Overraskande jobbmoglegheiter

Ida Herabakka søkte sommarjobb ulike stader i landet. Men bedrifta ho fekk napp hjå, var den nærast heime.


AdmMit i Sandeid var den heldige bedrifta som fekk Ida (20) som sommarvikar.

– Me fekk mange søknadar, noko som var veldig kjekt. At me valde Ida, er me svært nøgde med. Ho er ei driftig og sjølvgåande jente, seier Stian Furseth i AdmMit.

Då Ida søkte sommarjobbar tenkte ho først det ville bli i ein by. Det var i byane det var flest utlyste stillingar som ho kunne tenke seg. Då ho oppdaga Game of Skills og såg kva AdmMit søkte etter, heiv ho seg raskt rundt og søkte.

– Eg er meir glad i bygda enn byen, og det å få ein så relevant sommarjobb heime hadde eg ikkje sett føre meg, fortel 20-åringen frå Suldalsosen.

Ein viktig rekrutteringskanal 

Ida studerer informasjonsvitskap på Universitetet i Bergen. Der har ho eitt år igjen av bacheloren, før ho etterpå har lyst til å ta ein master innan anten informatikk eller informasjonsvitskap. Å flytte heim igjen er noko Ida alltid har sett føre seg, så å få sommarjobb på bygda var midt i blinken.

– Å flytte tilbake til bygda er noko eg alltid har tenkt på etter studiane. Å bli kjend med potensielle jobbar for framtida her, ser eg difor på som verdifullt, fortel Ida.

Image
– Me her på bygda er ikkje så synlege for studentane i dei store byane som ikkje er i det same miljøet som oss. Det å få ein inngangsport til studentane tidleg er viktig, seier Stian Furseth i AdmMit.

Furseth er einig med Ida, at å vise fram potensiale som ligg på bygda er viktig. Han meiner rekrutteringsprosjekt som Game of Skills er kome for å bli.

– Me her på bygda er ikkje så synlege for studentane i dei store byane som ikkje er i det same miljøet som oss. Det å få ein inngangsport til studentane tidleg er viktig, seier han.

– I AdmMit ser me på det å vera engasjert og interessert som viktige eigenskapar. Me er ein gjeng beståande av ein lærar, rektor, dekkselgar, sveisar, lastebilsjåfør og kokk. Å få framtidas arbeidstakarar her om somrane er då ein vinn-vinn situasjon, meiner han.

Utdanning i praksis

Hjå AdmMit skriv Ida kodar, og programmerer for å automatisera ulike oppgåver. Nå jobbar ho med datasett som ho skriv kodar til, blant anna time- og pauseføring. Når ho kjem på jobb klokka åtte om morgonen, set ho seg ned for å sjå om koden fungerer som den skal, og rettar opp i eventuelle feil.

Seinare i arbeidsperioden skal ho og vera med på rekneskap og løn.

Image
Å få sommarjobb heime var uventa, men midt i blinken for Ida.

Å få gjera det ho studerer i praksis, har gjort Ida enda tryggare på utdanningsvalet.

– Nå driv eg å vurderer kva det blir etter bacheloren, så det er ekstra kjekt å få prøva seg på sommarjobb for å sjå om det er noko eg likar, forklarar Ida.

Trivsel trass korona

Ida beskriv seg sjølv som ei jente som ikkje er den mest hyper-sosiale og som godt finn selskap i seg sjølv. Å studere trass korona har då gått nokså greitt for henne, men det har likevel bydd på utfordringar.

– Eg lærer nok betre av fysisk undervisning, og det er kjipt å miste så store deler av det sosiale fellesskapet ein får på studiet. Heimekontor har også vore utfordrande til tider, både i Bergen og heime.

 Å ha familien, naturen og sine næraste venner rundt seg har vore det viktigaste for Ida i korona-tida. Utanom eksamensperiodane, brukte ho difor mykje tid heime. Eksamensperiodane trengte ho å ha i Bergen for å kunne styre ståket litt meir sjølv.

– Heime bur det jo fleire, så å ha det stilt rundt meg når eg treng det, er ikkje alltid like enkelt der, fortel Ida og smiler. 

Å få sommarjobb heime var uventa, men midt i blinken for Ida. Både ho og Furseth håpar på meir fokus rundt næringslivet på bygda framover. 

– Alle bedrifter er avhengige av arbeidskraft i åra som kjem, men om me ikkje set eit større lys på moglegheitene som er her, kjem ikkje nok potensielle arbeidstakarar heim igjen, understrekar Furseth.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden