Mekkar både bil og system

Som systemutviklar i Omega er det ikkje lett å vita kor neste arbeidsdag endar opp; om det er i Hammerfest eller ved kapteinens bord på eit Fred. Olsen-skip i Middelhavet. Berre spør Pims-mekanikar Øystein Berge-Olsen.


Bilmekanikar heime og Pims-mekanikar på jobb. Øystein Berge-Olsen mekkar det meste, om det er gamle bilar eller systemer på Fred. Olsen sine cruiseskip. Foto: Kari Aakra

Ein typisk arbeidsdag?

På kontoret:
Øystein Berge-Olsen (snart 39 og eit halvt år)
Bustad: Vågshagen, Ølensvåg
Sivilstand: Gift med Turid, to gutar på 7 og 10 år
Stilling: Systemutviklar i Omega
Kor lenge i stillinga: 21 år

- Den finnest ikkje.

- Eg jobbar med å utvikla prosjektstyringsverktøyet Pims for mange ulike kundar, så det har gått frå arbeidsdagar på Snøhvitfeltet i Hammerfest til oppdrag i München, implementering av nye system på Westcon eller på betonganlegg i Grimstad. Frå eg starta i jobben i 1997 til i dag, har eg endå ikkje hatt to like dagar. 

Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

- På jobb må eg ha kaffi. Litt snodig egentlig, for eg drikk det nesten aldri heime. Og som systemutviklar kjem ein ikkje særleg langt utan ein PC på jobb, så den kjem som ein god nummer to. 

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

- Då må me tilbake til tidleg 2000-tal. Omega hadde ein jobb for Fred. Olsen, og eg var på oppdrag for å oppdatera system på eit av cruiseskipa som gjekk i Middelhavet. Ein kveld blei eg invitert til middag ved kapteinens bord. Eg forsto jo at dette var skikkelig flotte greier, og rekna med eg måtte kle meg sånn noko lunde «pent» til kvelden. Men nokon hadde tydelegvis skjønt at dei måtte følgja meg opp, for eg blei spurt om eg hadde kvit skjorte og svart dress til middagen? Nei, men eg rekna med ei blå skjorte og brun bukse ville fungera. Men det heldt visstnok ikkje mål. Så den som blei sendt på dress-shopping på Fred Olsen si rekning – det var meg. 

- Så kom me til middagen, då. Framfor meg hadde eg sikkert sju ulike gaflar og knivar ved tallerkenen. Og eg hadde jo ikkje anelse om kva som skulle brukast til kva. Det var a la carte, eg bestilte tre rettar, og tok ein råsjans på kva bestikk som skulle brukast til kvar av dei. Men eg bomma visst på det meste. Det enda med at kelneren, som blei lei av å finna nytt bestikk til meg, måtte gje meg vaksenopplæring i kva gaffel som skulle til kva rett. 

- Det var med andre ord ei interessant oppleving for ein bondegut frå Økland å få eta ved «the Captains Table». 

Kva karakteriserer arbeidsplassen din? 

- Eg jobbar frå 3. etasjen i Omega-bygget i Ølensvåg, og akkurat nå er det eit konstant høgtrykk med intenst engasjement frå over gjennomsnittet gira kollegaer. Eg vil kalla det høglytt, aktivt og masete - med positivt forteikn. Det er mykje som skjer i Omega nett nå, og veldig mange spanande ting på gang. 

Kva gjer du på når du har fri? 

- Det lurer eg og på. Det går nok mykje i ungar, «kjering», hus og heim, men så er eg også ein type som periodevis putlar på med mykje forskjellig: om det er Himkok-revy eller dugnad på leikeplassen. Dessutan er eg ein bilnerd og veldig glad i å komma meg ut i garasjen, mekka bil og kopla alt anna ut. Så nå håpar eg å få tid til å starta med biltrial igjen. Tidlegare hadde eg ein Nissan Patrol eg jobba med. Nå ønskjer eg å få meg ein Toyota Hilux, helst ein 80-tallsmodell.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden