På jobben: Lidenskap for faget

Ho har prøvd seg i mange forskjellige yrker, men ingen passa betre enn det ho har nå. Sidan august har Tonje Strand (25) jobba som lærling på Vik Skule.


Image
Tonje Strand har funne yrket ho trivest i. Nå tek ho fagbrev innan barn- og ungdomsfaget. Foto: Privat. 

Kvar kjem du frå?

Odda

Korleis fekk du denne lærlingplassen?

Eg har tidlegare jobba her som vikar, det var slik eg blei kjend med både faget og Vik Skule. Då eg fant ut at eg ville ta fagbrev innan barn- og ungdomsfaget fekk eg plass som assistent her. 

Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Tidlegare har eg hatt fleire forskjellige jobbar og prøvd meg i forskjellige fagområder, men eg fant aldri ut heilt kva eg ville sjølv. Eg prøvde meg då litt som vikar og jobba ein del i SFO og merka at dette kjendest veldig rett. Eg såg at eg kunne trivast med dette og bestemte meg då for å ta utdanninga.

Kva arbeidserfaring hadde du frå før?

Eg har blant anna jobba i butikk og på kjøpesenter tidlegare, men eg følte aldri at det passa meg. Eg er glad i folk og barn å eg kjenner at dette yrket passar meg mykje betre.

Kvar i utdanningsløpet ditt er du nå?

Nå held eg på med første året av skulegangen og skal til saman gå tre år.

Beskriv ein typisk arbeidsdag:

Me byrjar arbeidsdagen kl. 8 og då pleier me å gå gjennom planen for dagen, kva me skal gjera i skuletimane. I klasserommet hjelper eg læraren med det dei skulle trenge i tillegg til å vera med barna og hjelpe dei med oppgåver og liknande.

Kva har du lært om jobben som du ikkje visste frå før?

At barn ikkje berre er barn. Ein kan fort tenkje når ein jobbar på ein skule at ein berre passar på barn, men det er mykje meir enn det. Ein blir glad i desse ungane og ein får eit godt forhold til dei og ein bryr seg om dei. Det er folk dette her og det er veldig kjekt å vera med dei og hjelpa dei gjennom kvardagen.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden