Opplever stor auke

Etter at MCE I Etne begynte med påbyggarbeid har dei opplevd ein markant auke det siste året. I fjor leverte dei om lag 20 påbygg, og i år ser det til at dei kan nå 30 påbygg innan året er omme.


Dagleg leiar, Eldar Tranøy. Foto: Kristian Risanger

- Det begynte med nokre få påbygg i 2012, som var krevande nok, men det har skjedd mykje sidan den gong. Me ha tilsett mange nye folk. Spesielt bra er det at me henta inn mange unge lokale ressursar, som har vore med å forma korleis avdelinga og arbeidsprosessane er blitt. Det har gjort at me kan produsera mykje meir effektivt, fortel dagleg leiar i MCE AS, Eldar Tranøy.

MCE i Etne begynte med påbygg i 2012, då var det berre ein liten del av bedrifta. Nå utgjer påbyggavdelinga rundt 40 prosent av omsetninga til produksjonsbedrifta.

- Det er veldig kjekt at me får til noko slikt her i Etne. Me er ein god gjeng som jobbar og står på. Hadde det ikkje vore for alle dei flinke arbeidarane som er her så hadde det ikkje gått, understrekar avdelingsleiar i påbygg, Daniel Holten.

Han trekk fram at det viktigaste for dei er å levera det dei skal til rett tid og med den beste kvaliteten som mogleg, noko som viser igjen i leveransane. Kvalitet har også deira viktigaste leverandør, Suldal Billakkering AS bidratt til. Med høg kvalitet og service på overflatebehandling bidreg dei til at bedrifta i Etne nå leverer til heile landet.

Avdelingsleiar for påbygg, Daniel Holten. Foto: Kristian Risanger

- Påbygg nummer 200, som er i ferdigstilling nå, skal leverast til Holmskau Cargo som held til i Østfold, fortel Holten. Dette er den fjerde bilen me leverer til denne kunden, og det er faktisk ei ny bestilling frå dei til neste år. Ellers leverte me i førre veke ein ny hengar til Bergen i tillegg til Alta og Hammerfest tidlegare i år, men det er helst til Østlandet me leverer, fortel Holten.

I dag markerte MCE at påbygg nummer 200 er ferdig. Dei inviterte kjente og samarbeidspartnarar til Etne for pølse og kaka.

- Det at me har komne der me er nå, at me leverer vårt tohundrede påbygg hadde ikkje vore mogleg utan dei flinke ressursane som jobbar i avdelinga her. Særleg Daniel Holten, som er avdelingsleiar i påbygg plan og kran, har spela ei avgjerande rolle her, avsluttar Tranøy.

MCE er ein produksjonsbedrift som blei etablert i 2001 og er lokalisert på Tongane industriområde i Etne kommune.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden