikkje eit kurs der du berre skal lære noko og så gå heim. Her er det viktig å setje i gang prosessar som er verdifulle i seg sjølv. Me ynskjer å ha fokus på korleis det er å vere menneske i 2021. Lever me etter eigne ynskje, eller blir det for mange forventningar frå både oss sjølve, andre og samfunnet generelt? Kva er mitt i mitt liv? Lever eg i tråd med det som er viktig for meg? Dette er tema me ynskjer dei som går på kurset skal bli meir bevisst, for slik å få personleg vekst og kunne leve meir autentisk. Det gjeld både om ein er kvinne eller mann.

Rom for å snakke

Jorun Askeland og Tone Fiksdal arrangerer også kursrekkja spesielt for menn sidan dei veit at kvinner ofte har fleire arenaer der dei er trygge til å snakke om dupare tema. Dei meiner også det er viktig å få fram at dei ikkje har fasiten og alle svar, men at dei ynskjer å bidra med ulike synspunkt, erfaringar og slik skape eit rom for dialog.

– Kvinner er nok flinkare til å snakkast over kaffekoppane. Menn treffest på skitur eller på trening, det må skje noko der , og då er det ikkje alltid det passar med samtalar som dette. Ofte trur eg og at det kan vere godt å snakke med andre enn venner, familie og kollega, alltid sunt å få eit blikk frå utsida, meiner Askeland.

På kurset blir det maks åtte deltakarar, både grunna korona-tiltak og fordi det er ei passeleg gruppe når alle skal få rom til å fortelje frå eige liv.

– Eg trur nok mange kan bli skremt av at det er ei gruppe der dei kan dele frå eigne erfaringar. Men ofte er det jo nyttig å høyre kva andre kavar med, ofte liknar det veldig på ditt eige liv, fortel ho og viser til at kurset passar for menn i alle aldrar og at ulik bakgrunn berre er med på å gi eit ekstra godt utbytte av samtalane.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden