På heimekontor: Vekslar mellom rollene

PÅ HEIMEKONTOR: Når ein har fire barn der fleire skulle vore på skulen, i tillegg til ein travel arbeidskvardag kan det by på litt utfordringar i tida som er nå. Magne Christiansen vekslar mellom å vere banksjef, lærar og småbarnsforelder.


Namn: Magne Christiansen

Bedrift: Sparebank 1 SR-Bank

Stilling: Banksjef Indre Haugalandet

Kvifor jobbar du frå heimekontor?

Grunnen til at eg jobbar frå heimekontor er for å sikra at ikkje alle på kontoret risikerer å bli smitta samtidig. Me har ein del som sit på heimekontor og me har bemanning tilstades på kontora. Desse tiltaka vil sikra oss mot at alle blir sjuke samtidig og at me må stenga ned heile kontoret. Skulle dei som sit fysisk på kontora bli ramma av viruset, har me moglegheit til å vaska ned lokala og setja inn nye folk.

Kvar jobbar du frå?

Det varierer litt. Kona mi også har heimemekontor, i tillegg har me fire barn i alderen to til ti år. Me har laga arbeidsstasjonar i kjellar og soverom der eg er mest, men eg sit av og til med ungane ved kjøkkenbordet dersom treng hjelp når dei gjer skulearbeid.

Korleis er det for deg å utføre arbeidet frå heimekontoret?

Det går relativt greitt, me har blitt veldig gode på å bruka nye metodar i arbeidet vårt. Ein del kan gjerast via telefon, skype og e-post. Dette brukar me i kommunikasjon med kundar og internt, og kundane våre har blitt veldig flinke til å nytta seg av dei gode løysingane me har på nettbank og mobilbank. Det siste nye me har tatt i bruk er nettmøte med kundane. Der loggar kundane seg inn med bankID og me kan dela skjerm med kundane og hjelpa dersom dei treng det.

Beskriv ein typisk dag på heimekontor

Det er å stå opp tidleg og få oversikt. Me har daglege skypemøter med alle tilsette kl 09.00. Me har også ein del interne skypemøter i løpet av dagen i tillegg til telefon-samtalar. Det blir ofte ein del «av og på», då me må hjelpa til med skulearbeid til ungane innimellom. Eg har eigentleg ikkje noko 8-4 jobb til vanleg, men eg ser at i desse tidene varer dagane lengre. Grunnen til det er at eg må ta igjen ein del på kvelden etter å ha brukt tid på ungane i løpet av dagen.

Har du hatt nokre utfordringar med heimekontoret?

Den største utfordringa er at eg som leiar ikkje får den vanlege «kontakten» med dei tilsette. Det blir ikkje heilt det same å bruka skype som det å sitja fysisk på same stad og snakka. Ein skal ikkje undervurdere det sosiale i det å møtast på jobben. Det trur eg også dei andre tilsette som sit på heimekontor kjenner på. Me er heldige som kan møtast på jobb kvar dag, noko eg trur at folk kjem til å setja enno større pris på etter denne perioden.

Har du oppdaga nokre fordelar?

Dersom eg får sitja i ro og fred og jobba frå heimekontor vil eg nok tru at eg kan jobba meir effektivt. Møte som til dømes tok ein time før opplever eg at kan bli gjort på vesentleg mindre tid på skype. Det gjeld også møter der ein må reisa til ein annan stad, kan ein spara mykje tid på å ta det på skype. Dette er også noko eg trur vil bli brukt i større grad i framtida, når folk har blitt vane med denne måten å jobba på.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden