Ein heilt magisk laurdag i Vikedal

Kontoret er der Åse Jorunn Blikra er minst i løpet av dagen. Den mest spesielle dagen på jobb var under Rootsen i 2014 då dei sette rekord i omsetnad.


Ein typisk arbeidskvardag? 

- Varer ut og inn, sjekka frukt og brød, sjekka dato (ein evig kamp), sitja i kassen, Post i butikk, bestilla varer. Her er alle med over alt, og det blir minst tid på kontoret. Mange ting er komne på AVS (automatisk varesupplering), og det gjer kvardagen mykje lettare. Då slepp vi å leggja inn alt, og treng berre å endra talet opp eller ned om vi har meir eller mindre trong for ei vare. 

På kontoret
Namn: Åse Jorunn Blikra (59)
Bustad: Vikedalsdalen
Sivilstand: Gift, 3 barn, 1 barnebarn Stilling: Butikksjef Coop Marked Vikedal
Kor lenge i stillinga: Tilsett 1. januar 2010. Jobba før det mange år hos Byggmix i Ølen

Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

- Vatn og kaffi. 

Kva karakteriserer din arbeidsplass? 

- Alle står på og vil at butikken skal framstå best mogeleg. Både med varer og at den ser bra ut. Det er ein fantastisk gjeng å jobba i lag med her på Coop Marked Vikedal. Vi er sju tilsette inkludert ekstravakter, og har i tillegg ei som er i fødselspermisjon. Omsett i årsverk blir det rundt fire, sidan fleire ikkje har full stilling. Deriblant meg som jobbar 80 prosent. 

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

- Det var under Rootsen i 2014. Det var sydenvêr i Vikedal, massevis av folk og veldig god stemning. Det var tomt for grillmat - i hele distriktet, hevda ein kunde - men eg fekk henta meir hos Fatland. Vi har aldri seld for så mykje eller hatt det så travelt utan at det var noko stress. Det var rett og slett ein magisk laurdag 

Kva gjer du på når du har fri? 

- Då spelar eg totrader i Belgtøttene. Det er utruleg kjekt. Vi øver kvar veke og har litt oppdag rundt omkring. Eg går mykje til fjells både på ski og på føtene, og vi er ein del på hytta på Seljestad. Garden har neste generasjon tatt over, men eg er framleis engasjert i sauene. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden