Sikra økonomisk pusterom for ASVO


- Den nye avtalen gir oss moglegheit til å planleggja for framtida, seier dagleg leiar Paul Fuglestein (f.v), tillitsvald Kåre Sørheim og styreleiar Leif Grindheim

Både styret og leiing i Øyane ASVO har over ein lengre periode gjort mange grep for å betra økonomien i bedrifta, og fastrenteavtalen har vore ein av dei mest krevjande kneikane. Etter påtrykk frå styret og med støtte frå ressursar i Medvind-miljøet, er det landa ny refinansieringsavtale med betra villkår for vaskeriet. Den nye avtalen vil spara ASVO for store beløp og gi reduserte kostnadar på fleire hundretusen kroner i året, seier styreleiar Leif Grindheim. 

- Fastrenteavtalen blei i si tid inngått i god tru. Men den økonomiske utviklinga har derimot ført til at me har låst oss til altfor høge renter, noko som har kosta oss store summar kvart einaste år. Med ny avtale i hamn vil den daglege drifta lettast betrakteleg, samtidig som ein kan planleggja for framtidige investeringar, seier Grindheim. 

Kan planleggja for framtida 

Målbedrift

Den nye avtalen er eit resultat av eit langvarig samarbeid mellom fleire partar, seier dagleg leiar Paul Fuglestein. 

- Både styret og leiinga har lenge jobba med løysingar for å komma ut av fastrenteavtalen. Som målbedrift i næringshagen, fekk me god støtte frå ressursar i Medvind-nettverket, og klarte dermed å komma fram til ein avtale som vil gjera det mogleg for ASVO å veksa ytterlegare, seier Fuglestein. 

Øyane ASVO har vore på sparebluss i mange år, og det har vore vanskar å få finna overskot til å gjera naudsynte investeringar. Tillitsvald Kåre Sørheim seier at den nye avtalen er eit stort steg i riktig retning. 

- Med ny avtale i hamn kan me endeleg byrja å planleggja for framtida. Men dette er på ingen måte noko kvilepute, me må framleis ha fokus på økonomien. Likevel er me nå i ein situasjon der me kan tenkja nye investeringar, seier Sørheim. 

- Viktig for oss å bidra 

Øyane ASVO er eigd av Etne og Vindafjord kommunar. Vaskeriet har i dag 50 tilsette frå begge kommunar, og tilbyr tilrettelagde oppgåver til alle som ønskjer ein arbeidsplass å gå til kvar dag. Banksjef Sigurd Sande i Sparebanken Vest seier at det har vore ei samfunnsansvarleg oppgåve for banken å bidra til ei best mogleg løysing for ASVO. 

- Øyane ASVO har jobba knallhardt for å bli den suksessen det er blitt. Bedrifta har vakse seg til å bli ein stor og viktig arbeidsplass, med eit sterkt forankra sosialt engasjement. ASVO har gjort mange og viktige grep for å få ei god drift dei siste åra, og det har nå byrja å materialisera seg. For oss var det difor viktig å kunna leggja til rette for at ASVO også kunne utvikla seg vidare som ei suksessbedrift. Det er me glade for at me fekk til, seier Sande.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden