- Reiselivet treng tiltak

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett aukar momsen på reiselivsprodukt, samt at overføringane til bransjen er kraftig redusert. - Det må kome tiltak frå årsskiftet som gjer at bedriftene i reiselivsnæringa kan overleve. Dei som er avhengig av utanlandske turistar er hardast ramma, meiner Kjell-Otto Lillebø i Tveit Regnskap.


Lillebø er seniorrådgjevar i Tveit Regnskap og meiner mange bedrifter i reiselivsnæringa kjem til å få tøffe tider også i 2021, etter at koronakrisa gav næringa eit tilbakeslag denne sesongen.

- For mange er det snakk om å overleve, og ikkje om å tene pengar, eg tenkjer det betyr minimal drift og låg bemanning for mange, seier han. 

I utkastet til statsbudsjett er det sett av 680 millionar til særskilte tiltak i reiselivet, til samanlikning har reiselivet dei siste fire månadane fått 1,5 milliardar kroner. 

- Det einaste positive med dette budsjettet er at reiselivsposten ikkje er konkretisert endå, noko som gir partane i arbeidslivet ein sjans til å kome med innspel basert på sin kunnskap om næringa, slik at pengane treff behovet på den beste måten, slår Lillebø fast. 

- Det vil nok ta ei stund før ein veit korleis støtta skal fordelast, så lenge ein ikkje veit meir om innhald og formål så er det vanskeleg å vite kva effekt ordninga kan få. 

Lillebø peikar også på at næringsminister Iselin Nybø (V) i slutten av september annonserte ein ny milliard-krisepakke for reiselivet, men utan at det vart peika på vilkår for å søkje støtte. I tillegg til reduserte overføringar legg regjeringa opp til at momsen for reiselivs- og kultursektoren blir sett opp igjen til 12 prosent neste år, etter ei tid der den har vore ned på 6 prosent for å hjelpe næringa gjennom korona-krisa. I tillegg foreslår også regjeringa å innføre flyplassavgifta igjen etter at den vart oppheva 1. januar. Regjeringa aukar også overføringar til offentleg finansierte institusjonar, som Haugesund Teater, Haugalandsmuseet og Ryfylkemuseet. 

Løftar fram eksport 

Lillebø peikar også på fleire andre forslag i statsbudsjettet som vil påverke næringslivet lokalt og regionalt. Til dømes ynskjer regjeringa å endre i skattereglane for vasskraftverk. 

- Når regjeringa vil endre grunnrenteskatten for vasskraftverk til kontantstrøm-skatt for nye investeringar, men ikkje gjere det same for eksisterande vasskraftverk kan dette bremse vidare investeringar i meir fornybar energi. Skattetrykket må elles seiast å vere framleis høgt på eksisterande anlegg, meiner Kjell-Otto Lillebø. 

Regjeringa ynskjer å setje av 100 millionar kroner til strategiske eksportsatsingar samt jobbe tettare med næringslivet. 

- Regionen vår er stor innan eksport, og det er positivt at arbeidet med å fremje norske selskap sine eksportmoglegheiter no blir prioritert sterkare, meiner Lillebø. 

Grøn innovasjon

Regjeringa foreslår å løyve om lag 32 millionar til Rogaland fylkeskommune i regionale utviklingsmidlar. 

- I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021 ligg det meir enn 9 milliardar til næringsretta forsking og innovasjon over Nærings - og fiskeridepartementet sitt budsjett. Inkludert her er SkatteFunn-ordninga, bedrifter frå Rogaland kan også søkje om midlar frå denne potten, seier Lillebø.

I forslaget til statsbudsjett for 2021 vil FOU-delen (forsking og utvikling) utgjere 1,1 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP), noko som i følgje Lillebø vil legge til rette for utvikling av det grøne skiftet. Regjeringa foreslår også å redusere formueskatten på arbeidande kapital. 

- Denne vridninga i skattestystemet, der ein aukar verdsettingsrabatten for aksjar, næringseigedom og driftsmidlar til 45 prosent vil føre til at det blir meir lønnsamt å investere i næringsverksemd og arbeidsplassar, meiner Kjell-Otto Lillebø. 

Han peikar også på oppstart av bygging av ny gang - og sykkelveg gjennom Espedalssvingane på E134 i Vindafjord kommune ligg inne i utkastet til statsbudsjett. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden