Gler seg til meir vind i segla

Det går stort sett i møter, men det er likevel langt mellom dei keisame dagane på jobb når du er samfunnsutviklar i Vindafjord. Snart flyttar Erik Baust frå jobben, og ser fram til meir blest, men denne gongen på Oslofjorden.


Ein typisk arbeidsdag? 

Møter. Min jobb er å tilretteleggja for dialog, både med og mellom kommuneleiing, næringsliv, frivillige lag, organisasjonar og grendelag, «you name it» - alle som kan og ønskjer å utvikla noko i kommunen. Det handlar om å få dei rette til å forstå at «dette er ein god ide», og finna løysingar dei i mellom. Min jobb er å skapa framdrift, og ein viktig del av det er å å skapa intern forståing og positivitet for utvikling og endring.

På kontoret: Erik Baust

  • Namn: Erik Baust (veldig nær 50 år) 
  • Bur: Sauda 
  • Sivilstand: Sambuar, tre barn, to bonusbarn 
  • Stilling: Avtroppande samfunnsutviklar i Vindafjord kommune 
  • Kor lenge i stillinga: 3,5 år 

Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

Eg hadde ikkje vore mykje verdt utan mobil eller PC. Og for nokre år sidan ville eg nok også sagt bil, men det går faktisk an å klara seg utan, til og med i Vindafjord. Etter at eg var litt for hard på gassen for ei tid tilbake, sto eg plutseleg utan lappen og med ein pendlarveg mellom Haugesund, Sauda og alle bygdene i Vindafjord. Spørsmålet var då om eg skulle halda det skjult, eller om eg skulle bruka det som brekkstong. Eg valde det siste. Sjølvsagt skal ein aldri køyra for fort, men då eg likevel måtte klara meg utan bil, oppdaga eg at det er mykje å vinna på å spørja om å få sitja på med andre. Du blir kjent med nye menneske, og får snakka saman i ro og fred. 

Kva karakteriserer arbeidsplassen din? 

Mykje alvor og mykje artig. Alle som er tilsette i kommunen jobbar med å til retteleggja for at folk skal ha det bra «frå fødsel til gjødsel». Me har med alle sider av livet å gjera, og akkurat som livet er difor også jobben både alvorleg med også veldig gøyal. 

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

Dei har det vore mange av. Det er ei utruleg god kjensle å få folk til å ta kvarandre i hendene og bli samde etter 10 års diskusjon. Men den dagen me opna turvegen mellom Ølen og Etne peikar seg nok ut. Turvegen over Fikse var resultatet av veldig mange gode krefter som drog saman, og noko eg er veldig glad for at eg fekk vera med på. Dette var ein av dei første oppdraga eg fekk då eg starta i stillinga, og allereie hadde prosjektet vore jobba med i fleire tiår. Det var ein skikkelig kul dag på jobb. 

Kva gjer du på når du har fri? 

Med denne jobben og pendling til Sauda og Haugesund, er det litt avgrensa kor mykje fritid eg har. Det eg hadde av fritid før gjekk til trening, men har det vore minimalt av dei siste åra. Men eg set enormt pris på å få bruka naturen når eg har tid til det: Ut med bikkja og fiskestonga, både på fjellet og på fjorden. Eg er spesielt glad i å segla, og har gjort det sidan eg var liten. Eg har ein seglbåt med hol i som skal fiksast. Båten står nå i Sauda, som statistisk sett er den plassen det bles minst. Men nå skal båten bli med austover og få stampa litt i Oslofjorden.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden