Publikum avgjer om Roots’n er liv laga

Festivalgeneral Jarle Nes er spent før årets Vikedal Roots Music Festival – den 17. i rekka. Han vonar publikum vil ta godt imot ein litt annleis festival enn dei siste åra. Ein prøve på om Roots'n framleis er liv laga.

 

- For første gong skal me arrangera heile festivalen i båthamna. Sirkusteltet på grusbanen er historie. Det er blitt for gamalt og slite, men me kan lova eit større telt i båthamna enn me har hatt tidlegare år. Her skal me skapa god, gammaldags roots-stemning, nett slik me hadde det dei første åra med rootsfestival i Vikedal, fortel festivalgeneralen. 

Han vonar at 2500 – 3000 feststemte publikummarar vil finna vegen til bygda helga midt i juli. Hovudattraksjonen er irske Kilkennys, som både opnar fredagskonsertane og avsluttar heile festivalen natt til søndagen. Her blir det irsk folkrock for alle pengane. Programmet er elles spekka med mykje irsk og keltisk folkemusikk ispedd både viser, country, blues, pop og shanty. Namn som Henning Kvitnes, Claudia Scott og Daniel Kvammen borgar for stemningsmusikk. 

Ingen festival utan eit feststemt publikum 

- Det er sal av billettar, mat og drikke som utgjer dei største inntektene til festivalen. Tilskot frå Norsk kulturråd, kommunen og lokale sponsorar er kjærkomne, men me er avhengige av å lage ein festival som publikum vil ha, og som dei stiller opp på. Eit feststemt publikum må til, understrekar Nes. 

Årets festival blir ein prøvestein på om festivalen framleis er liv laga. I fjor gjekk festivalen med underskot for første gong i nyare tid. Dårleg vêr med ausregn og einsifra visning på gradestokken får ta ein god del av skulda. Store namn på plakaten hadde sikkert og sin pris. 

Røynsler frå fjoråret, pluss at tilskotet frå fylkeskommunen som festivalen har fått dei tre siste åra no fell bort, gjer at festivalstyret dette året jobbar etter eit halvert budsjett samanlikna med tidlegare. 

- Einskilde postar er meir enn halverte, men med fokus på det som har vore meininga med Vikedal Roots Music Festival; å spreie god roots-musikk, trur eg me skal samle nok publikum til å få opp stemninga. Me har sett ned prisane på billettane og førehandssalet har vore bra, så til dei som har tenkt seg på festival, men som ikkje alt har kjøpt billett; skund dykk. Det kan bli trongt om plassen, seier ein optimistisk festivalgeneral. 

Talentkonkurranse for unge 

- Nytt av året er at me opnar festivalen med ein talentkonkurranse for ungdom torsdagskvelden. Det skal vera eit alkoholfritt familiearrangement der unge talent frå distriktet står for dei musikalske innslaga. Me har fått med oss sju solistar og band, som skal framføre ein eller to låtar kvar. Vinnaren eller vinnarane får spela inn ein singel i ABC-studio i Etne og ta med seg 50 CD-ar til eige bruk, fortel Nes. 

Arrangøren stiller med profesjonell lyd og lyssetting. Dei unge artistane kan framføre instrumentale låtar, synge til playback eller til eige akkompagnement. Ein jury samansett av styremedlemmer, representantar frå sponsorane og ein artist skal i løpet av kvelden kåre ein vinnar.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden