På innsida av Nav

Samanslåing, pandemi og sterke menneskemøte pregar det siste året hjå NAV. Kristin Tofte og Helene Mo er opptekne av at alle skal bli sett og tatt på alvor.

Våren 2020 skulle dei lokale NAV-kontora i Etne og Vindafjord slå seg saman, teambuildingar var planlagde og målet var at kollegane skulle bli godt kjende og få ein felles kultur. Så kom pandemien og sette næringslivet delvis ut av spel, samfunnet vart sårbart og dei tilsette på NAV vart sende på heimekontor. Dei som alltid hadde eit soleklart lovverk å lene seg på når brukarane ringde var no usikre på kva som gjaldt for morgondagen. No venta dei stadig på ny pressekonferanse og nytt regelverk.

– Det er rart kor raskt me omstiller oss og blir vane med den nye kvardagen. Me har i stor grad hatt heimekontor sidan mars, men har likevel klart å vere tilgjengeleg gjennom telefon, digitale kanalar eller somme gonger fysiske møte der me fekk det til, seier lokal NAV-leiar Kristin Tofte.

Denne dagen møter ho kollega Helene Moe på kontoret, sjølv om livet på heimekontor er heilt greitt, så saknar dei begge samhaldet og den viktige praten over kaffekoppane. I dag nyt dei vårsola frå den fargerike benken på utsida av kontorlokala i Ølen, sjølv om dei må halde ein meter med avstand.

– Når alt stengte ned var hovudoppgåva vår å sikre at alle fekk dei ytingane dei hadde krav på det var ei høg omstillingsrate sjølv om me er vane med det frå før også. Brukarane tok kontakt og var fortvila, mange av dei hadde mista jobben og inntektsgrunnlaget frå ein dag til ein annan, det var vondt å ikkje alltid vite kva ein skulle svare. Men når den første bølga fekk roe seg kunne me byrje å tenkje på dei som treng det aller mest, seier Helene.


Brukargruppene på NAV er mange og samansette, i fjor vår kom det også ei ny gruppe. Det kom inn grupper som i utgangspunktet har klart seg utan støtte, dei som ikkje var vane med å vere på NAV, søkje pengar eller å vere utan jobb, i tillegg vart dei sårbare ekstra råka. Det er menneske som er utan jobb eller nettverk, eller einsame som gjerne ser på dei som jobbar i NAV som ein venn dei treng når det stormar som mest. Frå å vere tett på og alltid ha opne dører vart det no restriksjonar, møtepunkt vart avlyst og det meste gjekk over til å bli digitalt.

– Me var heldigvis komne langt digitalt, me hadde brukt Teams ein del, så den overgangen vart ikkje så stort. Men nokre av brukarane våre møtte nokre utfordringar. Dei fleste skjema var digitale på denne tida, men ikkje søknaden om økonomisk sosialhjelp. No er me derimot på plass med digitale skjema for dette og, fortel Kristin.

Løysinga vart å setje opp to postkassar på utsida av kontoret, ein til blanke søknadspapir og ein til dei som var ferdig utfylte. For somme var det og vanskeleg at dei opne offentlege stadane ein kunne få hjelp til å printe eller låne datamaskin var lukka, verken bibliokeket eller kommunen kunne ha opne dører.

– Me brukte ein vakttelefon som folk kunne ringe inn for å avtale tidspunkt, og etter kvart måtte me tenkje kreativt på korleis me kunne kommunisere med brukarane. Videomøte vart eit godt alternativ, fortel NAV-leiaren.

Image
Både Kristin Tofte (t.v) og Helene Mo har stort sett hatt heimekontor det siste året. Sjølv om dei har hatt  god digital kontakt saknar dei kaffikoppane og dei fysiske samtalane med kollegane. No håpar dei at livet blir meir normalt. (Foto: Kristian Risanger)

Begge to er opptekne av dei sårbare gruppene, dei som ikkje har så mange andre å ty til. Helene brenn for dei som har stått utanfor arbeidslivet lenge, som treng motivasjon og litt ekstra påtrykk for å våge å ta nokre val, våge å kaste seg ut i ting. Blant anna har dei tiltaket FRAM, der arbeidssøkjarar har samlast til frukost og god samtale for å reflektere rundt sjølvutvikling og vegen vidare. Samlingane vart for vanskeleg å drifte med tanke på smittevern og dermed sett på pause. I staden kom video-møter og webinar sterkare på banen.

– Målet vårt er jo alltid å vere så gode veiledarar som mogleg, slik at flest mogleg får oppleve at livet går framover, det er slett ikkje alle som syns det er kvikk-fiks, då treng dei at me er tett på dei.

– Me håpar verkeleg me ser lys i tunellen no, men me har jo så sagt det mange gonger allereie, men for desse mest sårbare gruppene er det vanskeleg no, når alt dreg slik ut i tid, meiner Kristin og får støtte frå Helene.


Ho er oppteken av å skape relasjonar mellom brukar og tilsett, og meiner det er personlege møte som skal til for å få det grunnlaget sikkert.

– Det er jo heller ikkje alle som er så digitale, det er og mange ungdommar som ikkje vil treffast digitalt. Eg har gått tur med nokre gjennom desse månadane, men somme har ikkje klede som passar til det, eller ein må passe på å gå turar der personvernet blir ivareteke.

– Mange opnar seg likevel lettare på desse turane enn dei gjer i møter på eit kontor, det er fantastisk å sjå. Og tenk på dei framandspråklege, kor vanskeleg det blir å bli god i norsk når det ikkje er nokon å snakke med? Me har ofte sett opp videomøter med dei berre for at me kan øve på språk saman, det er jo i utgangspunktet ikkje NAV si oppgåve, men ein prøver å gjere det aller beste ut av det.


Det lokale NAV-kontoret har hatt kontakt med mange permitterte gjennom året. Mange av desse har hatt trygg jobb i mange år, så forsvinn plutseleg grunnlaget, og sjølv om mange kjem seg tilbake til jobbane kan det vere eit tøft vakuum å vere i.

– Det er mange spørsmål inn til oss på når folk får pengar, korleis regelverket fungerer og kor ein skal søkje. Desse er ofte heilt ferske i NAV-systemet, seier Helene.

Arbeidsløysa var nede i 2 prosent i februar 2020, då pandemien small auka den til rundt 8 prosent. I etterkant har den gått jamt nedover, og ligg no på 2,4 prosent i Etne og 2,6 prosent i Vindafjord.

– Dialogen med arbeidsgivarane har vore viktig for oss. Kva arbeidskraft treng dei, og kor er gapet mellom det og kompetansen som trengs? Kompetanseheving har vore viktig for mange i denne perioden, ikkje minst sidan ein no kunne ta etterutdanning utan å miste dagpengane.

– I regionen vår har me veldig mange positive leiarar i næringslivet, som har lyst til å få til mykje og som er opptekne av korleis arbeidstakarane har det. Mange av dei ynskjer å gi noko tilbake til nærmiljøet, NAV vil gjerne vere med i dei nye tankane som kjem fram, seier Kristin engasjert.

Mange av dei lokale bedriftene har utanlandsk arbeidskraft, difor var arbeidet rundt EØS-borgarane ei viktig oppgåve for NAV-kontoret. Målet var å sikre bedriftene og dei tilsette med oppdatert informasjon om kva som gjaldt av regelverk til ein kvar tid.


Kristin og Helene har registrert at presset, den negative stormen og dei største påkjenningane truleg ikkje har råka lokalkontor som det i Ølen. Ofte bles vinden rundt NAV-kontora ekstra hardt i større byar der avstandane mellom brukar og rådgjevar er større.

– For oss er det viktig at folk blir møtt med respekt og får ei god brukar-oppleving. Om mange kanskje er misnøgde med regelverket skal me alltid prøve å gi så god hjelp som mogleg. Det er ofte menneske i vanskelege situasjonar som kjem inn dørene hjå oss, det skal me ta på alvor, meiner Kristin og fortel at leiarjobben har vore ekstra krevjande det siste året.

– Det er ikkje lett å vite korleis ein kan vere ein god leiar over skjerm, ein skal halde kontakt, gjennomføre medarbeidarsamtalar og følgje opp, alt via teams eller telefon. Det var spesielt å sitje på kontoret 12. mars i fjor og sjå alle som gjekk over parkeringsplassen med stolar, skjermar og alt dei hadde behov for heime. No håpar eg me går mot lysare tider, slår Kristin fast.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden