Følgjer opp kvar fisken er og kvar han skal

Anne-Brith Skogen Haakull har ikkje mindre enn tre millionar Salma-rekruttar å halda styr på hos Bremnes Seashore avd. Trovåg. Husarbeid synest ho er kjedeleg, men det går som ein leik med ein bok på øyra.


Ein typisk arbeidskvardag? 

- Eg sit mykje på kontoret, held orden på tala og følgjer opp kvar fisken er og kvar han skal. Absolutt alt skal dokumenterast i dag, og alt skal sporast frå innlegg som rogn til ferdig slakta produkt. Vi har blitt store med mange avdelingar, og dagane går i eitt. Vi har per i dag fire forskjellige rogninnlegg som skal følgjast opp kvar for seg. Du har startfôring, vaksinering og sortering, så det er veldig mykje planlegging og oppfølging. Eg tar også imot besøkande og følgjer opp nytilsette og skuleelvar, men det er folka som er ute i hallane som lærer dei opp. 

På kontoret
Namn: Anne-Brith Skogen Haakull (56)
Bustad: Skjold
Sivilstand: Gift med Svein, tre bonusgutar
Stilling: Driftskoordinator hos Bremnes Seashore avd. Trovåg
Kor lenge i stillinga: Eit år, men har vore tilsett sidan 1987

Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

- Eg har ikkje noko spesielt eg må ha. Det som betyr noko er at det er god atmosfære på jobb og eit godt arbeidsmiljø. 

Kva karakteriserer din arbeidsplass? 

- Det er fantastisk dyktige folk her som er opptekne av fiskevelferd og kvalitet. Og det er masse godt humør. Det er kjekt å gå på jobb kvar dag. 

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

- Det er eigentleg to dagar. Den første var då eg byrja her i 1987. Eg hadde inga utdanning i faget, men å vera med på prosessen med å legga inn rogn, klekking og startfôring var veldig fascinerande. Eg er faktisk like fascinert i dag. Du gjer det same kvart år, fleire gonger i året, men det er like spesielt kvar gong å sjå at det lukkast. 

- Den andre dagen er då vi flytta inn i nybygget her. Det er jo heilt rått. På heile anlegget er det no to nye hallar som er tatt i bruk. To til er snart klare for bruk, og ein hall skal igangsetjast. Det er kun klekkeri og startfôringshall som er igjen av det gamle. 

Kva gjer du på når du har fri? 

- Då er vi ofte i Imslandssjøen der vi har hytte, og vi går mykje i fjellet. Ellers spelar eg torader i Belgtøttene og høyrer ein del på lydbøker. No går det i Jan Guillou sin serie «Det store århundret» med skildringar og historiar får 1900-talet. Eg brukar å høyra på lydbok når eg gjer husarbeid. Då går det som ein leik! 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden